Hopp til innhold

Høybråten vil ha KrF i sentrum

KrF-leiar Dagfinn Høybråten meiner partiet kan takke seg sjølve for dei låge målingane den siste tida.

Høybråten trekker seg fra politikken

KrF-leiar Dagfinn Høybråten seier dei siste dagane har gått inn på han.

Foto: NRK

Dagfinn Høybråten gjenvalgt i 2009

Dagfinn Høybråten då han fekk attval som partileiar i KrF i 2009.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Han seier til Aftenposten at han ikkje er overraska etter turbulensen partiet har vore gjennom.

– Dei ekstremt låge målingane no, kan vi berre takke oss sjølve for, seier han, men vil ikkje utdjupe meir overfor avisa.

Laurdag kveld sa Høybråten på Dagsrevyen at han går av som partileiar etter landsmøtet til våren. I dagane før hadde sentrale personar i partiet gått ut i media og sagt at partiet trengte ein ny leiar.

– Gjekk inn på meg

Høybråten innrømmer at dette gjekk inn på han.

– Eg ville ikkje vore laga av kjøt og blod om ikkje dei siste dagane hadde gått inn på meg, seier han.

Kven som skal ta over etter han, når han gir seg, vil han ikkje leggje seg bort i.

– Mi grunnleggjande haldning er at eg støttar den leiaren som kjem, og vil vere tilgjengeleg. Korleis den nye leiaren vil bruke meg, er det den nye leiaren som bestemmer.

Ikkje borgarleg parti

Han meiner KrF i tida framover må dyrke sine sterke sider.

– Eg meiner vi skal vere eit kristendemokratisk sentrumsparti i ein strategisk vippeposisjon. Der meiner eg KrF høyrer heime. KrF har sine røter i sentrum, seier Høybråten.

Han peikar på at KrF ikkje skal vere eit borgarleg parti, og meiner dette omgrepet er knytt til eit klasseskilje.

– Vi har aldri vore eit parti for rikfolk, men har vore opptekne av kåra til småfolk, seier han.

AKTUELT NÅ