Hopp til innhold

Nav-undersøking: Dei yngste i klassen tek oftare imot stønad frå Nav

Ei ny undersøking frå Nav viser at born som er fødde seint på året oftare får hjelpestønad enn andre born – dette er fordi dei oftare får diagnosen ADHD.

KLasserom

YNGST I KLASSEN: Nav trur at samanhengen mellom når bornet er fødd og om dei tek imot hjelpestønad handlar om å vere yngst i ein skuleklasse.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Av dei som er fødde seint på året, får 34 prosent fleire hjelpestønad frå Nav enn dei som er fødde tidleg på året.

Det seier Ivar Lima, forskar i Nav.

Nav publiserte onsdag ei undersøking som viser at born som er fødde seint på året oftare tek imot hjelpestønad, ei økonomisk støtte som vert gitt til foreldre med born som krev særskild tilsyn og pleie, mellom anna på grunn av sjukdom.

– Denne samanhengen vert særleg tydeleg når borna byrjar på skulen. Det er grunn til å tru at dei yngste borna er meir umodne enn dei eldre borna i ein klassesituasjon, og dei har ein oppførsel som gjer at dei oftare får ein diagnose. Det er 51 prosent fleire desemberborn som får ein ADHD-diagnose enn dei som er fødde i januar, seier Iver Lima.

Nav anslår at det er om lag 200 born i året som tek imot hjelpestønad, og seinare arbeidsavklaringspengar, fordi dei er fødde seint på året.

Ivar Lima, forskar

STERK SAMANHENG: – Sjølv om talet på born som tek imot hjelpestønad er lite, er samanhengane mellom når på året bornet er fødd og innvilga hjelpestønad sterke, seier Ivar Lima, ein av forskarane bak undersøkinga.

Foto: NAV

Forskjell på gutar og jenter

Undersøkinga vart gjort på 820.500 born som vart fødde i Noreg i perioden 1983–1997. Jamt over har talet på born som tek imot hjelpestønad auka gjennom heile perioden – men forskjellen på born som er fødde tidleg på året og dei som er fødde seint på året var lik.

Samanhengen mellom når på året barnet er fødd og om dei tek imot hjelpestønad gjeld begge kjønn, men det er dobbelt så mange mottakarar blant gutane som blant jentene.

– Vi veit ikkje sikkert kvifor det er slik, men vi trur at umodne gutar oftare har ein oppførsel som vert oppfatta som ADHD-symptom. Dei er ofte meir urolege, og har vanskelegare for å konsentrere seg i ein klassesituasjon enn kva umodne jenter har, seier Lima frå Nav.

– Bør foreldre med born som er fødde seint på året og som skal byrje på skulen no, vere bekymra?

– Nei, det synest eg ikkje. Dei aller fleste desemberborn er modne nok til å byrje på skulen som normalt. Denne samanhengen gjeld berre eit mindretal.

– Spelar ei rolle for psykisk helse

Direktør Camilla Stoltenberg for Folkehelseinstituttet seier at funna i NAV-rapporten samsvarar med ein tidlegare publisert studie ho har jobba med.

– Studien viste at det er større sjanse for å få ADHD-diagnose hvis du er fødd seint på året. Det er eit funn ein også har gjort i andre land.

Inneber det at borna feildiagnostiseres?

– Vi veit ikkje om nokon blir feildiagnostiserte. Men det å vera umoden i høve til jamnaldrande er ein del av diagnosen så i prinsippet er det ikkje feil, berre ein del av vurderinga.

Saman med Stoltenbergutvalet leverte ho ei utgreiing til Kunnskapsdepartementet i år om kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar, og kva som kan gjerast med dei.

– Eg tilhøyrer den delen av utvalet som vurderte det som sannsynleg at born si utvikling spelar ei rolle for korleis det går med dei på skulen. Ikkje berre når det kjem til prestasjonar, men også sosialt, når det gjeld psykisk helse og kva følgjer det får for dei seinare i livet.

Camilla Stoltenberg

FORSKJELL PÅ GUTAR OG JENTER: Camilla Stoltenberg kom tidlegare i år med forslag til tiltak som kan hindre kjønnsforskjellar i skulen.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Større sjanse for arbeidsavklaringspengar og uføretrygd

I tillegg til å ha større sjanse for å få hjelpestønad som born, er det òg ein samanheng mellom når på året du er fødd og om du kjem til å ta imot arbeidsavklaringspengar og uføretrygd som vaksen.

– Vi fann ein ganske tydeleg samanheng mellom fødselsmånad og mottak av arbeidsavklaringspengar. Når det gjeld uføretrygd har vi ikkje så klare samanhengar, men det kan sjå ut som at det er fleire jenter som får uføretrygd av dei som er fødde seint på året enn dei som er fødde tidleg på året. Det var overraskande, seier Ivar Lima i Nav.

Forskaren påpeiker at det vil vere naturleg å tenke at forskjellane mellom born fødde seint på året og andre born vil forsvinne når dei ikkje lenger går på skulen – men dei som får ein ADHD-diagnose som born vil ha denne med seg inn i vaksen alder.

– Elles viser forsking at dei som er fødde seint på året får dårlegare karakterar, og i snitt er det litt færre av dei som fullfører vidaregåande. Slike forhold kan gjere at ein ser seg nøydd til å søke om arbeidsavklaringspengar.

Bør ikkje vere bekymra

Camilla Stoltenberg seier at det finst moglegheiter for å førebyggje og redusere denne typen forskjell på born i skulen.

– Fleksibel skulestart kan vera eit verkemiddel for å redusera forskjellar mellom dei eldste og dei yngste på same årstrinn. Men det kan også hjelpa mot andre forskjellar.

Dersom fleksibel skulestart blir innført, trur Stoltenberg at det vil vera fleire av dei som er fødde seint enn tidleg på året, som utset skulestarten.

Ivar Lima i Nav peiker på fleksibel skulestart, som Stoltenberg-utvalet føreslår, som eit mogleg tiltak for å jamne ut forskjellane mellom borna.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger