Politiet i gang med undersøking av Tonning Riise-saka

Politiet startar onsdag undersøkingar kring eit av varsla mot Kristian Tonning Riise, får NRK stadfesta av det aktuelle politidistriktet.

KTR

Kristian Tonning Riise trakk seg som Unge Høgre leiar 10. januar.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Varselet mot den tidlegare Unge Høgre-leiaren omhandlar sex med ei då 16 år gamal jente i svært rusa tilstand. Målet med undersøkinga er å finne ut om politiet skal opne etterforsking mot Tonning Riise, som trakk seg frå leiarvervet tidlegare denne månaden.

Fekk ordre frå statsadvokaten

Etter eit betydeleg medietrykk dei siste vekene bad måndag statsadvokaten politiet om å undersøke påstandane som har kome. Til NRK seier den aktuelle statsadvokaten at ordren er gjeve ut frå medieopplysningar.

Det var Aftenposten som fyrst omtalte hendinga frå eit fylkesårsmøte i 2014, med påstandar om at Kristian Tonning Riise hadde seksuell omgang med ein svært rusa 16-åring.

Kristian Tonning Riise har i ei tekstmelding til NTB seinare skrive at "eg er positiv til at denne saka vert belyst grundig og objektivt. Eg har tidlegare stadfesta at begge hadde drukke alkohol og hadde sex, og beklaga det djupt. Utover det kjenner eg meg altså ikkje att i saka slik den vert gjeve att i media".

Politiet i det aktuelle politidistriktet opplyser at dei onsdag går i gang med undersøkingane, og jobbar no med å fordele arbeidsoppgåver. Etter at undersøkingane er ferdige legg politiet fram sitt syn for statsadvokaten igjen, som då avgjer om det skal opnast etterforsking eller ikkje.

Statsminister Erna Solberg (H) sa på ein pressekonferanse i førre veke at Høgre vil vere hjelpsame dersom politiet tek kontakt.

I dag skriv VG at Høgre har sendt tekstmelding til fleire varslarar, for å orientere om at politiet kan få vite om innhaldet i fleire varsel om seksuell trakassering når dei tek kontakt med partiet.

LES OGSÅ: Her er elleve ganger Unge Høyre og Høyre ble gjort oppmerksom på Kristian Tonning Riises oppførsel

Høgre: Tonning Riise skal få gje ei forklaring

Når det gjeld Høgre si handsaming av saka, skal ikkje Kristian Tonning Riise få innsyn i varsla mot han, det stadfesta generalsekretær Jon Ragnar Aarset i Høgre tysdag.

– Men har ikkje han rett til å forsvare seg?

– Vi kan ikkje sjå at han har rett til å få sjå kvar enkelt varslingssak og det kjem han ikkje til å få. Men han kjem til å få høve til å gje ei forklaring til partiet om kva han har opplevd og korleis han ser på denne situasjonen, men vi har ikkje kome dit enno, seier Aarset.

Kristian Tonning Riise er for tida sjukemeld. Advokaten hans Finn Krokeide skriv onsdag i ein sms til NRK at han ikkje ynskjer å kommentere saka.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger