Hopp til innhold

Jensen: – Bilistane sparar meir bompengar med Frp i regjering

Bilistane er spart for fire milliardar kroner dei siste åra, seier finansminister Siv Jensen. Onsdag blei ho utfordra av Ap-leiar Jonas Gahr Støre på bompengar og vegprising i Stortinget.

– Men er det ikkje greitt å kome i gang og greie ut noko det no er fleirtal for på Stortinget?

– Det held vi på med, og det begynte vi med før debatten starta, seier statsministeren, og held fram.

Onsdag stilte finansminister Siv Jensen, samferdselsminister Jon Georg Dale og fiskeriminister Harald Tom Nesvik i den munnlege spørjetimen på Stortinget.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre begynte med å utfordre Jensen på tre spørsmål:

  1. Er det aktuelt for regjeringa å følge Frps linje og bruke betydelege pengesummar frå statskassa?
  2. Er det aktuelt å endre elbilfordelar no?
  3. Er Frp med på å greie ut eit system med vegprising, som Ap ser på som meir rettferdig innkrevjing?

Finansministeren vedgår at mange bilistar opplever ein for stor belastning med alle bompengane. Ho peikar på at bompengar ofte ikkje går til å utbetre den vegen dei faktisk køyrer på.

– Det er viktig å ta debatten, og det meiner eg regjeringa gjer. Vi har tatt mange grep og dei siste åra har vi spart bilistane for fire milliardar kroner. Det ville dei ikkje spart om Aps og Sps handtering av saka ville blitt følgd, seier Jensen.

Ho viser til at Ap og Sp har vore mot regjeringas forslag om rentekompensasjonsordning og bompengereform.

– Mange parti gjer opprør mot eigen politikk, ikkje mot den regjeringa fører. Vi har systematisk redusert belastinga for bilistane, seier finansministeren.

Jensen held fast på at elbilfordelane ligg fast i denne stortingsperioden. Vegprising meiner ho derimot handlar om å flytte taksameter inn i bilane til folk, men ho er likevel i gang med å sjå på korleis innkrevjing av pengar best kan fungere.

– Vi vil redusere belastinga for bilistane, ikkje gi ordet eit anna namn.

Slik har regjeringa spart bilistane

Overfor NRK forklarar samferdselsminister Jon Georg Dale korleis regjeringa har spara bilistane for fire milliardar kronar så langt:

  • Auka statleg del av prosjekt
  • Kompensasjonsordninga som gjer at bompengerabatten blir auka med ein halv milliard kroner i året.
  • Fleire tiltak gir reduserte utgifter som kjem bilistane til gode i prosjekt.
  • Reduksjon i bilavgifta.

– Regjeringa trekk i ulike retningar

Støre meiner at regjeringa har skapt uvisse rundt bypakkane, som no fleire stadar blir nedstemt av lokalpolitikarane som følgje av bompengeopprøret.

– Korleis skal de møte uroa folk har, når regjeringa trekk i ulike retningar, spør Ap-leiaren.

Jensen avviser at regjeringa trekk i ulike retningar.

– Politikken ligg fast. Vårt formål er å redusere belastninga for bilistane mest mogleg, samtidig som vi bygger mest mogleg infrastruktur. Derfor har vi auka samferdselsbudsjettet med 75 prosent. Vi har snudd byrda – slik at bilistane betaler mindre for det dei får att – i motsetning til då Ap sat i regjering, seier statsråden.

Ho slår fast at det statlege bidraget til bypakkane er ganske stort, og at det er opp til lokale politikarar å finansiere resten.

– Mange vel å legge ein stor del på bilistane, seier Jensen.

Dale: – Vegprising er fullstendig avsporing

Også samferdselsminister Jon Georg Dale blei utfordra på bompengepolitikken. Han kallar Aps initiativ til debatt om vegprising som erstatning for bompengar, for ei «fullstendig avsporing».

Ap-politikar Sverre Myrli avviser av det er ei avsporing, og viser til at vegprising er ønska av Høgre, KrF, Ap og SV.

Myrli peikar på at nye vegar under bygging på riksveg 325 Løten-Elverum, blir billegare enn ein først trudde.

– Problemet er at staten tar innsparinga på sin del, mens bompengane ligg fast. Det blir billegare for staten, mens bilistane skal betale akkurat like mykje i bompengar som vegprosjektet var kalkulert til. Her kan bompengedelen komme opp i 90 prosent. Er det ingen grense for denne regjeringa for kor høg bompengedelen kan vere?

– Vi har innsett og akseptert at vi ikkje vann alle slag i regjeringsplattforma, men vi har fått ned bompengane, og vi har auka statleg del i ei rekke prosjekt. Om riksveg 325 veit vi ikkje endeleg sluttsum på det prosjektet, og det skal vi avklare seinare, seier Dale.

Dale ser på vegprising for tungtransport

Diskusjonen går no sterkt om kor vidt vegprising er ein aktuell måte å erstatte bompengane på.

Frp har nekta plent å gå med på eit forlik for å greie ut vegprising, sjølv om Høgres finanspolitiske talsmann Henrik Asheim og Ap-leiar Jonas Gahr Støre har teke til orde for dette.

Overfor NRK vedgår Dale at regjeringa også ser på vegprising når dei no er i gang med å gå gjennom avgiftssystemet for bilar - men når det gjeld tungtransport.

I vår vedtok Stortinget at regjeringa i denne gjennomgangen skal greie ut ny teknologi som kan erstatte dagens bompengeordning.

– Betyr ikkje det at regjeringa må greie ut vegprising for personbilar i gjennomgangen de no er i gang med?

– Det har vi ikkje teke stilling til, seier Dale.

– Stortinget har vedteke at vi skal sjå på vegprising for tungbil, og det gjer vi. Vi skal også sjå på andre teknologiske løysingar, og det kan vere andre ting enn vegprising, held han fram.

Sjølv meiner han at vegprising er ein dårleg idé for bilavgiftssystemet.

– Det er ingen som har vegprisingssystem, det trur det er ein grunn til. Det er ingen som får det til, og det blir ikkje betre, meiner Dale.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger