Hopp til innhold

Norsk tamil etterlyst for terror

Ein 35 år gammal mann busett i Noreg, som skal vere den nye leiaren for den tamilske geriljaorganisasjonen LTTE, er etterlyst for terrorisme via Interpol.

Srilankiske styrker i Sampur-området

LTTE-geriljaen vart knust av srilankiske regjeringssoldatar i 2009. No fryktar styresmaktene i landet at organisasjonen er i ferd med å byggje seg opp att.

Foto: , GEMUNU AMARASINGHE

Mannen det gjeld har vore busett her i landet sidan 2005. Han er busett i ein kommune på Vestlandet, der han har halde ein låg profil. Styresmaktene på Sri Lanka meiner at mannen er leiaren eller ein av leiarane for restane av LTTE-geriljaen, Dei tamilske tigrane.

Kjenner ikkje til saka

NRK.no har snakka med politimeisteren i distriktet der den tamilske mannen bur, og han var ikkje klar over at ein person i hans politidistrikt var etterlyst av Interpol. På Internett-sidene til Interpol står det at mannen er etterlyst for terrorisme.

Heller ikkje Kripos kjenner til saka. Dei seier likevel på generelt grunnlag at det ikkje er noko automatikk at ein person som er etterlyst via Interpol blir arrestert av norsk politi, fordi det kan ha noko med på kva grunnlag vedkomande har fått opphald her i landet.

Mahinda Rajapaksa

Presidenten i Sri Lanka, Mahinda Rajapakse, fryktar at LTTE-geriljaen skal byggje seg opp på nytt.

Foto: DINUKA LIYANAWATTE / Reuters

Kommunikasjonsdirektør Trond Hugubakken i Politiets Tryggingsteneste PST kan ikkje kommentere overfor NRK.no om denne mannen er kjend av dei eller ikkje. På generelt grunnlag kan han seier at PST ikkje startar etterforsking mot ein person som har lovleg opphald i Noreg utan at det er mistanke om at vedkomande har gjort seg skuldig i lovbrot her i landet.

LES OGSÅ: Srilankiske myndigheter forsøkte å stoppe omstridt dokumentar

LES OGSÅ: Norge henter flyktninger på Sri Lanka

– Er den nye leiaren

Professor Øyvind Fuglerud ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo, har god kjennskap til situasjonen på Sri Lanka. Han kjenner ikkje personen det er snakk om anna enn av omtale, men seier at truverdige kjelder han har vore i kontakt med meiner at han er den nye leiaren for LTTE.

LTTE-geriljaen vart nedkjempa av den srilankiske regjeringshæren i mai 2010 etter ein kraftig militæroffensiv.

Fuglerud kjenner også til at presidenten på Sri Lanka, Mahanda Rajapakse, i fjor haust orienterte om kampen mot LTTE utanfor Sri Lanka, og då vart namnet til denne mannen nemnt. På denne bakgrunnen, seier Fuglerud, er det ikkje overraskande at Sri Lanka no har etterlyst han via Interpol.

Også statsministeren på Sri Lanka, D.M. Jayaratne, sa i 2010 at to opprørsleiarar, ein som bur i USA og ein i Noreg, arbeider for å reorganisere geriljaorganisasjonen LTTE.

LES OGSÅ: FN-sjef vil ikke granske massedrap på Sri Lanka

LES OGSÅ: Terrortrussel sporet til Norge

– Intern maktkamp

Han kan også fortelje at ein del kjelder snakkar om ein maktkamp i det som er restane av den tamilske geriljaorganisasjonen. Og den fraksjonen denne mannen høyrer til, er mindre villige til dialog med srilankiske styresmakter enn det den andre fraksjonen er.

Fuglerud seier at dei ikkje ser ut til å propagandere for væpna kamp.

Han fortel også at det i det tamilske miljøet er usemje om kor viktig mannen som no er etterlyst av Interpol, er. Det er også uklart kor mange som støttar denne delen av organisasjonen, og kor realistiske dei er. Professoren har inntrykk at det er ein lukka struktur.

LES OGSÅ: Sri Lanka vil ikke ha Norges hjelp

LES OGSÅ: Tidligere Tamiltiger: – Krigen var å kaste bort folks liv

Unntakstilstand

Sri Lanka har ikkje gitt etter for internasjonale krav om å oppheve unntakstilstanden i landet etter borgarkrigen, og bruker som argument nettopp at LTTE-geriljaen er i ferd med å samle seg på nytt.

Opposisjonen skuldar regjeringa for å misbruke unntakslovene for å undertrykkje tamilane.

FN meiner at opp mot 100.000 menneske miste livet i borgarkrigen i Sri Lanka frå 1972 til 2009.

LES OGSÅ: Tamilske flyktninger tas hånd om i Canada

AKTUELT NÅ