Hopp til innhold

Vil slå nettselskap saman for å redusere nettleiga: – Stort potensial

106 nettselskap leverer straum i Noreg. Rapport viser at straumkundane kan spare meir enn 2,6 milliardar om det var færre av dei.

Strøm, Strømpriser, høyspent, mast, elektrisitet

MILLIARDAR: Nettkundane i Noreg kan spara 2,6 milliardar i året frå 2025 om talet nettselskap går ned til 68, viser ein ny rapport frå NVE og Thema.

Foto: Paul Kleiven / NTB

«Straumkundane kan spare meir enn 2,6 milliardar i året, berekna frå år 2025», heiter det i ein rapport frå Noregs vassdrag og energidirektorat (NVE), utvikla i samarbeid med Thema.

Innsparinga tar utgangspunkt i eit scenario der talet på nettselskap kjem ned i 68. Då vil reduserte administrasjons-, innkjøps- og systemkostnader kome kundane til gode, forskotterer rapporten.

Det er eit potensial som kan takast ut gjennom auka digitalisering og stordrift ved samanslåingar, seier dagleg leiar i Thema, Gorm Lunde.

Talet på norske nettselskap går sakte nedover. I 2005 var det 135. I fjor var det 106.

Nedgangen skuldast i hovudsak at små aktørar er fusjonerte inn i større omkringliggande selskap.

Samanslåingar har iallfall tidlegare gjort det billigare for nettkundane. Då Tysnes Kraftlag slo seg saman med BKK i 2019 vart nettleiga redusert med 40 prosent.

Talet på norske nettselskap går sakte nedover. I 2005 var det 135. I fjor var det 106.

LAPPETEPPE: I fjor var det 106 nettselskap som leverte straum til norske kundar.

Foto: BKK

Vi kan utnytte kapasiteten i nettet betre

Nikolai Astrup (H) var moderniseringsminister i Solberg-regjeringa. I dag er han fraksjonsleiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Med færre nettoperatørar kan vi utnytte kapasiteten i nettet betre, seier han.

Han seier det vil vere til gagn for kundane, og at meir robuste selskap er naudsynt i møte med investeringsløftet som kjem.

Noreg har i dag eit straumforbruk på rundt 135 TWh i året. Og høgare skal det bli (sjå graf).

Fordi nettselskapa har monopol på å drive straumnett, har NVE i år pålagt energibransjen å gjere eit funksjonelt merkevareskilje mellom nettselskap og den kommersielle delen av selskapa.

Frå nyttår får norske straumkundar ny nettleige. Målet er at nordmenn skal byrje å bruke straum på ein smartare måte.

Møte i kontaktutvalget for partene i arbeidslivet. Nikolai Astrup.

GAGNAR KUNDANE: Nikolai Astrup (H) meiner færre nettoperatørar vil gagna kundane.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Reinspikka tøv

Knut Lockert er dagleg leiar i Distriktsenergi. Han kallar berekninga i rapporten for «reinspikka tøv».

Tøyer vi innhaldet i rapporten er vi nede på 600 millionar i fusjonsgevinstar, seier han.

Han legg til:

– Men då vert det ikkje tatt omsyn til tap av arbeidsplasser, lokal kjennskap til nettet og samfunnsregnskapet som aktiviten til selskapa attfører av inntekter til lokalsamfunnet.

Da Hafslund og Eidsiva slo seg saman i 2019, argumenterte dei med at rekninga ville bli mindre for veldig mange. Kraftgiganten eig om lag 100 vasskraftverk, og har rundt 900.000 nettkundar.

Sofie Marhaug (R) er 2. nestleiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Eg trur ikkje færre operatørar vil løyse problemet, seier ho.

Ho seier tanken om profitt og basale behov som straum ikkje går i hop, og at meir av logikken frå marknaden ikkje er det som skal til for å løyse krisa.

Problemet er at nokre tener gode pengar på høge prisar. Den prisen er det vanlege hushaldningar som tar.

Sofie Marhaug (Rødt) i Bergen bystyre våren 2019

INGA LØYSING: Sofie Marhaug (R) trur ikkje at færre nettselskap vil løysa problemet.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK Hordaland

Mykje å hente på at nettselskapa slår seg saman

I eit brev til Olje- og energidepartementet skriv BKK at samanslåingar kan redusere kostnadane ved innkjøp av materiell med inntil 40 prosent.

Det same skriv NVE på egne heimesider: «Det er grunn til å tro at nettleiga over tid vil gå ned, fordi samanslåingar vil kunne gi effektivitetsgevinstar».

Det er openbert at straumkundane har mykje å hente på at nettselskapa slår seg saman, seier nestleiar i Frp, Terje Søviknes.

Han legg til:

Nokre fusjonar har skjedd dei siste åra, men ikkje mange nok. Her må kommunepolitikarane, som eigarar av lokale kraftselskap, sjå kva som er best for sine innbyggjarar, og vere positive til oppkjøp eller samanslåing av det lokale kraftselskapet med større selskap.

Terje Søviknes på Frps valgvake. Fremskrittspartiet. Valgvaker i Oslo på valgdagen 13. september 2021. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

MYKJE Å HENTE: Terje Søviknes (Frp) meiner det bør skje fleire fusjonar av nettselskap i åra framover.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK