Hopp til innhold

Ber Støre orientere Stortinget om korleis klimamåla skal nåast

MDG krev at Jonas Gahr Støre kjem til Stortinget for å gjere greie for korleis regjeringa skal nå klimamåla.

lan-marie-berg

Lan Marie Berg, MDG.

Foto: Milana Knezevic / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Bakgrunnen for kravet er ein rapport som Riksrevisjonen la fram i dag. Der kjem det fram at regjeringa si samordning for å nå dei norske klimamåla er for svak. Dette er kritikkverdig, seier Riksrevisjonen i rapporten.

– Rapporten viser at Støre ikkje har kontroll på klimapolitikken. Regjeringa blir kritisert for manglande overordna styring og manglande openheit om usikkerheitene som knyter seg til spørsmålet om vi når måla eller ikkje. Det er svært alvorleg. Å sørgje for at vi unngår katastrofale klimaendringar, er den viktigaste oppgåva for politikarane i dag. Her har både denne og tidlegare regjeringar svikta, seier parlamentarisk leiar i MDG, Lan Marie Berg.

– Forbetringspotensial

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) vedgår at samordninga ikkje er god nok.

– Vi samordnar arbeidet gjennom regjeringa sin klimastatus og -plan, «Grøn bok», og vi er på rett veg. Vi jobbar på ein heilt annan måte no enn før. Det tar tid å få dette heilt på plass, men vi blir betre for kvart år, seier Eriksen, og legg til:

– Vi har eit forbetringspotensial, og vi skal bli betre.

– Lite konkret

Riksrevisjonen meiner at klimamåla er lite konkretiserte og forpliktande formulerte i kvart enkelt departement. Det manglar ein plan som viser kva departement som har ansvar for å vidareutvikle verkemiddel, og når det skal skje. Og arbeidet med den vidare utviklinga av verkemiddel er til dels lite konkretisert.

Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen

Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Klimaendringane krev ei omfattande omstilling på mange område. Då er det avgjerande at departementa samarbeider, at arbeidet blir koordinert, og at det er tydeleg kva kvart enkelt departement skal bidra med. Undersøkinga vår viser at denne samordninga er for svak. Det aukar risikoen for at Noreg ikkje når klimamåla, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Rapporten peikar også på at det er usikkert i kva grad det blir mogleg å kjøpe for eksempel kvotar i utlandet for å nå dei norske klimamåla.

– Står til stryk

– I 2021 sa Jonas Gahr Støre at klimakrisa kom til å prege heile gjerninga hans som statsminister. I dag kom Riksrevisjonen sin harde dom: Støre-regjeringa manglar ein plan for ansvar, oppfølging og koordinering av arbeidet. Støre har rett og slett ikkje følgt opp og tatt leiaransvar slik han lova i stortingssalen, seier Nikolai Astrup, stortingsrepresentant for Høgre og medlem av Stortinget sin energi- og miljøkomité.

Nicolai Astrup

Nikolai Astrup, Høgre.

Nestleiar og stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn seier det slik:

– Det er ikkje overraskande at Riksrevisjonen meiner vi ikkje når klimamåla. Regjeringa har ikkje komme med nye tiltak for å styrke klimapolitikken. ​​Tvert imot har dei gjort elbilane dyrare, utsett elektrifiseringa av ferjer og kutta viktige miljøavgifter for å undergrave effekten av CO2-avgifta.

Også WWF Verdens naturfond reagerer sterkt på det som kjem fram i rapporten.

– Regjeringa lova å telje utslepp som dei tel pengar, og gjere klima til ramma for all politikk. Riksrevisjonen seier innsatsen deira er «kritikkverdig». Det er alvorleg. Ein av dei viktigaste ansvarsoppgåvene til regjeringa er å kutte utslepp i møte med ei global klimakrise, men gjennomføringa står til stryk, seier generalsekretær Karoline Andaur.

Fungerande leiar i Zero, Stig Schjølset seier det er alvorleg at regjeringa manglar ein plan for kva departement som har ansvar for utvikling og innføring av ulike verkemiddel for å kutte utslepp.

–Det bremsar det viktige klimaarbeidet i ei tid der det hastar stadig meir å ta grep, seier Schjølset.