Hopp til innhold

Pilot nekta å la seg operera – tilkjent fem millionar

Ein Widerøe-flygar avviste forsikringsselskapet sitt krav om å operera bort gallestein for å bli frisk og koma i arbeid igjen. No er han tilkjent fem millionar kroner.

Widerøe fly i lufta etter å tatt av på Værnes lufthavn.

Widerøe-flygaren har vore ute av arbeid i snart fire år, og han har no vunne fram i både finansklagenemnda og i tingretten.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Spørsmålet om forsikringsselskap kan kreva at ein kunde underlegg seg operasjon for å bli frisk og koma i arbeid igjen er no anka til lagmannsretten.

Oslo tingrett ga i mai ein Widerøe-flygar medhald i at Protector forsikring ikkje kan påleggja han operasjon for å bli kvitt gallestein, og dømte forsikringsselskapet til å betale ut forsikringssummen på over fem millionar kroner.

Vann fram i to instansar

Mannen har vore ute av arbeid i snart fire år, og han har no vunne fram i både finansklagenemnda og i tingretten.

Men skadedirektør Fredrik Messel i Protector forsikring meiner domen i Oslo tingrett er feil, og anken er levert lagmannsretten.

– Vi les domen slik at den ikkje seier noko om at det er særlege grunnar til at flygaren kan nekta å la seg operera.

– Liten risiko

Han meiner operasjonen er eit enkelt inngrep.

– Inngrepet har veldig liten risiko, og vi meiner vi bør kunna stille krav om at han gjennomfører det.

Spørsmålet om piloten kan påleggjast operasjonsplikt er altså avvist to gonger. Det står heller ikkje noko i forsikringsavtalen om operasjonsplikt. I forsikringsavtalelova går det fram at «Selskapet kan gi den forsikrede pålegg om tiltak som åpenbart vil begrense omfanget av selskapets ansvar, og skal dekke kostnadene ved disse tiltak».

Men det står også at «... den forsikrede plikter ikke å følge et pålegg som gjør et urimelig inngrep i friheten til å råde over sin person.»

Må bestemme sjølv

Flygaren sin advokat Espen Rekkedal seier det rører sterkt ved den personlege integriteten dersom ein person blir pålagt å la seg operera.

– Dette er klart innafor det ein person skal bestemme sjøl, seier han.

Fredrik Messel meiner konsekvensane av ei utbetaling er store.

– Det er eit tankekors for oss at vi her kan risikera å betale ut over fem millionar kroner til ein person som har nekta å la seg operera. Dagen etter at han har mottatt pengane kan han la seg operera og flyge igjen fjorten dagar etterpå, utan noko framtidig tap.

Kan gå til Høgsterett

Advokat Rekkedal meiner dette er eit dårleg forsøk frå selskapet på å gjera seg til eit offer i saka.

– Ein må ha med seg at forsikringsselskapet har fått premiepengar på forskot, og så skal dei nesten innta ein offerrolle der dei skal vera lei seg for at dei må betala ut av og til. Då kan ein stille seg spørsmål om kva vi treng Protector forsikring til.

Protector varslar på si side at denne saka kan hamne i Høgsterett for endeleg avklaring.

AKTUELT NÅ