Hopp til innhold

Spør om nordmenn kan sleppe inn utan gyldig pass

Noreg manglar pass. No ber styresmaktene andre land om å lempe på pass-krav. Det kan og bli aktuelt den andre vegen.

Emilie Enger Mehl

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Foto: Håkon Mosvold Larsen

– Regjeringa ser no på om andre land kan godta andre typar legitimasjon enn eit gyldig pass, seier justisminister Emilie Enger Mehl til NRK.

Det er mest nærliggande å tenkje seg at det vil vere mogleg med andre land i Europa, ifølgje Mehl.

– Men det er for tidleg å seie om vi vil lykkast med dette, understrekar ho.

TV 2 omtalte saka først.

Passkrise

Etter gjenopninga av samfunnet har mange nordmenn bestilt utanlandsturar – og oppdaga at passa deira har gått ut.

Mellom 300.000 og 400.000 nordmenn var utan gyldig pass i februar. Det har ført til lange køar på passkontora fram mot sommarferien.

Samtidig manglar produsenten av norske pass papir, lim og ein komponent til chipen i passet. Problemet rammar heile Europa. Årsaka er krigen i Ukraina og pandemien, ifølge regjeringa.

Det har ført til at forventa leveringstid på pass no i slutten av mai er på rundt sju veker, ifølgje politiet.

– Det er framleis ein alvorleg situasjon, seier justisminister Emilie Enger Mehl (Sp)

Ho har følgjande beskjed til nordmenn som har tenkt å fornye passa sine før sommarferien.

– For dei som ikkje har fått gjort det endå, så kan det hende at dei ikkje klarer å få det levert i tide til juli og fellesferien.

Stortinget Krev strakstiltak mot passkrisen

Nytt norsk pass

Kortare ventetid på nasjonalt id-kort

I utgangspunktet treng nordmenn ikkje pass for å reise i Schengen-området.

– Men det er viktig å hugse at ein framleis kan bli bedt om å legitimere seg, seier justisministeren.

Ei rekke land har og innført mellombels grensekontroll.

Nasjonalt ID-kort kan vere eit alternativ for nordmenn utan gyldig pass som har bestilt seg reise i Europa i sommar.

Det er gyldig som reisedokument når du skal reise til EU-/EØS-landa og Sveits.

Førebels er det rundt fire veker leveringstid på eit slikt, ifølgje politiet.

– Det er førebels noko kortare ventetid på nasjonalt id-kort, så viss ein skal bestille seg nytt pass så kan det vere eit alternativ, fortel justisminister Emilie Enger Mehl.

Men viss mange nok bestiller seg eit slikt, så kan det og bli lengre ventetid for å få nasjonalt id-kort, åtvarar ho.

– Så det er viktig at folk utan gyldig reisedokumentasjon ikkje bestiller seg ei reise før dei har det i handa, seier Mehl.

Minst 54 pass på avvegar – Kan vera fleire

Nytt norsk pass liggande på ein konvolutt. Konvolutten er adressert til ein person som har bestilt pass, men passet inni tilhøyrer eit barn som høyrer til eit heilt anna politidistrikt.

Kan bli aktuelt å lempe på krava til andre land

Justisministeren kjenner ikkje til at andre land har kontakta Noreg for å spørje om regjeringa vil lempe på id-krava overfor deira borgarar.

– Men eg veit at dette er ei utfordring for mange europeiske land no, seier Emilie Enger Mehl (Sp).

– Det kan og bli aktuelt at vi må godta id-dokument på ein annan måte enn vanleg, om vi skal lykkast med å få den moglegheita for nordmenn i utlandet, seier ho og.

– Lovleg seint

–Dette er ei plikt staten har, å sikre at folk skal kunne bevege seg fritt. Dette alvorleg. Det handlar ikkje berre om at folk skal få reise på ferie, seier Ingvild Wetrhus Thorsvik i Venstre om passkrisa.

Ho er medlem av justiskomiteen på Stortinget, og meiner det er bra at Mehl no prøver å få andre land til å sleppe inn nordmenn utan gyldig pass.

– Men det skjer veldig seint. Passkrisa har vore varsla såpass lenge at det er lovleg seint å starte med desse tiltaka no, seier Thorsvik.

Tysdag gjekk Thorsvik og eit fleirtal i Stortingets justiskomité inn for et forslag om strakstiltak for å redusere ventetida for å få nytt pass.

Dei foreslo og å utvide opningstider og økt bemanning på passkontor med stor pågang.

Justisminister åtvara då opposisjonen mot å gje reiselystne nordmenn falske forhåpningar.

– Regjeringa sette inn desse tiltaka for nesten tre månader sidan, sa Mehl.

Ingvild Wetrhus Thorsvik i Stortinget

Ingvild Wetrhus Thorsvik (V).

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Får ikkje naudpass

Frå måndag av vert berre dei som er i ein nødssituasjon eller som har særlege grunnar, som får søke om naudpass, meldte politidirektoratet fredag.

Feriereiser vert ikkje sett på som nødssituasjon, understrekar politidirektoratet.

Ingvild Wetrhus Thorsvik i Venstre reagerer på at dette skjer no.

– Opp mot Den europeiske menneskerettskonvensjon er det å nekte å gje folk naudpass veldig rart. Det er og rart at beskjeden kjem etter at opposisjonen på tysdag fekk fleirtal for forslaget vårt i Stortinget, seier ho.

Justisministeren svarer at dette er nødvendig for å sikre dei som verkeleg treng det, eit naudpass.

– VI har eit avgrensa tal naudpass. Dei blir produsert i same linje som dei vanlege passa. Derfor må vi sikre dei som har eit akutt behov for naudpass får det, seier Emilie Enger Mehl (Sp).

Fekk du med deg denne? Snekra pass-app på guterommet

Ole Halvor Lindtveit Bergan (17)

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger