Hopp til innhold

Doblar fleire koronabøter i Oslo

Oslo politidistrikt doblar bøtesatsane for fleire koronarelaterte lovbrot etter smittevernlova, opplyser dei i ei pressemelding. Brot på skjenkeforbodet og forbodet mot å vere samla fleire enn ti er blant satsane som no er auka.

Beate Brinch Sand, påtaleleder ved Oslo politidistrikt

Fleire av bøtesatsane for koronalovbrot aukar i Oslo. Beate Brinch Sand i Oslo politidistrikt seier dette viser kor alvorleg dei ser på slike brot på reglane.

Foto: Ole Jørgen Kolstadbråten / NRK

Mange har blitt straffa med bøter for ulike brot på smittevernreglane dei siste månadane. No blir bøtesatsane skjerpa, og då kan det svi ekstra på pungen dersom ein bryt koronareglane.

Riksadvokaten har oppdatert og forlenga pandemidirektivet fram til sommaren. Her gjev dei blant anna rettleiing til bøtesatsane for brot på koronarelaterte lovbrot.

I forbindelse med dette aukar Oslo politidistrikt no fleire av bøtesatsane sine, skriv dei i ei pressemelding. For enkelte av brota er det snakk om ei dobling.

– Understrekar alvoret

Blant anna aukar bøtene for brot på forbodet mot private samkomer med fleire enn ti personar frå 10.000 til 20.000 for arrangør, og frå 5.000 til 10.000 for deltakarar.

Minstesatsen for brot på forbodet mot alkohol har også auka frå 10.000 til 20.000 kroner. Men det er mogleg å gi bøter opp mot 50.000 kroner for brot på dette forbodet.

– Denne auken av bøtesatsane understrekar alvoret i å bryte koronareglane. Alle har eit ansvar for å ta vare på smittevernet, seier påtaleleiar Beate Brinch Sand i Oslo politidistrikt i pressemeldinga.

Ny bøtesats

Brot på plikta til stenge offentlege stader med arrangement innandørs har meir enn dobla seg frå 20.000 til 50.000 kroner.

Etter at det blei innført obligatorisk testing på grensa, har det kome meldingar om at folk har droppa å teste seg for covid-19. No kan dei som bryt denne plikta bli straffa. Det blir innført ein ny bøtesats på 20.000 kroner for dei som ikkje testar seg ved innreise. Oslo har ikkje hatt ein eigen bøtesats for dette tidlegare.

Trøndelag politidistrikt opplyser til NRK at dei også kjem til justere bøtesatsane i tråd med retningslinjene til Riksadvokaten.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT