Hopp til innhold

Investerer for 235 millionar i stråleutstyr i nord og vest

Snart står flunkande nye strålemaskinar til kreftbehandling klare til bruk i Tromsø, Bergen og Stavanger. For pasientane betyr det eit større håp om å bli friske, raskare behandling og mindre biverknader.

Tromsø, Bergen og Stavanger får nye strålemaskinar

Sjukehusa i Tromsø, Bergen og Stavanger brukar 235 millionar på nye strålemaskinar til kreftbehandling. Oslo, som har ei av dei største strålingsterapiavdelingane i verda, må dei ta til takke med gamle og utdaterte maskinar.

Foto: NRK / Scanpix / Montasje

Dei tilsette ved kreftavdelinga i Oslo fortvilar over at dei ikkje får pengar til å byta ut gamle og umoderne stråleterapimaskinar til behandling av kreftpasientar.

I Tromsø, Bergen og Stavanger har dei nyleg investert for fleire hundre millionar i nye strålemaskinar. I løpet av 2011/2012 vil dei ha to splitter nye maskinar kvar til å gje strålebehandling mot kreft.

– Me kjenner oss veldig luksuriøst stilte samanlikna med Austlandet. Radiumhospitalet har jo hamna heilt i bakleksa når det gjeld stråleterapi, seier Anfinn Mehus, sjeffysikar ved avdeling for Kreftbehandling ved Haukeland Universitetssjukehus i Bergen

Mindre effektiv behandling

I Stavanger har nyinvesteringane kosta 100 millionar. I Bergen har dei brukt 75 millionar og i Tromsø 60 millionar på nye stråleterapimaskinar og naudsynte innreiingar relatert til dette.

– Med desse nye maskinane har me høve til å utføra ny og moderne behandling som dei ikkje kan i Oslo. Det er trist, når det er Oslo som skal vera flaggskipet for strålebehandlinga her i landet, meiner Mehus i Bergen.

Stråleterapimaskinar har ei normal levetid på 10–12 år. I Stavanger var det på høg tid med nytt stråleutstyr, fortel divisjonsdirektør Hans Tore Frydnes ved Stavanger Universitetssjukehus.

– Begge maskinane var frå 1997 og rimeleg utslitne. Me brukte så mykje tid på vedlikehald og reparasjonar at det på sikt ville ført til behandlingskøar og mindre presis stråling, seier Frydnes.

– Oslo og u-land

I Oslo har dei fleire strålemaskinar som er like gamle, eller eldre enn maskinane som no blir erstatta ved dei andre universitetssjukehusa. Oslo-sjukehusa har ikkje investert i nye strålemaskinar sidan Nasjonal kreftplan (1997-2006).

Dei tilsette ved Radiumhospitalet fortel om utslitne maskinar som bryt saman og som manglar moderne teknologi for å gje pasientane ei så effektiv behandling som mogleg.

Einar Waldeland, medisinsk fysiker ved OUS

Det står svært dårleg til med utstyr for strålebehandling mot kreft i Oslo, ifølgje Einar Waldeland ved Kreftklinikken til OUS.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

– Det er berre u-land som nyttar så gamle maskinar som oss, seier medisinsk fysikar ved Kreft-, kirurgi- og transplantasjonsklinikken på OUS, Einar Waldeland.

Også i Tromsø, ved Kreftavdelinga til Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN), er slitasjen på dei fire stråleterapimaskinane stor og utstyret dreg på åra.

Før utgangen av 2012 skal avdelinga difor byta ut to av sine fire stråleterapimaskinar. Dei to andre blir oppgraderte med moderne tilleggsutstyr.

– Med desse nye maskinane og oppgraderingane kan me gje kreftpasientane meir presis og skreddarsydd stråling, fortel Tone Nordøy som er leiar for Kreftavdelinga ved UNN.

Raskare ferdig og mindre kvalm

Samanlikna med gamle maskinar, har dei nyaste maskinane presisjonsteknologi som reduserer strålingsskadane på friskt vev rundt kreftsvulsten.

Kreftspesialistane kan med desse gje høgare stråledosar mot kreftsvulsten, og på den måten auka sannsynet for å ta knekken på sjukdomen.

– Ja det er jo det som er hovudmålet. I tillegg vil presis stråling føra til mindre kvalme og andre biverknader for pasienten, opplyser sjefstråleterapeut ved Kreftavdelinga i Tromsø, Petter Pettersen.

Ifølgje avdelingsleiar Nordøy vil avdelinga også kunne behandla fleire pasientar no når dei får inn nytt utstyr.

– Dei nye maskinane opnar for presis og skreddarsydd strålebehandling som krev mindre arbeid og planlegging i forkant. Også tida det tek å strålebehandla kvar pasient vil bli vesentleg kortare, dermed vil me få pasientane raskare gjennom, fortel Nordøy.

600 millionar i 2018

Sjølv om fordelane med dei toppmoderne strålemaskinane er mange, må Universitetssjukehuset i Oslo ta til takke med mykje gamalt utstyr. Tre av maskinane har allereie gått ut på dato, og den eldste er heile 18 år gammal.

Investeringstørken ved Kreftavdelinga på OUS har så langt ført til eit etterslep på 100 millionar. I 2018 passerer alle stråleterapimaskinane normal levetid. Då vil sjukehuset stå overfor ei totalinvestering på minst 600 millionar kroner.

Investeringane og opprustingane på strålemaskinane i Tromsø blir gjort over to år. Avdelingsleiar Nordøy seier det er viktig at utskiftinga skjer gradvis.

– Skulle me ha byta ut alle på ein gong, kunne me ikkje ha gjeve strålebehandling på fleire månader. Det er eit tungt maskineri som skal installerast gjennom ein langdryg prosess. Dessutan er snakk om store pengesummar, seier Nordøy.

Milliardunderskot i Helse Sør-Øst

At Helse Nord har eit budsjett som er i balanse, er ifølgje kreftavdelingsleiaren i Tromsø mykje av årsaka til at dei har fått lov til å kjøpa inn nytt utstyr til kreftbehandlinga.

I Helse Sør-Øst er situasjonen ein heilt annan, særleg fordi OUS hamna i eit økonomisk uføre etter samanslåinga i 2009. Det har resultert i milliardunderskot og omfattande spareplanar.

Waldeland ved OUS meiner den trøblete sjukehussamanslåinga er årsaka til at nye investeringar i kreftbehandlinga uteblir.

– Etter at samanslåinga blei eit faktum, er det berre utstyr som bryt saman som blir reparert, oppgradert eller erstatta, fortel Waldeland.

– Ikkje full stopp

Fagdirektøren ved OUS, Einar Hysing, avviser at det er innført ein investeringsstopp for nye strålemaskinar som følgje av omstillinga til OUS.

– Investeringstørken er ikkje ein konsekvens av samanslåinga. Pengestraumen til teknisk medisinsk utstyr har i mange år har vore mindre enn det som er naudsynt, men det er ikkje snakk om full stopp, seier Hysing.

Han påpeikar at det vil kosta langt mindre å fornya maskinparken i Tromsø, som har fire strålemaskinar, enn Oslo som har 17 totalt.

– Men det er sjølvsagt ønskeleg frå vår side å kontinuerleg fasa inn nyare og betre maskinar, legg Hysing til.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger