Venstre-toppar diskuterer endringar i partileiinga etter krisevalet

Skuffelsen er stor i Venstre etter det dårlegaste valet for partiet sidan 2003. No blir det interne rundar om partileiinga bør bli skifta ut etter sju år.

Kommune- og fylkestingsvalget 2019. Venstres valgvake

Leiar for Venstre Trine Skei Grande under valvaka til Venstre på Vega scene i Oslo.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

– Det vil nesten vere hårreisande oppsiktsvekkande om ikkje fornying blir debattert, seier valkomitéleiar Per A. Thorbjørnsen.

Per A. Torbjørnsen

Per A. Thorbjørnsen leiar valkomiteen i Venstre og gruppa til partiet i Stavanger bystyre.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Venstre fekk i går 3,9 prosent i kommune- og fylkesstyrevalet og gjorde sitt dårlegaste val sidan 2003.

Partileiar Trine Skei Grande vil likevel halde fram. Ho seier dei i kampen mot einsaksparti har vore for dårlege på å få fram kva Venstre står for ideologisk, men at ho vil jobbe for å løfte partiet inn mot neste stortingsval.

– Eg veit kva som skal til for å få til gode resultat, seier Grande på veg inn til sentralstyremøte i Oslo dagen etter det store valnederlaget.

Venstre sentralstyremøte.

Partileiar Trine Skei Grande på veg inn til sentralstyremøte i Venstre dagen etter valet.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Landsmøtet har fornya tilliten til ho og nestleiarane Terje Breivik og Ola Elvestuen kvar gang dei har vore på val sidan 2012.

Men spørsmålet er no om partiet er like samd i at nettopp dette topplaget kan greie å løfte partiet til nye høgder.

Hvordan har oppslutningen til Venstre endret seg?

Grafen viser Vs oppslutning på landsbasis fra de siste kommunevalgene og for 2019.

10 %5 %0 %1999200320072011201520194.4%3.8%5.9%6.3%5.5%3.88861%3,9 %

Ville ikkje regjere med Frp

Sjølv om valkomitéleiar Thorbjørnsen er skuffa over Venstres låge oppslutnad både lokalt og nasjonalt, vil han ikkje kommentere no om dei bør gjere endringar i leiartrioen, eller kva partiet bør gjere for å auke oppslutnaden før stortingsvalet i 2021.

– Eg vil unngå å kommentere det spørsmålet fordi nokon vil tolke det eg seier som ein del av debatten om leiarkabalen. Det er litt feigt, men for meg ryddig.

Samstundes held han fast ved det han har sagt offentleg tidlegare: I sommar sa han at det var naturleg å diskutere ei fornying.

Han var også ein av dei elleve i landsstyret som ikkje tilrådde å gå inn i regjering med Framstegspartiet.

– Må ha ein skikkeleg runde

Ein som snakkar hakket friare er Venstre-ordførar Alfred Bjørlo.

– Eg tenker at det skal vere ein skikkeleg runde på samansettinga av leiinga i månadane framover. Det er viktig at ein får jobbe internt og ikkje brukar media som mikrofonstativ, seier Bjørlo.

Trass i tilbakegangen i resten av landet, har Bjørlo og Venstre gjort eit brakval i den nye kommunen Stad. Her fekk partiet ein oppslutnad på 36,2 prosent. Det er nærmare ti gonger så stor oppslutnad som Venstre fekk nasjonalt.

– Det er surrealistisk, seier Bjørlo.

Alfred Bjørlo (t.h.) får sjokkmålinga frå Stad kommune.

Alfred Bjørlo (t.h.) får sjokkmålinga for Stad kommune på valdagen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Men mannen som skal ha blitt kalla «psykopat» av Venstre-leiar Trine Skei Grande, er uroa for partiet sitt. Han meiner det er viktig å løfte Venstre tilbake til gamle høgder.

– Vi må tenke korleis vi riggar leiinga i partiet for å løfte oss som eit liberalt parti. Vi ser at i andre land gjer dei grøne liberale sentrumspartia det godt. Det kan vi få til i Noreg også, seier Bjørlo.

Foreslår Melby og Rotevatn

Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark sit i valkomiteen til partiet. Han vil ikkje kaste Venstre-leiaren på dagen, men opnar for at leiinga i partiet treng fornying.

Sondre Hansmark

Sondre Hansmark leiar Unge Venstre og er med i valkomiteen i Venstre.

Foto: Oda Scheel / Pressefoto

Partileiinga har sete i mange år og det er ikkje noko nytt at ein i valkomiteen diskuterer alt på nytt. Men no treng vi yngre krefter inn i partileiinga og vi har flotte folk som står på døra og bankar på som Guri Melby og Sveinung Rotevatn. Dei ville det vore fint å få inn i partileiinga, seier Hansmark.

Guri Melby

Stortingsrepresentant Guri Melby i Venstre.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Håpar du på utskifting under landsmøtet til neste år?

– Eg reknar nesten med det, men vi skal ha ein diskusjon i valkomiteen på kven som er den riktige profilen til Venstre. Eg har ikkje behov for å kaste nokon ut akkurat no, men når partileiinga har sitte så lenge er det behov for å få inn yngre krefter leiinga. Det er naturleg å ta ein diskusjon på det, seier Hansmark.

– Meiner du at Grande skal trekke seg?

– Eg meiner ikkje at ho skal trekke seg no. Men det er naturleg at vi også diskuterer hennar posisjon i valkomiteen og det har ho også sjølv ønskt velkommen. Ho er glad for at vi har ein diskusjon om kven som skal bli den neste leiaren i venstre. Så får vi sjå kva Trine Skei Grande ønsker, seier Hansmark.

Rotevatn: – Regjeringsslitasje

Verken Guri Melby eller Sveinung Rotevatn vil kommentere noka leiar-fornying, og viser til valkomiteen.

Rotevatn minner om at han er med i sentralstyret, som også har ansvar for valresultatet.

– Men eg er gjerne med på å løfte partiet framover.

Sveinung Rotevatn på veg til sentralstyremøte i Venstre.

Sveinung Rotevatn på veg til sentralstyremøte i Venstre i dag.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Rotevatn meiner det at heile regjeringa går tilbake viser eit element av regjeringsslitasje.

– Om det her skal halde framover, må ein i større grad klare å samle seg om eit felles prosjekt som veljaren vil gi tillit til i 2021, seier han.

– Korleis skal de løfte oppslutninga til Venstre framover?

– Vi er nøydde til å tenke nytt, trur eg. Veljarane har gitt oss ein klar beskjed. Vi må klare å fornye oss og klare å vere det liberale prosjektet som veljarane kan samle seg rundt, slik dei har gjort før. Vi må vere tydelegare og sjå på vår eigen politikk med eit kritisk blikk. Vi kan ikkje skulde på nokon andre. Det er vår eigen feil at vi ikkje overtyder nok veljarar, seier Rotevatn.

Laster Twitter-innhold

Grande vil halde fram som leiar

Partileiar Trine Skei Grande sjølv er klar på at ho gjerne held fram som partileiar, men vil la valkomiteen gjere jobben sin i fred.

I dag er ho oppteken av å starte prosessen med å stake ut ein ny kurs, som ho vil presentere for vårens landsmøte.

– Første del av den jobben startar i dag. Eg trur vi treng eit klassisk liberalt parti i Noreg, som står opp for internasjonalt samarbeid, og som har meir samanhengande tankar enn berre enkeltsak ved val.

Ho understrekar at det er i nettopp det regjeringssamarbeidet Venstre er med i i dag at partiet kan få gjennomslag for dei liberale sakene sine.

– Korleis opplever du at Venstre er blitt så bittelite?

– Så bittelite har vi ikkje vorte, fri og bevare meg. Dette skal vi klare, seier partileiaren.

Skal lage ny strategi

Sentralstyret til Venstre vart tysdag ettermiddag samde om å evaluere valet og få fakta på bordet om årsakene til det dårlege valresultatet.

Dei set i gang eit strategiarbeid i samarbeid med stortingsgruppa.

Foran landsmøtet til våren skal også prinsipprogramkomiteen leia av statsråd Iselin Nybø bidra til å meisle ut ein ny profil for Venstre som eit grønt og liberalt parti. Her er det også venta at det kjem ein ny Europa-debatt.

SISTE NYTT

Siste meldinger