Ifølgje tidlegare politimeister i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Steinar Langholm, var det ein skyteepisode inne på politihuset i Stavanger som var bakgrunnen for vådeskotet i Sauda, som NRK i dag kunne fortelja om.
- Les òg:
Tysdag 28. juli i fjor hoppa nemleg ein 24 år gamal mann over skranken i Stavanger og fekk fyrt av eit skot frå ein polititenestemann sitt våpen. Skotet blei fyrt av medan våpenet framleis var i hylsteret.
Eksperimenterte med våpenet
Det var dette som blei diskutert på lensmannskontoret i Sauda ti dagar seinare.
– Dei diskuterte om vådeskot frå hylster i det heile tatt var mogleg med bakgrunn i det som skjedde i Stavanger, fortel Langholm.
For å finna dette ut valde dei å gjennomføra eit eksperiment, som Langholm kallar det.
– Dei tok ammunisjonen ut av eit våpen og prøvde kor vidt det var mogleg å ta handa nedi og fyra av. Så skjedde det noko som gjorde at alle blei opptekne. Han som hadde det uladde våpenet tok ammunisjonen tilbake, forklarar Langholm.
- Les òg:
SAUDA LENSMANNSKONTOR: Det var her på lensmannskontoret på Sauda at eit vådeskot blei fyrt av i august i fjor.
Foto: Google mapsUforsiktig omgang med våpen
Alle hadde likevel ikkje fått med seg at våpenet nå var ladd.
– Politimannen med våpenet som hadde blitt brukt under eksperimentet sjekka sambandet sitt, då ein annan kom og stakk handa ned i hylsteret og fyrte av. Han hadde ikkje fått med seg at våpenet i mellomtida hadde blitt lada opp.
– Kor alvorleg er dette?
– Det er uforsiktig omgang med skytevåpen. Ein skal aldri fyra av eit våpen utan å vera sikker på at det ikkje er ammunisjon i kammeret, seier Langholm.
Politimannen har nå fått eit førelegg frå Spesialeininga for politisaker på 8.000 kroner for å behandla våpenet uforsiktig.
- Les òg:
Tre liknande hendingar
Etter den mellombels væpninga av politiet trådde i kraft har det skjedd tre liknande episodar der politifolk har fyrt av vådeskot frå kollega sitt hylster.
- Les òg:
- Les òg:
Sjefen i Spesialeininga for politisaker, Jan Egil Presthus, seier til NRK at dei ser alvorleg på desse sakene. Langholm seier at dei tok tak etter hendinga i Sauda.
– Me skjerpa inn rutinane når det kom til handsaming av våpen, seier han til NRK.no.
3. februar var det slutt på den mellombelse væpninga av politiet.
BASKETAK: Her på politihuset i Stavanger blei det dramatisk tysdag kveld 28. juli 2015. Ein mann hoppa over politiskranken, og hamna i eit basketak med fleire polititenestemenn. I basketaket fekk han ei hand ned i hylsteret til ein av polititenestemennene og fyrt av eit skot. Ingen blei skadde.
Foto: Mathias Oppedal / NRK