Hopp til innhold

Høgre: – Kan ikkje sjå korleis Tonning Riise skal få innsyn

For ti dagar sidan fekk Kristian Tonning Riise avslag då han ønskte innsyn i varsla mot seg for å kunne gi sin versjon. No vurderer han å meir formelt be om innsyn via advokat. Høgre slit med å sjå korleis det skal bli mogleg.

Kristian Tonning Riise

BLIR NEKTA INNSYN: Den avgåtte Unge Høgre-leiaren Kristian Tonning Riise blei nekta innsyn i varsla mot seg i eit møte med Høgre for ti dagar sidan. Via advokaten seier Riise at dei no vurderer å be meir formelt om innsyn.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Måndag blei politiet involvert i sakene knytt til den avgåtte Unge Høgre-leiaren Kristian Tonning Riise. Samtidig følgjer Høgre opp varsla internt, men partiet får kritikk for å ikkje ta nok omsyn til den det blir varsla om.

Tysdag skreiv VG at Høgre ikkje vil høyre versjonen til Riise i varsla og ikkje gi han innsyn i varsla. Torsdag sa ei rekkje juristar til NRK at dei reagerer på måten Riise blir behandla på, og at det trugar rettstryggleiken til 29-åringen.

– Eg forstår uroa, sa generalsekretær John-Ragnar Aarset då han gjesta Dagsnytt 18 torsdag.

Aarset omtalar situasjonen som krevjande. Han meiner derimot at dei ikkje kan bryte tilliten til varslarane, som han seier har varsla heilt fortruleg.

– Vi har nokre veldig klare avgrensingar på kva vi kan konfrontere Kristian Tonning Riise med. Men den største konsekvensen av oppførselen har han allereie tatt ved å trekke seg som Unge Høgre-leiar, meiner Aarset.

Pressekonferanse om varslersakene i Høyre

FORSTÅR UROLEGE JURISTAR: Generalsekretær i Høgre, John-Ragnar Aarset (t.h.) forstår at fleire stiller spørsmål ved at Kristian Tonning Riise ikkje får innsyn i varsla mot seg.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Fekk tydeleg avslag

Det var i eit møte for ti dagar sidan at Riise blei nekta innsyn i dei mange varsla om seksuell trakassering, fortel Finn Krokeide, advokat til Riise.

– Vi bad om innsyn i eit møte med Høgre for ti dagar sidan, men det blei som kjent avslått. Han har heller ikkje fått innsyn sidan då, seier Krokeide.

Dermed får ikkje Riise gitt sin eigen versjon, noko advokaten er langt frå fornøgd med. Siste ord treng ikkje å vere sagt.

– Vi vurderer fortløpande om vi skal fremje ei ny og meir formell oppmoding om innsyn. Her er det fleire omsyn som skal takast, men det er noko vi vurderer fortløpande, fortel Krokeide til NRK.

Han ønskjer ikkje å kommentere noko meir om varsla på noverande tidspunkt, og ønskjer ikkje å kommentere bakgrunnen for kvifor Høgre nekta dei innsyn.

– Lista hadde vore kortare

Aarset i Høgre seier dei vil behandle ei formell oppmoding om innsyn dersom den kjem.

– Men per no kan vi ikkje sjå på kva grunnlag Riise skal få innsyn i alle saker som går på han, seier generalsekretæren.

Høgre har fått inn totalt 21 varsel om seksuell trakassering, fordelt på 12 personar. Aarset seier til NRK at fleire av dei andre det er varsla mot òg kan bli nekta innsyn. Lovnaden om at det varslarane fortel er fortruleg, veg tyngst.

– Om vi ikkje kunne lova fortrulegheit, hadde lista over varslingssaker vore kort.

– Er du sikker på det?

– Ja, det er eg heilt sikker på. Lista hadde vore vesentleg kortare. Og det er eit stort poeng for oss no, når vi er i situasjonen vi er i, å få alt på bordet. Då må vi gjere alt vi kan for å fjerne tersklar for å varsle, meiner Aarset.

AKTUELT NÅ