Hopp til innhold

FHI: Nedgang i talet på smittetilfelle

FHI sin vekerapport viser ein nedgang i talet på smitta førre veke. Dette kan vera eit resultat av smittetiltaka som blei innført nasjonalt dei to fyrste vekene av 2021, skriv FHI.

Koronatesting på Spelhaugen i Fyllingsdalen i Bergen

Koronatesting på Spelhaugen i Fyllingsdalen i Bergen.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

FHI sin vekerapport om koronavirus og covid-19 for veke 2 viser at talet på melde smittetilfelle har gått ned.

Sist veke blei det registrert totalt 2972 tilfelle av covid-19 i Noreg, noko som er ei ein nedgang på 36 prosent frå veka før, der 4646 blei meldt.

Samstundes har det vore ein nedgang på 29 prosent i talet på personar som har blitt testa.

I veke 1 blei rekordmange testa. Andelen positive blant dei som har blitt testa, gjekk ned frå 2,5 prosent i veke 1 til 2,2 prosent i veke 2.

Talet på nye innleggingar har vore relativ stabil dei siste fire siste vekene. I veke 2 er det førebels rapportert om 86 nye innlagde pasientar.

Det er også ein nedgang i talet på innleggingar på intensivavdeling i veke 2. I veke to var det 14 nye innleggingar i intensivavdelinga, i veke 1 var 24 innleggingar på intensivavdeling.

Tala på dødsfall viser også nedgang. Det er førebels meldt om 28 dødsfall i veke 2, som er ein nedgang frå veke 1 då dei blei meldt 36 dødsfall.

Eit resultat av tiltaka

Forsterka smitteverntiltak blei innført nasjonalt dei første to vekene av 2021.

Nedgangen i melde tilfelle sist veke kan vera eit resultat av desse tiltaka, skriv FHI.

Måndag kom dei nye nasjonale reglane frå regjeringa. Då vart skjenkestoppen oppheva, og anbefalinga om å ikkje ha besøk.

Samstundes vil det framleis vera skjenkestopp og sosial nedstenging i Oslo, men byrådet opnar opp for fritidsaktivitetar og idrett innandørs for born i barneskulealder.

R-talet er også fallande.

Matematisk modellering viser at smittespreiinga sannsynlegvis har vore aukande frå desember med eit gjennomsnittleg reproduksjonstal på 1,07. Smittespreiinga har vore fallande sidan 4. januar med eit gjennomsnittleg reproduksjonstal på 0.7.

Dette betyr altså at kvar smitta person igjen smitta 0,7 person i snitt.

Over 50.000 er vaksinerte

54 697 er vaksinerte ned den fyrste dosen av koronavaksinen til no, ifølgje FHI. 965 personar har så langt fått dose nummer to. Det skriv NTB.

Onsdag melde også Trondheim kommune at dei skal vaksinera 150.000 innbyggjarar før sommaren.

Alle fylka er i gang med vaksinasjon, og 355 kommunar har registrert koronavaksinasjon, skriv FHI i vekerapporten frå veke 2.

Auking i talet på importsmitte

To nye virusvariantar er påviste i Noreg. Så langt er det påvist 33 tilfelle av UK-varianten og 1 tilfelle av varianten frå Sør-Afrika, skriv FHI.

Alle er direkte importtilfelle eller nærkontaktar til desse, melder FHI vidare.

FHI skriv i vekerapporten at talet på smitta i utlandet har vore høgare dei siste to vekene enn dei føregåande.

Der kor informasjon er tilgjengeleg, indikerer data at andelen kjent smitta i utlandet auka frå 7 prosent i veke 53 til 18 prosent i veke 1, og var 16 prosent i veke 2. Oftast oppgitte smitteland var Polen, skriv FHI.

Dei skriv vidare at dette truleg kjem av innreise etter jule- og nyttårsferie og innføring av obligatorisk testing ved framkomst.

Minst 621 personar har hittil i januar tatt med seg koronasmitte frå utlandet til Noreg, opplyser FHI til NTB. Det er rundt dobbelt så mange som i heile desember. I Oslo er aukinga enda kraftigare.

– Det har vore ei betydeleg auking i importsmitten no rett etter jul, seier fagdirektør Frode Forland i Folkehelseinstituttet (FHI) til NTB.

Tal frå det nasjonale smitteregisteret MSIS, viser at 6,7 prosent av dei nye smittetilfella etter nyttår kan sporast til utlandet.

Det er nesten tre gonger så høg andel som i desember, da 2,3 prosent av tilfella stamma frå utlandet. Totalt blei det registrert 315 tilfelle av importsmitte i desember.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger