NRK beklagar: Nav omgjorde vedtak om at kvinne måtte operere bort livmor

Nav avslo søknad om uføretrygd frå kvinne med diagnosen endometriose dersom ho ikkje operertre bort livmora. Nav omgjorde vedtaket etter at kvinna klagde.

Illustrasjonsbilder: NAV

OPERASJON: Nær to tusen kvinner har samla seg i ein aksjon på Facebook, etter at kravet om operasjon – som fører til sterilitet – skal ha gått til kvinner heilt nede i 20-åra.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

NRK beklagar: Etter at Nav fatta vedtaket om at ei kvinne måtte fjerne livmora for å få uføretrygd, klagde kvinna på vedtaket. Nav gjorde då ei ny konkret vurdering av fordelar og ulemper ved ein operasjon. På bakgrunn av denne vurderinga konkluderte Nav med at dei ikkje kunne krevje operasjon som ein føresetnad for å oppfylle vilkåra for uføretrygd. Klagen blei behandla, og eit nytt vedtak blei fatta, før NRK publiserte si første sak. NRK kjende ikkje til det nye vedtaket før etter at saka blei publisert. NRK skreiv også at ei anna kvinne hadde fått same type krav munnleg. NRK har ikkje dokumentasjon på dette.

Nær to tusen kvinner har samla seg i ein aksjon på Facebook, etter at kravet om operasjon – som fører til sterilitet – skal ha gått til kvinner heilt nede i 20-åra.

– Det er faktisk kastrering! seier Elin Aase, ho er ei av kvinnene bak ei Facebookgruppe for endometriose-pasientar med over 1800 kvinner medlemer.

Elin Aase

Elin Aase er ei av kvinnene bak ei Facebookgruppe for endometriose-pasientar.

Foto: Privat

– Dersom du for eksempel er 25 år, og får ei slik beskjed, rasar livet ditt på mange måtar saman. Då forsvinn moglegheita til å få familie, om du ikkje har barn frå før.

Elin Aase lir sjølv av endometriose – som er vev på avvegar i kvinna sitt underliv. Det kan gi store smerter, så ille at mange ikkje klarer å delta i arbeidslivet. Ho fortel om ei av kvinnene ho er i kontakt med

– Ho må gjennomføre dette for at ho framleis skal få stønad frå Nav. Saksbehandlaren sa at ho kunne få forlenga stønad dersom ho fjerna livmor, eggstokkar og eggleiarar. Det er heilt horribelt. Det at ho må gjere dette. Ho er 28 år.

– Ufatteleg

Dette ser ikkje til å vera unikt. NRK har fått tilgang til et vedtak frå Nav:

«Du er diagnostisert med endometriose. Nav ser at lidelsen påvirker funksjonsevnen i en slik grad at inntektsevnen din er nedsatt i dag. Ifølge sakens medisinske opplysninger fra din fastelege og spesialist i gynekologi, foreligger det imidlertid fortsatt behandling i form av hysterektomi som er vurdert som hensiktsmessig for deg å gjennomføre».

Hysterektomi betyr fjerning av livmor. Kvinnen har klaga på vedtaket som innebar avslag på uføretrygd, og klaga er no til behandling.

Fredag, etter publisering, blei NRK gjort merksam på at kvinnens klage er behandla, og at Nav har omgjort vedtaket.

Det opprinnelege Nav-vedtaket set ein støkk i nestleiaren i helse- og sosialkomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe frå Senterpartiet.

– Det er heilt ufatteleg at Nav kan setje slike krav til ein økonomisk stønad, at dei kan krevje at ein skal fjerne eit organ, og særleg når det kan føre til at kvinner blir sterile i ung alder. Det er veldig overraskande, og kan ikkje forstå at Nav kan setje slike krav.

Intervjuet med Toppe blei gjort før det vart kjent at Nav hadde omgjort vedtaket.

I Nav svarer ytingsdirektør Kjersti Monland slik:

Kjersti Monland, ytelsesdirektør i NAV

Ytingsdirektør i Nav, Kjersti Monland, seier dei har heimel i lovverket til å krevje den behandlinga som er naudsynt for at brukarar skal kunne kome tilbake i arbeid.

Foto: Eivind Skifjeld / NAV

Vi kjenner ikkje enkeltsaker, og er ikkje fritekne frå teieplikta i enkeltsaker som gjer at eg kan kommentere på det. Men vi kan krevje den medisinske vurderinga som gjer at arbeidsevna blir betra eller halde ved lag. Det er grunnlaget. Og i nokre tilfelle kan vi krevje operasjonar fordi lovverket ikkje skil mellom ulike diagnosar. Vi er avhengige av å vurdere om det er mogleg å kome tilbake til arbeid og skaffe seg eiga inntekt.

Nav har med andre ord heimel for å krevje behandlingar som kan betre situasjonen, også kirurgi. Dersom brukaren opplever behandlingen som særlig byrdefull, skal dette være med i den konkrete vurderinga.

Fredag ettermiddag sendte NAV ut pressmelding, der dei understreker at det ikkje er et generelt krav at kvinner med endometriose opererer ut livmora for å bli vurdert for uføretrygd.

Etter å ha sendt ut pressmeldinga seier ytingsdirektør Kjersti Monland følgande til NRK:

– Vi er sjølvsagt uroa og lei oss for at informasjonen ikke når ut til disse kvinnene, Nav fattar ikkje vedtak om at fertile kvinner må fjerne livmora for å få ytingar frå Nav. Det er viktig at kvinner som meiner at vedtaket dei har fått frå Nav er feil, klager på dette, seier Monland.

Leiaren for rådet for legeetikk i Legeforeningen, Svein Aarseth, seier han er forbausa over at Nav først krevde ei slik behandling.

– Ein slik operasjon har store konsekvensar, og det er ingen garanti for at kvinner kjem tilbake i arbeid etter ein slik operasjon.

Han seier at legar kan gi råd om kva behandlingar ein pasient bør velje for å bli betre, men det er pasienten sjølv som skal ha det siste ordet.

Intervjuet med Aarseth blei gjort før det var kjent at vedtaket blei omgjort.

Varslar gjennomgang

NRK fortalde for ei veke sidan historia om flygaren i Widerøes som sleit med gallestein. Forsikringsselskapet kravde at han let seg operera for å koma seg i arbeid. Men han nekta, og fekk utbetalt forsikringspengar. I Nav er det slik at om du nektar operasjon, risikerer du avslag på søknad om arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd.

Det reagerer Kjersti Toppe sterkt på:

Kjersti Toppe

Nestleiaren i helse og sosialkomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe (Sp), meiner Nav tolkar lovverket for strengt når dei krev at kvinne skal la seg operere for å kunne få økonomisk stønad.

Foto: Mimsy Møller / Samfoto

Då tek ein ikkje omsyn til at det også er knytt ein risiko til operasjonar. Ingen kan tvingast til å ta ei behandling. Det skjer når Nav tolkar dagens regelverk på denne måten. Då må vi få ei evaluering av heile lova og forskriftene på dette punktet. Eg meiner konsekvensane er uakseptable for pasientane.

Om ikkje lenge skal også Elin Aase søkja om uføretrygd. Dersom Nav krev om operasjon, varslar ho rettssak.

– Eg meiner vi burde fått ein dom på dette frå domstolane i Noreg som Nav har å rette seg etter etterpå. Kvifor skal vi som kvinner godta å bli kastrert for å sikre oss sjølve ei økonomisk framtid?