Hopp til innhold

Politimann skaut vådeskot gjennom buksa til kollega

«Han førte fingeren ned i våpenhylsteret til en politikollega og foretok avtrekk med kollegaens tjenestevåpen», står det i avgjerda til Spesialeininga for politisaker. Paradoks: Det skjedde under diskusjon om vådeskot.

Bevæpnet politi

TRE GONGER: Politifolk har avfyrt vådeskot tre gonger frå kollega sitt hylster. – Klønete og tankelaust, seier sjefen for Spesialeininga for politisaker.

Foto: Håkon Jacobsen / NRK

Det skriv Spesialeininga for politisaker:

«Handlingen ble foretatt i sammenheng med en samtale/diskusjon om vådeskuddsaker og polititjenestepersonen skulle ved handlingen demonstrere et diskusjonspoeng for flere kolleger.»

Pistolen gjekk av og prosjektilet gjekk rett gjennom buksebeinet til kollegaen i ned i gulvet. Til alt hell vart ingen skadd.

Spesialeininga: Var uforsiktig

Hendinga skjedde på Sauda lensmannkontor i august i fjor i dåværande Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Spesialeininga for politisaker har gitt politimannen eit førelegg på 8.000 kroner. Dei meiner han har behandla våpenet uforsiktig:

«Han hadde før han tok avtrekket ikke forsikret seg om at våpenet ikke var ladd.»

Politimannen har vedteke førelegget.

Har skjedd to gonger tidlegare

Ein liknande episode skjedde på lensmannskontoret i Namsos og Fosnes den 20. november i fjor. Men den gongen førte vådeskotet til alvorleg skade på kollegaen – som vart skoten i foten.

Politimannen skulle ifølgje Spesialeininga «vise eller prøve noe på hennes tjenestepistol mens den var i hylstret som hun bar på hoften. Han stilte seg bak henne og det neste hun husker er at det sa "pang" og at hun lå på gulvet og hadde "virkelig vondt" i høyre leggen,» står det i vedtaket ifølgje VG.

Politimannen fekk ei bot på 12.000 kroner.

Også på Gjøvik politistasjon skjedde det same – i august i fjor: «Prosjektilet gikk skrått ned i betonggulvet, før det rikosjetterte opp og inn i gipsveggen bak kontorpulten. Fra gipsveggen gikk kulen videre og traff D i baken. D har forklart at det kjentes ut som et "knips" i det kulen traff ham og han fikk ikke noe merke», står det vedtaket til Spesialeininga.

– Klønete og tankelaust

Sjefen i Spesialeininga for politisaker, Jan Egil Presthus, seier til NRK at dei ser alvorleg på desse sakene.

– Det bryt med den våpenkulturen som politiet sjølv prøver å tilstrebe – nemleg streng våpenbehandling. Det bryt med politiet sine eigne tryggleiksreglar for behandling av våpen. Det er klønete og tankelaust, seier Presthus til NRK.

Alle hendingane skjedde i høve diskusjon om skot som gjekk av på Stavanger politistasjon i juli i fjor. Då hoppa ein mann over disken i politivakta, og klarte å avfyre eit skot med pistolen til ein politibetjent. Våpenet var i hylsteret.

AKTUELT NÅ