Hopp til innhold

Grande: – Det blei ikkje det klimavalet vi håpa på

Venstre-leiar Trine Skei Grande forstår at mange i partiet er skuffa etter kommunevalet, men ho meiner ho framleis er den rette til å stake ut vegen vidare.

Kommune- og fylkestingsvalget 2019. Venstres valgvake

VIL VISE BREIDDE: Lokalvalet gav ikkje den grøne bølgja Venstre-leiar Trine Skei Grande hadde håpa på. Fram mot stortingsvalet om to år ønsker ho å vise fram meir av politikken til partiet.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Dei siste dagane har debatten om Trine Skei Grande er den rette til å leie Venstre fram mot stortingsvalet i 2021, etter at partiet måndag gjorde sitt dårlegaste val sidan 2003.

Misnøya har gjort at fleire har teke til orde for endringar i partileiinga, og fleire skal ha sendt framlegg om dette til valkomiteen til Venstre.

Grande sa tidlegare i veka at ho visste kva som skal til for å løfte partiet fram mot valet om to år, og i Politisk kvarter fredag gjentok ho at ho var den rette til å leie partiet vidare.

– Eg forstår at lokallagsleiarar er frustrerte, og at det ikkje gjekk slik ein trudde. Det er også mitt ansvar. Men så er det også min jobb å stake ut kor vi skal vidare og korleis Venstre skal fornye seg.

Hvordan har oppslutningen til Venstre endret seg?

Grafen viser Vs oppslutning på landsbasis fra de siste kommunevalgene og for 2019.

10 %5 %0 %1999200320072011201520194.4%3.8%5.9%6.3%5.5%3.88861%3,9 %

Blei ikkje klimavalet dei håpa på

Ein av tinga Grande meiner gjekk gale i valkampen til Venstre, var at dei ikkje fekk vist breidda i politikken til partiet godt nok. Sjølv om MDG gjorde svært gode val fleire stader i landet, blei ikkje dette det klimavalet Venstre hadde trudd og håpa på, seier ho.

– Vi jobba mykje med klima- og miljøprofilen til Venstre, men vi må også vide oss ut og klare å vere det klare, klassiske, liberale partiet i Noreg.

Leiardebatten i Venstre har halde på lenge, og forholdet mellom Grande og Abid Raja har fått stor merksemd. Det har vore spekulasjonar om at han ønsker å bli leiar, men det har Raja avvist.

Grande og Raja gir hverandre en high five

GODT LIKT: Forholdet mellom Trine Skei Grande og Abid Raja har fått stor merksemd. Ei ny måling viser at Raja er langt meir populær enn Grande som politikar. Grande meiner det er positivt at partiet har profilar som er godt likte blant folket.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Fredag presenterte Aftenposten ei undersøking som viser at folket likar Raja langt betre enn Grande som politikar. Men det tek Venstre-leiaren med knusande ro.

– Når eit parti skal setje saman eit team, må vi har personar med ulike styrkar og profilar. Nokon av oss har bryna oss på leiarerfaringar lenge, som har vore krevjande til tider. Det er ikkje alltid med å løfte deg oppover popularitetsmålingane. Men tillit og popularitet er to forskjellige ting.

Konspirasjonar

Etter det skuffande valet, meiner Grande det er på tide å sjå framover mot stortingsvalet. Og då trur ho det blir viktig for partiet å ha fleire bein å stå på. Ho ønsker å vise ei større breidde i politikken til Venstre.

I tillegg meiner ho meiner ho utviklinga i media og samfunnet elles gjer at dei må utvikle ny politikk på andre område.

– I ei ny verd med sosiale medium der konspirasjonsteoriar og falske nyheiter blir spreidde ut til folk, trur eg vi må utvikle ein ny openheitskultur i offentleg sektor. Vi må tenke på nye måtar å få fram den offentlege debatten, det er det berre eit liberalt parti som kan gjere, og tradisjonelt har gjort.

AKTUELT NÅ