Hopp til innhold

June rosar forslag til ny abortlov: – Det er aldri lett

I samband med forslaget til ny abortlov som kom torsdag, åtvarar June Holm mot ein debatt som gjer abort «mykje vanskelegare enn det allereie er».

Abortutvalget

June Holm sa ho var spent då NRK fotograferte henne før Abortutvalet la fram sine forslag til ny abortlov.

Foto: William Jobling / NRK

Abortutvalet leverte torsdag sitt forslag til ny abortlov. Rapporten skal danne grunnlaget for vidare arbeid med endringar i abortloven i Stortinget.

June Holm er ein av dei med aborterfaring som var til stades på pressekonferansen då utvalet la fram sine endringsforslag.

Da ho sjølv vart uønskt gravid og tok abort, følte Holm på både einsemd, skam og skyldfølelse – heiter det i forlaget si omtale av boka Avbrutt som ho i ettertid skreiv saman med Aftenposten-journalist Vilde Bratland Hansen.

– Det er eit alvorleg val, seier June Holm.

Ho er tydleg glad over abortutvalet sitt forslag til lovendringar.

– Eg vart skikkeleg rørt og takknemleg for at dei har tatt kvinner på alvor og ser at det aldri er lett å ta abort. Utvalet har gjort ein god jobb, seier Holm.

Abortutvalget

Vilde Bratland Hansen og June Holm poserer med NOU-en «Abort i Noreg» og si eiga bok «Avbrutt» på dagens pressekonferanse.

Foto: William Jobling / NRK

Abortlova blir betre i framtida

Kort sagt foreslår utvalet:

  • Å omorganisere abortnemndene.
  • Å vide ut grensa for sjølvbestemt abort med seks veker.
  • At alle som tar abort får rett til oppfølging.

– Eg tenkjer at abortlova blir betre i framtida, seier Holm, som også er ein profilert kvinnesaksaktivist på andre felt.

Tidlegare denne veka poserte forfattaren smilande med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. Vi tror deg-stiftelsen, som ho har grunnlagt, vann måndag «Jenteprisen» «for å ha etablert eit breitt tilbod til kvinner som har blitt utsett for valdtekt».

Les også – Vi trenger en abortlov for vår tid

Vil unngå ny abortdebatt

KrF-leiar Olaug Bollestad sa tidlegare torsdag at den utvida grensa er «ei radikal svekking av rettsvernet for ufødd liv».

Kvinnegruppa Ottar, Sex og Politikk, Sex og samfunn, Kvinnefronten og Norsk Kvinnesaksforening i Kvinnebevegelsens abortutvalg meiner derimot at forslaga ikkje er radikale nok.

Dei er skuffa over utvalet sitt forslag om at sjølvavgjerda bør stoppe ved veke 18 og meiner at abortnemndene bør bli fjerna.

June Holm vil helst unngå ein ny abortdebatt i media, slik som ein mellom anna såg i 2019.

– No syntest eg vi skal ta kvinner på alvor. Og ikkje skape ein for- og imot-debatt, som gjer det mykje vanskelegare enn det allereie er å ta abort. Vi skal ha respekt for kvinner og at dei tar det valet som er rett for dei sjølv, seier Holm.

Les også KrF varsler kamp: – Svært radikalt forslag

Abortutvalet legger fram sin rapport

– Skam- og tabubelagt

Abortutvalet drøfta også om ein bør fjerne kravet om at kvinner som ønskjer fosterreduksjon må møte opp i ei abortnemnd, slik som Solberg-regjeringa vedtok i 2019.

Abortutvalet var nesten delt på midten om spørsmålet om fosterreduksjon. Eit knapt fleirtal meinte at alle søknader om fosterreduksjon framleis burde bli behandla i abortnemnd.

Ifølgje utvalsleiar Kari Sønderland står heile utvalet bak forslaget om obligatorisk rettleiing ved fosterreduksjon.

June Holm ønskjer det velkommen. I samband med boka deira intervjua ho og Vilde Bratland Hansen over 200 kvinner som har tatt abort.

– Det er ikkje lenge sidan fosterreduksjon vart innført i Noreg. Eg har snakka med fleire kvinner som faktisk ikkje veit heilt kva det er dei går til. Dei saknar støtte undervegs, og å ha partnar der, som ikkje er lov i dag. Det har vore liten openheit om det, meiner Holm.

Ho meiner debattane om fosterreduksjon i media også har ein rolle i at det er liten openheit om denne typen abort.

Det er skam- og tabubelagt, mykje på grunn av debatten som har vore i media, og derfor veldig fint at det kjem meir rettleiing der, seier Holm.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger