Hopp til innhold

Fifa beklagar ikkje pågripingane: – Ynkeleg

Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) beklagar ikkje hendinga der to NRK-journalistar blei pågripne og fengsla i Qatar. Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen reagerer sterkt, Ståle Solbakken meiner det er ynkeleg av Fifa.

Thor Gjermund Eriksen og Ståle Solbakken

KRITISKE TIL FIFA: Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen (t.v.) og landslagssjef Ståle Solbakken er ikkje særleg nøgde med pågripinga av dei to NRK-journalistane.

Foto: NTB

I ei melding til media onsdag kveld skriv Fifa at dei har vore i kontakt med VM-arrangørane i Qatar for å finne ut årsaka til at NRK-journalistane blei haldne igjen.

I meldinga blir det ikkje beklaga at Halvor Ekeland (32) og Lokman Ghorbani (45) blei pågripne av politiet.

Ingen kritikk mot Qatar

– Vi har vore jamleg i kontakt med dei lokale arrangørane og NRK for å fastslå omstenda kring interneringa av eit NRK-mannskap i Doha dei siste dagane, skriv Thayssa Plum i Fifa «på vegner av ein Fifa-talsperson».

I pressemeldinga kjem det ingen kritikk eller orsaking for hendinga.

Derimot vel dei å peike på at regjeringa i Qatar har sagt at NRK-journalistane ved kunnskap og vilje braut lova ved å trenge inn på privat eigedom.

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen reagerer sterkt på uttalen frå Fifa.

– Eg trudde nesten ikkje det eg las. Det ser ikkje ut som dei har skjønt kva som skjedde. At eit team på to journalistar altså blir arresterte, fengsla, fråteke alt utstyr og nekta å ringje verken arbeidsgivar eller familie, står sjølvsagt på ingen måte i forhold til den påstanden om at dei skal ha filma på feil stad, seier han.

Landslagssjef Ståle Solbakken meiner at uttalen frå Fifa er eit sjølvmål.

– Eg tenker den er ynkeleg og den talar sitt eige språk. Dette gjer det vanskelegare for Fifa å få forståing for at dei tek pressefridomen på alvor, seier Solbakken til NRK.

Han meiner pressemeldinga er lite truverdig.

– Det skapar usikkerheit om qatarske styresmakter og Fifa som organisasjon i det heile har forstått kva dette dreier seg om.

Kalla inn til UD

Pågripingane av Ekeland og Ghorbani har skapt sterke reaksjonar, no er den qatarske ambassadøren kalla på inn på teppet til utanriksministeren.

Dei to NRK-journalistane var på reportasjereise til Qatar i samband med fotball-VM som skal arrangerast i landet neste år.

Ein meisterskap som er svært omstridd på grunn av forholda for framandarbeidarar i landet.

– Vi har vore usikre, men det er veldig godt å vere heime i Noreg igjen no, sa Halvor Ekeland til norske medium tidlegare i dag.

NRK møter pressen etter hendelsen i Qatar

KOM HEIM ONSDAG: Lokman Ghorbani (45) og Halvor Ekeland (32) møtte norsk presse onsdag.

Foto: Trond R. Teigen / NTB

Klaveness er uroa

Toppfotballsjef Lise Klaveness reagerer også sterkt på at Fifa ikkje ein gong er villig til å beklage at dei norske journalistane blei pågripne.

– Responsen til Fifa er håplaus gitt bakteppet her at vi er eit år før VM og situasjonen mot kritisk journalistikk har tilspissa seg, ikkje berre i denne saka med NRK-journalistane, men og i eit par andre tilfelle, seier Klaveness.

Ho syner mellom anna til arbeidet fotballmagasinet Josimar har gjort.

– Fifa kastar vekk ein veldig veldig viktig moglegheit for å ta vekk den tilspissinga som har skjedd dei siste vekene i Qatar rundt dette, seier Klaveness.

– Kva trur du konsekvensen blir av reaksjonen til Fifa?

– Det klarer eg ikkje å spå. Vi må bruke vår stemme. Nokon gongar får eg spørsmål «Kva vil det hjelpe», men vi har ikkje noko val. Den einaste moglegheiten vi har er å snakke med høgast mogleg stemme i dei kanalane vi har tilgjengeleg og ikkje stå åleine i det.

Ho meiner at det er tydeleg at qatarske styresmakter har latt seg provosere av norske aksjonar, både på og utanfor bana og at dei skrur litt til no.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger