Hopp til innhold

Meiner fleire kommunar burde få liknande flaumanlegg

NVE investerte 150 millionar kroner i flaumvern etter at hus og vegar forsvann i to storflaumar i bygda Kvam. No vil ordføraren i kommunen ha liknande anlegg fleire stader i landet.

Rune Støstad ved den 12 meter høye dammen NVE har bygd for å unngå nye flomkatastrofer i Kvam

TRYGG: Den 12 meter høge dammen skal stoppe steinar og tre som blir dregne med av stor vassføring i elva ned mot Kvam, og sleppe vatnet gjennom. Ordførar Rune Støstad i Nord-Fron (Ap) meiner ein burde bygge liknande anlegg på andre flaumutsette stader i Noreg.

Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

Ifølge NVE er dette den mest snørike vinteren på 60 år. Fleire stader i fjellet ligg det no metervis med snø som er i ferd med å smelte. Faren for ein ny storflaum, er difor til stades.

Gudbrandsdalen har hatt fleire skadeflaumar dei siste åra. På Kvam i Nord-Fron forsvann både vegar og hus i flaumen som ramma bygda 2011. Då det meste var bygd opp att i 2013, blei bygda ramma på nytt.

Ei av dei som opplevde at huset blei øydelagt i begge flaumane, var Monica Tangen.

– Det var ikkje noko artig å oppleve. Eg hugsar spesielt det at vi måtte ut og vekk då vi forstod at det var i ferd med å gå gale, fortel ho til NRK.

Rune Støstad og Monica Tangen I Kvam

Monica Tangen (t.h.) fekk skadar på huset både i 2011 og 2013 då Kvam blei ramma av storflaum.

Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

Millioninvestering

Flaum gjer store skader, og kostar samfunnet mange pengar. For 25 år sidan herja flaumen «Vesleofsen» på Austlandet, og gjorde skadar for rundt 1,8 milliardar kroner.

For å kome dei store reparasjonskostnadane i forkjøpet, har staten brukt 150 millionar kroner på flaumvern på Kvam, og det gjer at ordførar Rune Støstad i Nord-Fron (Ap) søv litt betre om natta når flaumvarselet kjem.

– NVE, som har ansvaret her, seier at det er trygt. Og då må vi tru på det. Samtidig går vi no eit tid i møte der vi veit det kan kome flaum, og då kriblar det nok litt ekstra i magen når vi veit kva bygda har vore gjennom tidlegare.

Det er bygd enorme anlegg oppover fjellet som skal ta unna tre og stein som blir tekne av flaumen, og berre sleppe vatnet gjennom. Fleire stader i Noreg burde få liknande anlegg, meiner Støstad.

– Dette anlegget er eit eksempel på korleis vi i større grad burde gjere det i Noreg. Det er lønner seg å sikre, for det er mykje dyrare å reparere.

Størst fare i nord

Faren for storflaum aukar dersom snøsmeltinga får selskap av regn og høge temperaturar over tid. Måndag kveld er det ifølge varsom.no i Nord-Noreg det er størst fare for flaum. Der er det mykje snø i fjellet, og også nedover i terrenget.

Også i Sør-Noreg er det enkelte område det kan kome store vassmassar frå fjellet. Men temperaturane har sokke litt, så snøen smeltar ikkje like raskt som ein først hadde trudd, seier vakthavande hydrolog Knut Olav Åmot i NVE til NRK.

– Det er framleis sannsynleg at det kan kome vårflaum både i sør og nord. I pinsehelga ventar vi stigande temperaturar i store delar av landet. Det vil føre til meir vatn i bekkar og små elvar.

Terje Alsvik Walløe

Statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe seier lågare temperaturar i fjellet har bremsa snøsmeltinga litt. Men i pinsehelga kan vassføringa auke igjen når temperaturane stig fleire stader i landet.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

NVE overvaker situasjonen nøye, for ting kan endre seg raskt. Dei oppmodar difor folk som bor i område som har vore utsette for skadeflaum tidlegare, om å halde seg oppdaterte på nye varsel.

Dersom det no blir ekstra stor vassføring i elvane på grunn av mykje smeltevatn, er den gode nyheita at det skjer utan ekstra tilførsel av regn.

– Når varmen kjem fleire stader i landet i slutten av veka, er det i form av høgtrykk med lite nedbør, seier statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe til NRK.

AKTUELT NÅ