Regjeringa legg no fram forslag om alle skal få tilbake 80 prosent av den straumen som kostar over 70 øre for kilowattimen.
– No utvidar vi straumpakken og sikringsordninga, seier olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap), til NRK.
Medan folk i desember fekk tilbake 55 prosent av straumen over 70 øre. Regjeringa har fått kritikk frå fleire hald på at det var for svakt.
No svarar dei med å auke dette til 80 prosent, noko som kan gje utslag på fleire tusen kroner for dei med høgast rekning.
– Den sikringsordninga vi la fram i desember gav tilbake igjen 55 prosent over 70 øre, den aukar vi no slik at folk i januar, februar og mars får att 80 prosent av det over 70 øre, seier Mjøs Persen.
For dei fleste blir «regjerings-rabatten» rekna av på nettleiga på fakturaen. Slik vil støtten slå ut:
- Ein einebustad med årleg forbruk på 27.000 kWh vil få 2463 kroner i stønad for januar, basert på ein kraftpris på 143 øre per kilowattime
- Ei leilegheit med årleg forbruk på 11.000 kWh vil få 1004 kroner i stønad for januar, basert på ein kraftpris på 143 øre per kilowattime
Framleis makstal i månaden
SV er nøgde med at regjeringa no aukar straumstøtta for vanlege hushaldningar.
– SV kom med forslag om å auke straumstøtta ytterlegare alt i forhandlingane før jul. Regjeringa burde høyrd på oss då, men det er bra at dei gjer det no, seier SV-leiar Audun Lysbakken.
Slik blir den nye ordninga om regjeringa får fleirtal i Stortinget:
- Stønaden i den midlertidige ordninga går frå 55 til 80 prosent
- Den nye ordninga vil gjelde ut mars
- Makstalet vil framleis vere på 5000 kilowattimar i månaden
- Denne versjonen vil koste 4 milliardar kroner ekstra, i tillegg til 5,5 milliardar for den førre ordninga
– Krevjande å handtere
Lysbakken i SV meiner at betra kompensasjon berre må vere første steg på vegen.
– No vil vi utfordre regjeringa om å ta kontroll over kraftmarknaden, så slike skyhøge prisar ikkje råkar Noreg igjen, seier SV-leiaren.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum meiner at regjeringa no svarar på kritikken dei har fått.
– Vi får no tilbakemelding frå folk om at dei høge rekningane er krevjande å handtere. Då ønskjer vi å gjere kvardagen litt mindre vanskeleg, seier Vedum.
– Framleis ikkje nok
Sofie Marhaug (Raudt) meiner at terskelen på 70 øre er for høg, ho peikar på at gjennomsnittleg straumpris dei siste tiåra er i overkant av 30 øre.
– Endeleg begynner regjeringa å forstå alvoret av straumkrisa. Det er bra at den statlege andelen aukar, men det er framleis ikkje nok, seier Marhaug.
Også KrF reagerer på det nye forslaget frå regjeringa. Dei meiner at det må til enda fleire tiltak for dei som slit mest med konsekvensane av dei høgre rekningane.
– Her forventar eg at regjeringa leverer, seier Kjell Ingolf Ropstad i KrF.
Høgre er positive
Tina Bru i Høgre meiner at det viktigaste er at regjeringa no kjem med ein pakke som er meir omfordelande.
– Det viktigaste for Høgre er at folk får rask og god hjelp i ein heilt ekstraordinær situasjon. Vi er difor positive til dette forslaget, seier Bru.
Framstegspartiet meiner at regjeringa sine tiltak trass dette ikkje er gode nok. Dei meiner at regjeringa no nedprioriterer støtte til industri og næringsliv.
– Staten og kraftkommunane vil truleg framleis håve inn ekstrainntekter på dei skyhøge straumprisane, medan vanlege folk kun vil få litt større smuler tilbake igjen frå det offentlege, seier Frank Sve i FrP.