Dette er straumpakken som SV og regjeringa er blitt einige om

SV, Sp og Ap legg fram kor stor del staten skal betala av straumrekningane til folk.

Ap, Sp og SV skal vera einige om straumtiltak.

SV og regjeringa er einige om straumpakke.

– Eg er svært glad for at Ap, Sp og SV har blitt einige om ein kraftfull straumpakke som vil gi folk tryggleik gjennom vinteren, seier Arbeidarpartiets energi- og miljøpolitiske talsperson Terje Aasland.

Pressekonferanse om strømstøtte

Terje Aasland (Ap) under pressekonferanse med regjeringspartia og SV einige om straumstøtte.

Foto: Lise Åserud / NTB

– No kan folk gå inn i jula med senka skuldrer i visse om at fellesskapet stiller opp, legg han til.

Auka pakken med 1,125 millardar

Regjeringa sitt forslag til straumpakke var i utgangspunktet på 4,6 milliardar, men SV har auka pakken med 1,125 milliardar kroner.

Ca. 460 millionar skal gå til auka kompensasjon til alle. 200 millionar går til kommunane som skal gå til sosialhjelp til fleire som treng støtte. 465 millionar skal gå til auka bustøtte i januar, februar og mars. 118 millionar går til bustøtte for desember.

– No har vi fått på plass ein ubyråkratisk og forståeleg modell som treff breitt og har ein sosial profil, seier Senterpartiets energi- og miljøpolitiske talsperson Ole André Myhrvold.

Pressekonferanse om strømstøtte

Ole André Myhrvold (Sp) under pressekonferansen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Partia er einige om:

  • Ap, Sp og SV vil auka stønadsgraden frå regjeringas føreslåtte 50 prosent til 55 prosent for å sikra hushaldningane i ein situasjon med høge straumprisar.
  • Ap, Sp og SV ber også regjeringa innretta ei ordning som gir likebehandling av hushaldningar i burettslag, sameiger, aksjeleilegheiter og einebustadar. Hushaldningar i burettslag, sameiger og aksjeleilegheiter blir kompenserte for både forbruk for fellesmålt straum og individuelle målarar, og for same tidsperiode som andre hushaldningar.
  • Dei er også einige om at bustøtteordninga skal utvidast slik at rundt 40.000 nye mottakarar kan koma inn i ordninga. I tillegg blir formuesreglane mellombels endra slik at fleire som eig bustad kan koma inn i ordninga.
  • Det er også semje om at rammetilskotet til kommunane blir auka med 200 mill. kroner for å dekkja meirutgifter til sosialhjelp som følgje av høge straumprisar
  • SV og regjeringspartia vil også venta med å innføra ei ny ordning for nettleige frå nyttår.
    Pressekonferanse om strømstøtte

    Lars Haltbrekken (SV) under pressekonferansen.

    Foto: Lise Åserud / NTB

– Vi har i tillegg fått utsett innføringa av ny nettleigeordning. Det er viktig, sidan denne ordninga har skapt stor uvisse hos mange. Avtalen er at nettleiga ikkje skal innførast våren 2022, så kjem SV til å jobba vidare for at den nye ordninga ikkje blir noko av, seier Lars Haltbrekken på pressekonferansen.

Samstundes seier Energi Norge at det ikkje er praktisk mogleg å utsetja den nye nettleigeordninga.

SV ville ha meir enn regjeringas forslag

Det var i dei seine kveldstimar torsdag at NTB og TV 2 først melde at Ap, Sp og SV var einige om straumpakken.

I fleire dagar har partia forhandla om korleis staten kan bøta på dei skyhøge straumrekningane folk får grunna dei ekstremt høge prisane ein har sett dei siste månadane.

Regjeringens forslag til endringer i statsbudsjettet

Parlamentarisk nestleiar Marit Arnstad i Senterpartiet og nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes i SV er to av tre som har forhandla om statleg straumstøtte på Stortinget. Tredje er Ap sin parlamentariske leiar Rigmor Aasrud.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Regjeringa la først fram eit forslag, men SV kravde at staten tok ein større del av straumrekninga til «vanlege folk». Og utan SV har ikkje regjeringa fleirtal statsbudsjett.

I energi- og miljøkomiteen blei partia ikkje einige. For å løysa flokane, blei forhandlingane løfta opp eitt nivå på Stortinget.

Sp og Ap vil ha raskt framdrift

Eit anna konfliktspørsmål er kor raskt saka skal behandlast i Stortinget, skriv NTB.

Sidan ordninga er lagt fram i form av eit lovforslag, må saka behandlast to gonger i Stortinget med minst tre dagars mellomrom.

Dei to regjeringspartia ønskjer at forslaga skal behandlast ferdig før jul, noko som i praksis betyr at vedtaket må gjerast første gong seinast laurdag og andre gong seinast tysdag.

Senterpartiet meiner at Stortinget bør førstegongsbehandla lovforslaget allereie fredag. Også Arbeidarpartiet har ønskt ei løysing raskt.

SVs standpunkt har vore at Stortinget om naudsynt bør halda eit ekstraordinært møte i romjula for å behandla saka for andre gong.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger