Folk treng lys – Toril spenner på seg skøytene i lunsjen

HAFLSO (NRK): Meir fleksibilitet på arbeidsplassen gjer at fleire kan «snika» til seg sollys midt på dagen. – Alle på heimekontor bør ut i løpet av dagen, oppfordrar NHO og Virke.

GLAD PÅ SKØYTER: Toril Partenyi står på skøyter på Hafslovatnet i lunsjen kvar dag.

GLAD PÅ SKØYTER: Toril Partenyi står på skøyter på Hafslovatnet i lunsjen kvar dag.

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Me må bruka dagslyset, seier Toril Partenyi.

Sjølv tek ho lunsjpausen på Hafslovatnet i Sogn. Ein liten runde på skøyteisen gjer underverk for resten av dagen, seier ho.

Toril Partenyi brukar lunsjen på Hafslovatnet.

FRISK LUFT: Toni Partenyi sørgar for å få ein tur ut i løpet av dagen.

Foto: Sondre Dalaker

– Det er heilt herleg med frisk luft og å bevega seg litt. Eg kjenner at eg tenker betre når eg kjem inn att.

HAFSLOVATNET: Vatnet ligg i Luster.

– Viktig grep for den psykiske helsa

Før jul gjekk NHO og Virke samen med Norsk Friluftsliv med ei oppfordring til arbeidsgjevarar om å legge til rette for at tilsette på heimekontor får ein tur ut i løpet av dagen.

– Vi meiner det å legge til rette for at folk nå får litt dagslys og frisk luft et viktig grep for den psykiske helsa, sa Ole Erik Almlid, administrerande direktør i NHO.

Ein amerikansk studie frå tidlegare i år viste for eksempel at berre 10 minutt i fri luft kan vere nok til å redusere stress.

– Er du på heimekontor, så unn deg ein tur ut i lunsjen og nyt dagslyset, seier Bente Lier, som er generalsekretær i Norsk friluftsliv.

Hennar eigen ambisjon er å komme seg ut på ein liten tur kvar dag.

– Eg kjenner at både kroppen, hovudet og auga har veldig behov for å få litt dagslys og ein pause frå skjermen og digitale møter.

Bente Lier, Norsk friluftsliv

VIKTIG: Bente Lier er generalsekretær i Norsk friluftsliv, og meiner vi bør unne oss ein tur ut kvar dag.

Foto: Norsk friluftsliv

– Viktig å få litt dagslys

I Bane Nor innførte dei før jul ein møtefri time mellom halv tolv og halv eitt – for alle tilsette.

Timen er meint som et avbrekk frå stillesittande arbeid og ein mogelegheit til å komme seg ut, bevege seg og få litt frisk luft mens det framleis er dagslys, forklarar konserndirektør Beate Hamre Deck:

– Ordninga er basert på tillit. Vi ønsker å legge til rette for at dei tilsette skal ha ein best mogeleg jobbkvardag også på heimekontor. Det er også viktig å få litt dagslys.

Catharina Elisabeth Arfwedson Wang er psykologspesialist ved Institutt for psykologi, UiT Noregs arktiske universitet.

– Lyset påverkar heile vårt biologiske system, seier ho.

Ho minner om at «mennesket er ein del av naturen», og at sollyset påverkar både humøret og verketrongen.

– Å gå hjelper på å klarna tankane. Det å røra på seg gjer deg klårare i hovudet.

Godt for sjela, men også kroppen

Jostein Steene-Johannessen er leiar for Institutt for idrettsmedisinske fag, ved Noregs idrettshøgskole.

Uteliv er ikkje berre godt for sjela, men også for kroppen, seier han.

– Kvart skritt tel, spesielt på utviklinga av livsstilssjukdomar. Det å bevega seg lite grann kvar dag er betydningsfullt for kor stor risikoen er for å få slike sjukdomar seinare i livet. Det er det same med den psykiske helsa, det å vera i aktivitet beskyttar mot utviklinga av ei rekke psykiske lidingar.

Jostein Steene-Johannessen på NIH

GODT: Jostein Steene-Johannessen er leiar for Institutt for idrettsmedisinske fag, ved Noregs idrettshøgskole. Han meiner ein time i det fri er bra også for kroppen.

Foto: Kjetil Flekkøy

– Boost for lagfølelsen

– Ideelt sett hadde alle gått på skøyter på Hafslovatnet i lunsjen, seier Yngvar Andersen.

Han legg til:

– Eg har vore i kontakt med utruleg mange bedrifter i koronatida. Ein god del opplever at mange er fortvila og frustrerte. Det gjeld å bryta opp litt. Det er mi oppfordring til alle leiarar: At dei tilsette må få eit lite kvarter ute i dagslys.

I Førde hadde bedrifta Intin AS «skidag» for alle dei tilsette på torsdag.

– Det var eit forslag frå ein av dei ivrigaste, seier dagleg leiar Geir Henning Nore.

Han fortsett:

– Men resten av gjengen er ikkje seine å be, så det vart ein super skitur, som gav ein god boost for velvære og lagfølelsen.

I Førde hadde bedrifta Intin AS «skidag» for alle dei tilsette på torsdag.

SKIDAG: I Førde hadde bedrifta Intin AS eigen skidag for dei tilsette på torsdag.

Foto: Privat

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 08.03.2021
2 600
Smittede siste 7 dager
147
Innlagte
632
Døde
391 072
Vaksinerte