Hopp til innhold

«Lothepus» irettesette «Charter-Svein» i Debatten

Leif Einar «Lothepus» Lothe kallar demonstrasjonane mot koronatiltaka for ein hån mot dei som har stått på. Tysdag møtte han «Charter-Svein» Østvik til debatt om munnbind.

Koronaskeptikere demonstrerer

Rundt 200 koronaskeptikarar sette fyr på munnbind framfor Stortinget i april. Men ei undersøking frå Opinion viser at eit stort fleirtal av nordmenn gjerne bruker munnbind for å unngå smitte.

Foto: Heiko Junge / NTB

Munnbind har vore eit til tider omstridd smitteverntiltak i Noreg. Fleire land var tidleg ute med å anbefale munnbind.

Men norske helsestyresmakter var lenge avventande fordi dei frykta vi skulle ta lettare på andre tiltak, eller at folk skulle bruke munnbinda feil.

Dei snudde seinare, og kom etter sommaren i fjor med råd om at vaksne burde bruke munnbind i kollektivtrafikken og på offentlege stader innandørs.

Fleire stader i landet har det også vore lokale påbod om bruk av munnbind.

Ei undersøking frå Opinion viser at bruken har brei støtte i Noreg no. 80 prosent av dei spurde er positive til munnbind, medan 9 prosent seier dei er negative til dette.

Meiner det skurrar

Nokre av skeptikarane har den siste tida demonstrert mot dei langvarige tiltaka og bruken av munnbind. Dei har blant anna brent munnbind framfor Stortinget i protest.

Ein av dei som deltok var Svein Østvik, også kjent som «Charter-Svein».

I NRK Debatten tysdag kveld sa han at han syntest det var mykje som skurra i pandemihandteringa, og at han ikkje trudde munnbind hadde så mykje føre seg.

– Eg har retta meg etter det som kom i starten av pandemien. Då blei det sagt at munnbind ikkje var spesielt eigna til å hindre smitte. Difor brukar eg ikkje det.

Han sa at dette er noko som har bygd seg opp over tid for han, og at det var på tide å seie ifrå.

Egil Lingaas er leiar for avdeling for smittevern ved Oslo Universitetssjukehus seier at effekten av munnbind er komplisert å forklare.

Skepsisen til myndighetenes koronainformasjon øker. Hvorfor brenner Charter-Svein munnbind?

Skepsisen til styresmaktenes koronainformasjon aukar. Kvifor brenner Charter-Svein munnbind?

Nakstad: – Det viktigaste er avstand

Det finst nemleg mange ulike typar munnbind. Korleis munnbindet blir brukt er òg viktig for effekten.

– Viss det beste munnbindet blir brukt, så kan du seie at viss du har det på deg, så vil det verne omgivnadene mot kanskje 90–95 prosent av dei dropane du snakkar, hostar og pustar ut, seier Lingaas.

Ifølgje Lingaas er munnbindet betre på å verne dei rundt den som bruker munnbindet frå dropesmitte, enn å verne beraren av munnbindet mot smitte frå andre.

I byrjinga av pandemien tilrådde styresmaktene ikkje munnbind for befolkninga.

Espen Rostrup Nakstad i Helsedirektoratet

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.

Foto: Heiko Junge

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad forklarer at det har med å gjere at munnbind var ei mangelvare på den tida.

– Grunnen utover våren og sommaren i fjor var at FHI berekna, utifrå dei veldig låge smittetala vi hadde i Noreg, at titusenvis av menneske måtte gå med munnbind for å forhindre eit einaste smittetilfelle. Det var nesten ikkje smitte, og då er det heller ikkje nødvendig med munnbind, forklarer Nakstad.

– Ein hån mot dei som har stått på

Utrekninga til FHI endra seg når smittetala i Noreg auka mot hausten, utdjupar Nakstad.

– Då viste utrekninga at det var lurt å tilrå munnbind, seier han.

Ifølgje Nakstad er det lite studiar på munnbind. Men det finst studiar som viser at det har noko for seg.

– Men dei viser òg at det viktigaste er avstand. Så det viktige når ein tilrår munnbind er å ikkje gløyme det med avstand. Og så blir munnbind eit supplement for å forsterke smittevernet der det er trengsel.

Etter demonstrasjonen framfor Stortinget, var Leif Einar «Lothepus» Lothe ein av dei som reagerte. På Facebook fyrte han laus og bad demonstrantane skjerpe seg.

I Debatten utdjupa han kritikken sin, og sa at han meinte demonstrasjonane var respektlause.

– Vi må sjå på dødstala i Noreg, og sjå på kor mange som er døde i utlandet. Då ser vi at styresmaktene har gjort noko rett. Eg meiner aksjonane vi har sett er ein hån mot alle dei som har stått på for at vi skal kome oss gjennom denne pandemien.

Høg tillit

Lothe meiner demonstrantane ler av det arbeidet som har blitt gjort, og at dette ikkje er noko vi treng i det som kan vere siste fasen av pandemien.

– No må vi få stoppa pandemien, og då må vi ikkje gå mot dei tiltaka vi har hatt, og som vi har sett fungere. Vi må høyre på ekspertane.

Undervegs i Debatten fekk Lothe støtte frå helseminister Bent Høie. «Vi må bite tenna saman, halde avstand, bruke munnbind og bli ferdige med dette», skriv Høie på Facebook.

Då dei første koronatiltaka blei innført i mars i fjor, sette Opinion i gang med prosjektet Norsk koronamonitor. Undersøkinga blir kontinuerleg oppdatert.

Sidan mars i fjor er over 100.000 personar spurde om ulike tema rundt korona. Dei har blant anna fått spørsmål om korleis dei har opplevd pandemien, kor stor tillit dei har til styresmaktene og haldningar til smitteverntiltak.

Undersøkinga viser at folk har hatt høg tillit til styresmaktene og tiltaka som har vore sett inn.

Men haldninga til munnbind har endra seg stort i løpet av det siste året.

I mai i fjor var det ein tredel som var positive til å bruke munnbind. Men gjennom sommaren auka talet på positive bratt, fram til at styresmaktene snudde etter sommaren, og likevel bad folk bruke munnbind i enkelte situasjonar.

Etter det har den delen av folket som har svart at dei er positive til bruken vore stabilt over 70 prosent.

AKTUELT NÅ