NRK Meny
Normal

Hevdar Lysbakken kan bli miljøvernminister

Audun Lysbakken kan bli ny miljøvernminister etter bråket om sjølvforsvarspengar, skriv Klassekampen.

audun lysbakken

Audun Lysbakken kan bli miljøvernminister etter rokeringar i SV

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Ifølgje Klassekampen hevdar sentrale kjelder at det kjem til å skje endringar i posisjonane til statsrådane i SV.

Avisa skriv at Kristin Halvorsen blir sittande som kunnskapsminister, men at ho også tek over forsking når ho går av som partileiar.

Store rokeringar i SV

Påtroppande partileiar Audun Lysbakken kan kome til å ta over Miljøverndepartementet slik at Erik Solheim kan konsentrere seg om bistand.

Dersom Lysbakken tek over Miljøverndepartementet, vil Inga Marte Thorkildsen bli ny likestillingsminister, spekulerer Klassekampen.

Intern strid om sjølvforsvarspengar

Men etter at Audun Lysbakken tildelte 154 000 kr til sjølvforsvarskurs til ungdomspartiet SU, har SV vore splitta i synet på om Lysbakken bør bli vald som leiar under landsmøtet komande veke.

LES: Stortinget jakter videre på Lysbakken
LES: – Heikki må relanseres som leder

Fleire har kravd at Lysbakken må gå av, og fleire lokale SVarar meiner årsmøtet med leiarvalet må utsetjast til saka om sjølvforsvarspengane er oppklart.

LES: Bråket rundt Lysbakken splitter SV i Finnmark

Halvorsen takkar for seg

Audun Lysbakken og Kristin Halvorsen (SV)

Kristin Halvorsen kan halde fram som kunnskapsminister, medan Lysbakken blir miljøvernminister.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Neste helg går Kristin Halvorsen av som partileiar, og får betre tid til å konsentrere seg om statsrådsjobben, noko som opnar opp stillinga som ny SV-statsråd i Miljøverndepartementet.

LES: Redaktør: – SV bør utsette ledervalget

Då Halvorsen blei kunnskapsminister skal ho ha stilt med atterhald om at ho ikkje blei sittande med ansvar for heile utdanningsfeltet så lenge ho var leiar. Dette har blokkert moglegheita for rokeringar i SV-kabalen til no.

Det er Lysbakken som no skal legge kabalen i partiet, og dersom han tek over Miljøverndepartementet kan det vere at stillinga som likestillingsminister fell på Inga Marte Thorkildsen.

– Ei god løysing å skifte departement

SV-historikar Frank Rossavik seier til klassekampen at det vil vere best både for Jens Stoltenberg og SV om Lysbakken skiftar departement, men er usikker på om den påtroppande SV-leiaren blir ny miljøvernminister.

– I utgangspunktet tenkte eg at Lysbakken ville bytte til miljø, men dersom han berre skal inn dit for å tape dei viktigaste slaga i regjering, er det like greit å la vere, seier Rossavik til avisa.

Han tek atterhald om at han ikkje veit sjølv kva Audun Lysbakken tenker om statsrådskabalen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger