Hopp til innhold

Ekspertar uroa over endringar blant unge

Pandemien har påverka både aktivitetsnivå, vekt og kosthald. Og størst er endringa blant unge vaksne.

Yngvar Andersen (45) vil bli SV-politiker i Oslo.

Trenar Yngvar Andersen sitt råd når det gjeld trening, er å nullstilla seg.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

Det viser resultata frå «Den nasjonale folkehelseundersøkelsen 2020».

Det er i aldersgruppa 18 til 24 år at endringa er størst.

23 prosent i denne aldersgruppa meiner dei et mindre sunt no, enn før koronaen. I denne aldersgruppa er det også flest som seier dei har blitt mindre fysisk aktive.

Og mindre aktivitet og meir usunt kosthald har samanheng med vektoppgang. 34 prosent av dei mellom 18 og 24 år svarar at dei har gått opp i vekt det siste året.

– Resultata frå undersøkinga indikerer at nokre grupper har vore meir sårbare for endringar enn andre, og at pandemien har påverka kosthald og fysisk aktivitet hjå desse negativt, seier Marianne Abel, forskar ved FHI.

– Urovekkande

Ernæringsfysiolog, Mari Mohn Paulsen, meiner at resultata i undersøkinga kan koma av at mange, særskilt unge vaksne, har fått mindre struktur på kvardagen sin.

– Noko som igjen kan ha ført til ein endra måltidsstruktur med færre faste måltid og mindre fysisk aktivitet, seier ho.

Mari Mohn Paulsen. Ernæringsfysiolog

Mari Mohn Paulsen er ernæringsfysiolog og førsteamanuensis i kosthaldsforsking på Universitetet i Oslo.

Foto: Gunnar F. Lothe / UiO

Ho tykkjer det er urovekkande at dette ser ut til å ramma dei unge vaksne mest.

– Det kan vera uheldig dersom ein tek med seg dårlege vanar som har kome i løpet av koronaepidemien vidare i livet, seier ho.

Paulsen sitt råd er å prøva å oppretta gode vanar med regelmessige måltid, og dagleg fysisk aktivitet.

– Skil mellom kvardag og helg. Følg dei nasjonale kosthaldsråda, med eit hovudsakleg plantebasert kosthald med eit høgt inntak av grønsaker og frukt, samt grove kornprodukt, oppmodar ho.

– Og kom deg ut, få dagslys og ver i fysisk aktivitet i minst 30 minutt kvar dag, rår ho vidare.

– Begynn på nytt

I ei årrekkje har trenar og tidlegare Puls-programleiar, Yngvar Andersen, jobba for å fremja folkehelsa. Han er ikkje overraska over resultata i undersøkinga.

– Å leva sunt er vanlegvis vanskeleg. Når du får ytterlegare hindringar i vegen, er det veldig lite rart resultata blir som dei blir, seier han.

Som i likskap med Paulsen, gjev han råd om at ein må koma seg ut.

– Når det gjeld trening, er rådet å nullstilla seg.

Andersen meiner det er naturleg å ha dårleg samvit og snakka seg sjølv ned over kor lite ein har fått gjort i pandemien.

– Men det er ikkje konstruktivt. Begynn på nytt, seier han.

Trenaren sin draum, er å innføra 30 minutt fysisk aktivitet i arbeidsdagen eller skulekvardagen til alle menneske i landet.

Fem minutter gym og godt selskap. Med Yngvar Andersen.

Fem minutt gym og godt selskap. Med Yngvar Andersen.

– Har du hatt 70 år der du har bevegd deg nok, er også sjansen frykteleg stor for at du held fram i pensjonisttilværet.

Han håpar pandemien kan vera eit steg på vegen for å innsjå at vi treng hjelp.

– Og det er alt anna ein skammeleg, og har ingenting med latskap å gjera. Det er rett og slett slik vi er skrudd saman, seier han.

AKTUELT NÅ