Hopp til innhold

Minst 54 pass på avvegar – kan vera fleire

Lars-Henrik Gundersen i Norsk senter for informasjonstryggleik (Norsis) meiner politiet sitt svar til pass på avvegar er respektlaust. Politiet skal begynna å ringa folk som har fått pass.

Nytt norsk pass liggande på ein konvolutt. Konvolutten er adressert til ein person som har bestilt pass, men passet inni tilhøyrer eit barn som høyrer til eit heilt anna politidistrikt.

PÅ AVVEGAR: Politiet har no funne 54 pass som har blitt sendt til feil person i posten. Dei utelukkar ikkje at det er fleire.

Foto: Christine Opland / Privat

I helga fekk NRK tips om at fleire personar hadde fått feil pass i posten. Då var det snakk om fem personar.

No har politiet fått meldingar om 54 pass på avvegar. Dei kan ikkje utelukka at det kan vera fleire.

Søndag svarte politiet at feil kan skje, og at det skyldast ei manuell feilpakking hos leverandøren.

På spørsmål om dei kom til å gjera endringar etter desse feila, svarte avdelingsdirektør i Politidirektoratet Bjørn-Eirik Vandvik nei.

– Me vil melda frå om feilen til leverandøren, og reknar med at dei vil gjera det dei kan for å unngå at dette skjer igjen.

Svaret får sjefen i Norsk senter for informasjonstryggleik (Norsis) til å reagera.

– Det er respektlaust mot dei som har fått passet sitt på avvegar, seier Lars-Henrik Gundersen.

Les også – Det er ganske ekkelt at det er eit pass der ute, som er vår son sitt

Daniel Egge Roux står føre postkassa i Stavanger og held dei to passa som ikkje tilhøyrer sonen hans, men som han fekk tilsendt i posten.

Kan bli misbrukt

Gundersen meiner svaret tyder på at politiet ikkje heilt forstår problemet.

– Det er svært ubehageleg for den som opplever å få identiteten sin på avvegar og moglegvis misbrukt.

Stolne pass kan bli brukte av kriminelle til alt frå menneskehandel til å oppretta falske mobilabonnement eller ein falsk bankkonto, fortel Gundersen.

Administrerende direktør i NorSIS, Lars-Henrik Gundersen står i en gulbrun ufokusert gang. Han har på mørk blå dressjakke, hvit skjorte og briller med tynn, sort innfatning. Han ser inn i kameraet. Bildet er tatt i portrettformat.

Administrerande direktør Lars-Henrik Gundersen i Norsk senter for informasjonstryggleik (Norsis)

Foto: Fotografene BeckBack

– Det er lettare å oppretta ein bankkonto med falsk identitet enn ein skulle tru.

I tillegg blir identitetar og kopi av passdokument selt på det mørke nettet, og det fysiske passet blir omsett blant kriminelle, seier han.

Gundersen meiner at politiet straks må snakka med leverandøren og sørga for at rutinane blir betre.

– Politiet kan ikkje overlata ansvaret til ein leverandør og skylda på dei, men må sjølv ta ansvar for å følga opp.

Har skjedd tidlegare

Avdelingsdirektør i Politidirektoratet Bjørn-Eirik Vandvik, seier at politiet tar problemet med pass på avvegar på alvor.

– Samtidig er det slik at det så langt verkar vanskeleg å gardera seg 100 prosent mot at feil kan skje.

Politiet vurderer saka fortløpande med tanke på rutinar, men Vandvik seier at dei må leva med risikoen for menneskeleg svikt.

Norske pass har også blitt pakka feil tidlegare. I fjor haust blei 40 pass pakka i feil konvolutt i to ulike rundar.

I løpet av eit år utferdar politiet rundt 750.000 pass i året, av dei er det rundt 300 som forsvinn i posten.

– For dei 300 så er det jo ein risiko for at passet kan misbrukast, seier direktøren.

Bjørn Eirik Vandvik, politimester i Romerike politidistrikt

ALVOR: Bjørn-Erik Vandvik seier politiet tar saka på alvor

Foto: Daria Zoric / NRK

Vil kontakte kvar enkelt

Vandvik seier at politiet har følgt opp saka etter helga, og fortel at det førebels gjeld 54 pass. Avdelingsdirektøren kan ikkje utelukke at talet kan auke.

– Vi kan spore passa ut frå nummerserien. Vi veit kva for serie som gjeld for dei passa som er feilpakka. Politiet vil ta kontakt med kvar enkelt for å spørje om dei har fått riktig pass.

Om nokon lyg, så vil politiet få beskjed frå den som ikkje har fått passet sitt.

– Då kan vi gå tilbake og sjå kven vi har snakka med, fortel Vandvik.

Alle pass som blir meldt tapt til politiet, blir gjort ugyldige og etterlyste i nasjonale og internasjonale etterlysingsregister. Dei vil derfor vere vanskelege å nytte ved til dømes å passere landegrenser, etter at dei er meldt som tapt, opplyser Politidirektoratet.

Er det mogeleg for dykk å avdekke om nokon tar kopi av passa eller om personopplysningar blir selde vidare?

– Det kan vi ikkje, men det er ein liten risiko for at slikt skjer, seier Vandvik.

AKTUELT NÅ