Hopp til innhold

Nettselskap seier utsetjing blir dyrt – for kundane

SV og regjeringa vil vente med å innføre ny ordning for nettleige frå nyttår. Noregs største nettselskap åtvarar om at det vil koste, og at det blir kundane som må betale.

Strømpriser

STRAUMAVTALE: Regjeringa og SV er einige om ein ny straumavtale. Blant anna vil dei utsette den nye nettleige-ordninga.

Foto: Marius Helge Larsen / NTB

Den nye nettleiga skulle etter planen bli innført frå nyttår. Då vil det koste meir om du bruker mykje straum samtidig, medan du kan redusere rekninga dersom du klarer å spreie straumbruken utover døgnet.

Men fredag morgon kunngjorde Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV at dei har blitt einige om ein straumpakke, og å utsette ordninga til våren 2022.

Men det kan bli vanskeleg, for ikkje å seie umogleg, hevda interesse- og arbeidsgjevarorganisasjonen Energi Norge tidlegare i dag.

– Vi har innretta oss lojalt til at dette skulle bli innført frå nyttår. Og vi har informert både Stortinget og regjeringa om at det no er for seint å utsette reforma, seier administrerande direktør Knut Kroepelien til NRK.

Knut Kroepelien

Administrerande direktør Knut Kroepelien meiner det ikkje er mogleg verken praktisk eller teknisk å vente med å innføre ny nettleige.

Foto: Caroline Roka / Energi Norge

Var mogleg likevel

I løpet av dagen har så fleire nettselskap sagt at det er mogleg å utsetje reforma, og at dei vil gjere nettopp det. I Dagsnytt 18 vedgår Kroepelien at det lar seg gjere for nokre selskap.

– Nokre selskap har førebels ikkje tatt kundane over i nye ordningar, det har valt å vente og vere forsiktige med kommunikasjon. Dei kan no vel å gå tilbake, seier Kroepelien.

Men han understrekar at det kan bli veldig vanskeleg for andre selskap.

– Dei har innført nye datasystem, dei har kommunisert rundt dette, dei har lagt kundane over. Korleis det er mogleg for dei å reversere 17. desember noko som skal skje 1. januar, er vi usikre på, seier han.

Kroepelien seier selskapa har jobba i eit halvt år for å få på plass systema som trengst for å gjennomføre omlegginga. Dei har heile vegen fått forsikringar frå regjeringa om at ho blir gjennomført.

– Vi meiner dette er ei god og rett ordning som vil gjere at grupper med lågt og jamt forbruk får lågare nettleige. Nå må det vere politikarane sjølve som må ta ansvaret for den situasjonen vi har kome i, seier Kroepelien.

Seier kundane må betale

NRK har vore i kontakt med fleire av dei største nettselskapa i Noreg for å finne ut kva dei vil gjere. Elvia er Noregs største selskap, ifølge ei oversikt frå NVE. Kommunikasjonssjef Morten Schau seier dei har lagt ned mykje arbeid for å gjere seg klare til innføringa.

– Vi har jobba hardt i fleire månader for å tilpasse alle systema, så vi kan innføre nye tariffar frå nyttår.

Han seier selskapet trur det er mogleg å snu, men at det vil koste mykje pengar.

– Det må vi rekne litt på, men at det vil balle på seg mykje kostnadar er heilt sikkert. Det er jobba veldig mykje for å innføre den nye modellen.

– Kven må betale desse kostnadane?

– Det vil gå ut over våre kundar, seier Schau.

Han seier Elvia vil velje kva dei skal gjere i løpet av helga. Også Arva og Glitre seier dei trengjer helga på å områ seg.

Vil vente med reforma

Nettselskapa seier det er både praktiske og tekniske grunnar som kan gjere det vanskeleg å reversere ordninga. Blant anna må kundane flyttast over i den nye modellen. Lnett, tidlegare Lyse Elnett, seier dei vil halde fram med dagens modell.

– I utgangspunktet skulle vi ha flytta kundar over i ny modell i går, men måtte av praktiske omsyn utsette det til måndag. Det gjer at vi kan reversere. Hadde vi flytta over, ville vi ikkje kunne gjort det, seier administrerande direktør Håvard Tamburstuen til NRK.

Han seier dei vil lytte til dei politiske signala. Om det er eit politisk ønske om å utsette, vil dei gjere det, seier han.

Også Haugaland Kraft og Norgesnett seier til NRK at dei vil vente med å innføre den nye nettleigemodellen frå nyttår.

– Tonedøvt

Administrerande direktør Bård Folke Fredriksen i Norske Boligbyggerlags Landsforbund, NBBL, reagerer på at Energi Norge hevda det ikkje er mogleg å reversere ordninga no.

– Det ville vere fullstendig tonedøvt av energibransjen å ikkje lytte til Stortinget. Stortinget har blitt einige om ein straumpakke som er viktig for norske husstandar, og då står det ikkje til truande at det er umogleg å la vere å innføre nye nettleiger.

Bård Folke Fredriksen

NBBL-direktør Bård Folke Fredriksen meiner nettselskapa bør kunne halde fram med dagens nettleige fram til ein har fått modellar som treff betre for forbrukarane på bordet.

Foto: Anders Fehn

Han vil be om eit møte med dei største nettselskapa for å høyre kva dei tenker å gjere frå nyttår. Fredriksen meiner det må vere mogleg å vidareføre dagens ordning inntil vidare.

– Eg forstår at det kan vere praktiske ulemper ved det, men ein har klart å fakturere etter dagens modellar fram til desember. Og då må dei med respekt å melde kunne klare å gjere det vidare, medan ein jobbar med modellar som treff betre for forbrukarane.

SV meiner nettselskapa kan betale sjølv

SVs energipolitiske talsperson, Lars Haltbrekken, har lite til overs for utspelet til Energi Norge. Han åtvarar organisasjonen og nettselskapa mot ikkje å gjere som fleirtalet på Stortinget ber om.

– Det er sjølvsagt mogleg å vidareføre dagens ordning, og fråsegnene til Energi Norge-sjef Knut Kroepelien bidreg til å skape usikkerheit hos dei som no er engstelege for kva den nye ordninga vil ha å seie for straumrekninga, seier han i ein e-post til NRK.

SVs energi- og miljøpolitiske talsperson Lars Haltbrekken.

Energipolitisk talsperson i SV, Lars Haltbrekken, meiner utspelet frå Energi Norge skaper usikkerheit.

Foto: Kristine Ekrheim Vikedal / NRK

Når NRK spør ham om ikkje kundane kan måtte betale dyrt for å utsetje reforma, svarer han:

– Eg tviler på at det vil ha så store kostnadar. Men om det har det, er vel nettselskapa i ein slik situasjon no om dagen at dei kan ta ein del av dei kostnadane sjølv.

Meiner partia vinglar

Andre nestleiar i Frp, Terje Søviknes. seier det er bra at avtalen er på plass, men meiner han kjem altfor seint.

– Regjeringa vinglar vidare, men det er uansett bra at ny nettleige blir utsett. Dette kunne regjeringa avklart for lenge sidan, og med det fjerne usikkerheita for folk flest.

Medan Høgre meiner avtalen mellom regjeringspartia og SV på Stortinget er useriøst, og at vedtaket held folk for narr.

– Regjeringspartia og SV vinglar fram og tilbake nokre dagar før endringane skal tre i kraft, og skaper no eit inntrykk av at ny nettleigemodell ikkje vil bli innført frå nyttår. Sanninga er at nettselskapa har høve til innføre modellen frå nyttår, seier energipolitisk talsperson Nikolai Astrup.

Kan innføre frå nyttår

Seinast tidlegare denne veka stadfesta regjeringa at det ikkje var aktuelt å utsette den nye nettleigemodellen.

Amund Vik, statssekretær i Olje og energidepartementet

Statssekretær Amund Vik (Ap) i Olje- og energidepartementet stadfestar at dei selskapa som er klare til å legge om nettleiga frå nyttår, kan gjere det.

Foto: Arvid Samland/OED

Statssekretær Amund Vik (Ap) i Olje- og energidepartementet stadfestar i ein e-post til NRK at nettleigeselskapa kan innføre den nye ordninga frå nyttår, uavhengig av avtalen som er gjort på Stortinget.

– Det som no blir utesett er plikta til nettselskapa til å ha meir effektbaserte tariffar. Mange nettselskap er klare til å innføre ordninga, og dei kan gjere det, seier Vik.

Han seier avtalen på Stortinget går ut på at forskrifta med kravet om innføring blir utsett. Det gjer at dei selskapa som enno ikkje er klare, kan vente med å innføre ordninga.

– Fleire nettselskap er allereie klare til å innføre ordninga. Det kan dei gjere som planlagt, men kravet om at dei skal gjere det, blir utsett, seier han.

– Syltynt politisk arbeid

Kommunikasjonssjef Thor Bjørn Omnes i Lede, som er nettselskapet Skagerak Energi, seier dei er usikre på om dei vil innføre den nye ordninga frå nyttår eller ikkje, men dei vurderer det.

Men han seier han er svært overraska over at politikarane kjem med dette no, og seier det har mange praktiske konsekvensar sidan dei det siste halvåret har jobba med å innføre den nye modellen.

– Eg tenker at her har stortingspolitikarane opptredd som nordsvenske knivseljarar på handelsstemne. Og dei har heilt på slutten, for å få til ein avtale, putta nettselskapa oppi posen. Det verkar som syltynt politisk arbeid, seier han.

AKTUELT NÅ