Hopp til innhold

Manglar meir enn 100 kreftlegar

Helsedepartementet har ingen talfesta målsettingar for å få fleire kreftspesialistar i arbeid. Overarbeidde kreftlegar fryktar milelange behandlingskøar for pasientar som svevar mellom liv og død.

Kreftbehandling

Noreg har ein kritisk mangel på kreftspesialistar, men Helsedepartementet har ingen talfesta målsettingar for å få på plass dei over hundre kreftlegane me manglar.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Video Lange køer for kreftpasienter

Therese-Louise Colohan Valseth tapte kampen mot kreftsjukdomen etter å ha venta på behandling i ti veker.

Foto: Nyhetsspiller

Talet på nordmenn som får kreft aukar, og køane er lange for både undersøking og for behandling.

Regjeringa lovar meir pengar til diagnostisering av kreft, men pasientane som får ein kreftdiagnose risikerer berre å bli sitjande fast i ein ny flaskehals: behandlingskøen.

Therese-Louise Colohan Valseth (32) døydde nyleg etter å ha venta i 2,5 månader på kreftbehandling. Ho blir bisett i dag, og eitt av hennar siste ønske var at andre i framtida skulle sleppa å li hennar lagnad.

– Det er ventetida frå diagnostiseringa til behandlinga som er proppen i systemet. Eg håpar for andre sin del at ein får på plass ein lovfesta rett til behandling. Dei legane som finst er flinke, men dei er så altfor få, sa Valseth til NRK kort tid før ho gjekk bort.

Manglar minst 100 kreftlegar

Årleg døyr 10 500 menneske av kreft i Noreg. Meir enn 60 prosent av desse døyr innan eitt år frå diagnosetidspunktet, ifølgje Kreftregisteret. Rask behandling er avgjerande for å unngå at kreften blir ulækjeleg, difor er mangelen på kreftspesialistar i Noreg kritisk.

Helsedepartementet har likevel ingen talfesta målsettingar for å få opp talet på kreftlegar.

– Det er ein tidkrevjande prosess å utdanna spesialistar. Kvantitet må aldri gå utover kvaliteten, seier Robin Kåss, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

Me burde hatt minst 350 onkologar (kreftlegar) i Noreg, og det er eit snilt estimat, seier Andreas Stensvold, som er kreftlege og styreleiar i Norsk onkologisk forening, ei undergruppe i Legeforeningen.

Andreas Stensvold

- Me slo alarm for seks-sju år sidan om eit stort behov for kreftspesialistar, seier Andreas Stensvold, leiar i Norsk onkologisk forening.

Foto: Maria Nakken / NRK

Det er over hundre fleire enn dei 240 onkologane som finst i Noreg i dag.

– Me som er onkologar merkar mangelen ekstremt godt. Me jobbar 50-60 timars veker for å behandla så mange kreftpasientar som råd. Likevel hopar det seg opp lange køar, fortel Stensvold.

Dette arbeidspresset vil berre auka i åra som kjem. Ifølgje kreftlegen er det venta at talet på kreftpasientar i Noreg vil auka med 20 prosent i løpet av dei neste 20 åra.

Satsingsområde for regjeringa

Styresmaktene kjenner til den kritiske situasjonen, og lovar at kreftkøane skal bli kortare.

– Me er klare over at det trengst mange fleire onkologar og patologar i Noreg, og behandling av kreft er eit satsingsområde for regjeringa. Behovet for kreftspesialistar kjem også til å auka i takt med at folk lever lenger og at behandlingsmetodane blir betre, seier Kåss i Helsedepartementet.

I fjor blei det utdanna 11 kreftspesialistar, eller såkalla onkologar i Noreg. Ifølgje Norsk onkologisk forening trengs det 25-30 nye onkologar i året for å dekkja behandlingsbehovet.

I budsjettforslaget for 2012 har regjeringa føreslått å bruka rundt 1,4 milliardar kroner på pasientbehandling generelt. Det er ein vekst på 1,4 prosent frå summen som er sett av i år. Onkologi ligg innanfor denne totalramma, og får ikkje øyremerkte midlar.

– Men regjeringa vil be sjukehusa om å prioritera ressursar til kreftbehandling, opplyser statssekretær Kåss.

Vekk med flaskehalsane

Robin Kåss

Robin Kåss er statssekretær (Ap) i Helsedepartementet.

Foto: NRK

Helsedepartementet gav i mai i år Helsedirektoratet i oppdrag å gå gjennom heile spesialistutdanninga for legane, for å luka ut flaskehalsar, auka effektiviteten i studieløpet, avdekkja eventuella manglar og sikra at innhaldet i utdanninga er relevant.

Gjennomgangen av utdanningsløpet vil ta tid, og Kåss kan ikkje gå god for at utgreiinga vil få fleire kreftspesialistar i arbeid på rekordtid.

Han påpeikar at det å rekruttera fleire kreftspesialistar berre er eitt av fleire tiltak for å få ned dei lange kreftkøane.

– Me må også få vekk flaskehalsar i systemet, og vera meir kritiske til korleis me brukar dei fagfolka me har i dag. Samarbeidet mellom spesialisthelsetenesta og kommunane må til dømes bli betre, slik at ikkje kreftlegar blir sette til å utføra kontrollar, lindrande behandling og andre oppgåver som den kommunale helsetenesta kan gjera vel så bra, seier Kåss.

Ropa varsko for sju år sidan

Stensvold i Norsk onkologisk forening er oppgitt, og lét seg ikkje begeistra av det han meiner er altfor vage lovnader frå Kåss og Helsedepartementet.

– Det er ikkje slik ein får fleire onkologar. Politikarane må begynna å prioritera utdanninga av kreftlegar – eit problem som dei lenge har forsømt,seier han.

Foreininga slo alarm for seks-sju år sidan om eit stort behov for kreftspesialistar.

Stensvold meiner det heile er eit spørsmål om økonomi, og meiner politikarane må løyva meir pengar til spesialistutdanninga i legeyrket.

– Spesialistutdanninga må få meir øyremerkte pengar. Det må også sjukehusa, som i dag ikkje har råd til å oppretta stillingar, seier kreftlegen.


AKTUELT NÅ