Fleirårig raigras er den viktigaste fôrgrasarten i Europa.
Med klimaendringane blir vekstsesongane lenger og temperaturane blir høgare. Det gjer det mogleg å nytte grasplanten i Noreg, i dei områda kor det er fôrproduksjon og husdyrbruk.
– Der er det tøff vinter, og klimaendringar kan og føre til meir tørke. Det har vi jo sett på Austlandet i vår, seier leiar for forskingsprosjektet EditGrass4Food i Noreg, Odd Arne Rognli.
Forskingsmiljøet på Norges miljø-og biovitenskapelige universitet (NMBU) prøver å finne ut om det er mogleg å tilpasse grasplanten til klimaet i framtida.
Dei ynsker å skape mutasjonar i gen som styrer korleis graset toler frost og tørke. Rognli viser fram to ulike variasjonar av planten med ulik toleranse for frost.
Dei brukar desse for å studere funksjonen til bestemte gen som er involvert i korleis planter toler frost.
– Vi muterer desse med genredigering, for å sjå kva effekt det har på frost og tørke.
Målet med prosjektet er ikkje å få plantene på marknaden. Prosjektet skal gi eit kunnskapsgrunnlag. Det kan brukast til å auke berekrafta i landbruket.
– Vi kan bruke denne informasjonen til å lage planter på tradisjonelt vis.
Prosjektet starta i 2021. Etter planen skal det vere fullført i 2024.
Klimatilpassing
Genredigering er ein metode for å lage styrte genetiske endringar. Det inneber at ein kan bruke ei «gensaks» til å kunne klippe i DNA der ein ynsker det. Ein har denne saksa og eit molekyl som rettesnor. Teknikken gjer at ein kan styre det til heilt bestemte område i DNAet.
– Det å finne ønska mutasjonar i desse gena på andre måtar er svært vanskeleg. Genredigering er ein svært effektiv måte å finne ut korleis gen fungerer på, seier Rognli.
Den skil seg frå genmodifiserte organismar (GMO), ved at med GMO set ein inn eit stykke framand DNA heilt tilfeldig i genomen. Ein veit ein ikkje kva for gen det kunne forstyrre. Det er meir føreseieleg med genedigering.
Reint teknisk betyr det at genredigering kan brukast til mange fleire typar genetiske endringar, fortel seniorrådgjevar og biolog i Bioteknologirådet, Håvard Øritsland Eggestøl.
– Med tanke på klima er det spesielt interessant at ein kan klimatilpasse jordbruksplanter og husdyr. Til dømes ved å få stivare strå på kveita, seier Eggestøl.
Verda i endring
I starten av året godkjente regjeringa i Kina bruk av genredigerte matplanter i kommersiell bruk. Seinare letta og India på regelverket.
Målet er å gjere det lettare å ta det i bruk i jordbruket. Det skal auke forskinga på planter som er redigerte til å smake betre, vere resistente mot sprøytemidler og vere betre rusta for ei verda
som blir stadig varmare.
– Det ser ut til at Kina vil ta ei leiande rolle i utviklinga av sjølve teknologien. På sikt kan det påverke den globale handelsbalansen, seier Eggestøl.
På lang sikt kan regelendringane i Kina føre til at det blir mindre GMO-frie varer på den globale marknaden, etter europeisk standard. Ifølgje norsk lov så er genredigert mat GMO-mat. I Noreg har det fram til no vore slik at ingen har ynskt å selje genmodifisert mat, eller ta i bruk genmodifisert fôr.
Samstundes skjer det og ting nærare oss. I EU er det no eit politisk initiativ for å forsøke å endre lova knytt til dette. Frankrike, EUs største landbruksprodusent, har tidlegare uttrykt stønad for å handsame mat som er genredigert annleis enn GMO.
– Det er ein stor utfordring, spesielt for EU som hamnar bak i å ta i bruk ny teknologi. Det er ein verktøykasse som alle forskarar som jobbar med dette ynsker å bruke innanfor regulerte rammer, seier Rognli.
– Om EU definerer genredigerte planter på ei anna måte enn store deler av den globale marknaden, så vil det vere problematisk, seier Eggestøl.
Krigen i Ukraina gjer og at ein viktig matprodusent kan vere ute av stand til å produsere mat som verda er avhengig av. Ein kan vere nøydd til å sjå andre stadar.
– Det kan vere det blir nødvendig med genmodifiserte fôrressursar i framtida, om krigen held fram, seier Eggestøl.
Framleis stor skepsis
Leiar i Greenpeace, Frode Pleym, er skeptisk til å sleppe genredigerte organismar ut på marknaden, sjølv om det kan gjere landbruket meir robust for klimaendringar. Organisasjonen er for å bruke det i forsking.
– Vi er optimistiske til teknologi, men her treng vi meir forsking. Vi veit altfor lite om genredigerte planter til at det skal vere trygt å bruke, seier Pleym.
Organisasjonen meiner det er ein risiko for at genredigerte planter kryssar seg med ikkje-redigerte planter.
– Det kan true det biologiske mangfaldet, vi står midt i ein naturkrise. Vi har ingen arter å miste. Det må kome meir forsking før vi kan vurdere å setje ut desse plantene i jordbruket.
Eggestøl seier ein risiko med genredigering er utilsikta endringar.
– Det er ein fare for at ein får endringar som ein ikkje meinte å få. Det er system for å luke ut dei endringane som skjer på feil stad, men det er alltid eit spørsmål om desse systema er gode nok, seier Eggestøl.
Sjølv om ikkje planten dei forskar på Ås ikkje vil på marknaden, trur forskarane på NMBU at genredigering vil spele ei større rolle i framtida.
– Det avheng jo av korleis desse plantane blir regulerte, sånn at dei og blir tilgjengelege for land som Noreg utan store avgrensingar og kostnader, seier Rognli.