Hopp til innhold

Mobiliserar for heimlandet

Tilliten til norske hjelpeorganisasjonar er aukande blant norskpakistanarar. Fredag går fleire saman med Raudekrossen om å gjennomføra ei stor pengeinnsamling til flomofra i Pakistan.

Helikopter frå dei Forente Arabiske Emirat kjem med matforsyningar nær Punjab-provinsen

Helikopter frå dei Sameinte Arabiske Emirata kjem med matforsyningar nær Punjab-provinsen onsdag 18.august.

Foto: ASIM TANVEER / Reuters
Pakistansk kvinne ventar på mat

Pakistansk kvinne ventar på mat i landsbyen Pagga Shar Khan.

Foto: Arif Ali / Afp
Yousuf Gilani i Norges Cricketforbund

Venstrepolitikar og generalsekretær i Norges Cricketforbund, Yousuf Gilani er ein av initiativtakarane til morgondagens Pakistan-aksjon.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX
Sven Mollekleiv, president i Røde Kors

Sven Mollekleiv, president i Raudekrossen samlar inn pengar under organisasjonen sin nasjonale dugnad til inntekt for jordskjelvofra i Haiti i januar i år.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

- Me er veldig glade for at det pakistanske miljøet i Noreg no vil mobilisera sterkt saman med Raudekrossen. Dei som gjev, kan vera sikre på at pengane kjem fram, seier president i Raudekrossen, Sven Mollekleiv.

– Alle vil bidra

Etter fredagsbøna i morgon skipar det norskpakistanske miljøet til ein appell utanfor Raudekrossen-bygget i Oslo. Etterpå startar ei stor bøsseinnsamling til flaumofra i heimlandet.

Pengane som kjem inn vert kanaliserte direkte inn til Raudekrossen og Raude Halvmåne, som svarar til Raudekrossen i dei fleste islamske land.

– Entusiasmen er veldig stor. Alle vil vera med og bidra, seier initiativtakar til aksjonen, Nadeem Ullah.

Tek initiativ

Ullah, ein velkjend Dj med artisnamnet Dj NAD Jee, har sjølv pakistansk bakgrunn. Han har på privat initiativ fått med seg Raudekrossen, paraplyorganisasjonen Islamsk Råd Norge, Norges Cricketforbund og fleire samskipnader til å dra i gang ein stor hjelpeaksjon.

Internett, sosiale media, sms og jungeltelegrafen er teke i bruk for å informera om den planlagde aksjonen. Ei veke etter at arbeidet med å få til ein aksjon starta, har 360 personar skrive seg opp på bøsseberar-lista.

– I tillegg vert eg ringt ned av 14-15åringar som spør om alternative måtar å bidra på, ettersom aldersgrensa for å gå med Raudekrossen-bøsse er 17år. Mitt inntrykk er at folk har stor sympati med befolkninga i Pakistan, fortel Ullah.

Skepsis til hjelpeorganisasjonar

Det er sjeldan at norskpakistanske miljø samlar seg om å gje pengar til ein organisasjon på denne måten.

Generalsekretæren i Norges Cricketforbund, Yousuf Gilani seier at norskpakistanarar tradisjonelt sett har vore kritiske til hjelpeorganisasjonar.

– Dei kjem frå eit land med ein regjeringskultur som er gjennomsyra av korrupsjon. Tilliten til institusjonelle kanalar er tynnslitt , og mange etablerer i staden eigne grupper for å sende pengar til slektningar i Pakistan, fortel Gilani som også er venstrepolitikar.

I ferd med å snu

Ifølgje Gilani har Islamsk råd og andre aktørar arbeida medvite for å styrka tilliten til norske hjelpeorganisasjonar blant muslimar. Han tolkar mobiliseringa som no er i gang, som eit teikn på at denne skepsisen er i ferd med å snu.

– Det er svært gledeleg å sjå at ein no har lukkast med å få til eit engasjement saman med ein etablert organisasjon som Raudekrossen.

Garanti

Raudekrossen-president Mollekleiv forstår at tillit er viktig når ein skal bidra med pengar.

– Det er jo avgjerande. Dersom du gjev ein hundrelapp, så vil du vite at den hundrelappen går til hjelp til menneske som treng det, og at den ikkje hamnar i korrupte system i eit land som på mange måtar også har store utfordringar med korrupsjon og dårleg styresett.

Så no treng ein ikkje vera i tvil om kvar pengane går?

- Nei, me går gode for at dei pengane uavkorta går til hjelp til dei som treng det aller mest i dei råka områda i Pakistan, svarar Mollekleiv.

Brende held appell

Generalsekretær i Raudekrossen, Børge Brende er no på veg heim frå det katastroferåka landet, og skal halda appell under morgondagens aksjon.

Aksjonen startar klokka 16.00 med Brende sin appell utanfor bygget til Raudekrossen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger