Hopp til innhold

Dette betyr tala

Når vallokala stenger, kjem grafane som avgjer kven som kan juble over resultatet. Men kva betyr tala? Kor mykje spenning er igjen? Og vil vi vente på ei stemmeurne i bilkø eller bli sjokkert av ein bortgøymd bunke med stemmer?

Høyres valgvake stortingsvalget 2017.

I kveld skal alt avgjøres. Hvem skal styre landet de neste fire årene? Vi teller ned til de første resultatene klokken 21, og guider deg gjennom natten. Programledere er Ingerid Stenvold og Ingunn Solheim.

Det mest dramatiske tidspunktet på valkvelden er klokka 21 når NRK og andre norske mediehus for første gong har lov til å formidle tal frå valet. Det fører til jubel på nokre valvaker og sveitte handflater og stive, nervøse smil på andre.

Og ikkje minst: Du kan fråtse i tal og etter kvart resultat på NRKs valresultatsider.

Men kor sikre er eigentleg tala?

Ei utrekning av sluttresultat

Det du får presentert på NRK1, radioens P1 og nrk.no klokka 21 er ein prognose. Prognosen vil endre seg utover kvelden og nærme seg det endelege resultatet.

Ein prognose er eigentleg ein kvalifisert spådom om sluttresultatet.

Eller spådom og spådom.

Det er jo ikkje slik at nokon har sett i kaffegruten og mana fram eit syn av kven som vinn valet. Prognosen er eit reknestykke som har som formål å seie korleis valet endar til slutt. Ein prediksjon eller eit estimat kan vi også kalle det, om du likar meir presise framandord.

Det blir vist fram prognosar for sluttresultatet på landsbasis og for kvart valdistrikt (dei tidlegare fylka). Når vi viser fram resultat for enkeltkommunar er det ikkje ein prognose, men resultatet av opptellinga så langt vi viser fram.

Oppslutning og representantar

Spådommen du får klokka 21 viser kor stor oppslutnad vi forventar at kvart enkelt parti har når alt er ferdig opptalt. Og ikkje minst viser prognosen kor mange mandat vi kan rekne med at kvart enkelt parti har på Stortinget i perioden 2021-2025.

Men hundre prosent presist treff ein prognose aldri. Resultatet for enkeltparti kjem til å bevege seg utover kvelden.

Dette bilde er en illustrasjon av hva som vil skje ved forhåndsstemmekontorene på valgdagen. Det er statister som viser oss hvordan man skal stemme.

DI STEMME: Når du har gjort ditt, er resten opp til dei som skal telje og rekne.

Foto: Amalie Henden / NRK

Kva er spenninga?

Grunnlaget for ein prognose ved eit norsk val er dei stemmene som er ferdig opptalte før klokka 21. I år har godt over 1,6 millionar personar stemt på førehand. Det er over 42 prosent av dei som har stemmerett og er soleklar rekord. Dei fleste av desse stemmene vil vere opptalt innan klokka 21. I tillegg vil ein del stemmer frå valdagen, der stemmelokala stenger før klokka 21, vere ferdig opptalte.

Sannsynlegvis gjer dette at alle norske medium har eit veldig godt talgrunnlag klokka 21, og kan slå fast med ganske stor grad av tryggleik om det går mot regjeringsskifte eller ikkje.

Spenninga i kveld vil i stor grad vere knytt til sperregrensa.

For det som er aller mest usikkert med prognosen er oppslutninga om dei fire partia som ligg nært sperregrensa på 4 prosent oppslutnad. Det gjeld både KrF, Venstre, MDG og Raudt. Er dei over 4 prosent får dei utjamningsmandat som gir langt fleire stortingsplassar.

Vi har alle vært der. Latet som om vi vet hvordan sperregrensen spiller inn på et valgresultat. Foran årets stortingsvalg er sperregrensen ekstra viktig, mange av småpartiene ligger an til å komme over fire prosent - og hei, da kan denne videoen kanskje være til hjelp. For deg.

Vi har alle vært der. Latet som om vi vet hvordan sperregrensen spiller inn på et valgresultat. Foran årets stortingsvalg er sperregrensen ekstra viktig, mange av småpartiene ligger an til å komme over fire prosent - og hei, da kan denne videoen kanskje være til hjelp. For deg.

Sidan prognosen reknar ut både oppslutning og mandat, vil ein prognose som viser 3,9 prosent gje eit slikt parti kanskje 2 mandat, mens viss resultatet faktisk kryp opp til 4,1, så kan det gje partiet 6-8 plassar.

Og at eit resultat flyttar seg nokre tidelar frå prognosen som blir presentert klokka 21, må ein rekne med.

Nervepirrande. Iallfall for dei det gjeld.

Pressekonferanse om regjeringens tredje krisepakke

GJENNOMBROT? Bjørnar Moxnes (R) og Une Bastholm (MDG) håpar på over 4,0 prosent.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

Ulike tal i media

Det vil truleg kome litt ulike prognosetal i norske medium klokka 21, fordi ulike medium kan basere seg på litt ulike prognoseformlar. Men vanlegvis er ikkje skilnaden på tala veldig stor.

Tenkinga bak er lik. Litt enkelt sagt blir dei ferdigtalte stemmene i kvar kommune samanlikna med tidlegare resultat i same kommune. Slik anslår ein framgangen eller tilbakegangen for kvart parti i kvar kommune. Dette blir summert til landsnivå, og så reknar ein inn denne framgangen eller tilbakegangen for kvart parti i den prosentvise oppslutnaden i oppteljinga så langt.

Dermed får vi eit tal som skil seg litt frå talet du ville fått om ein viste fram opptalte stemmer til no. Eit parti kan for eksempel ha fått 15 prosent av stemmene i oppteljinga når klokka er 21, men prognosen kan likevel vise 16 prosent fordi tala bak viser at ein kan forvente at partiet får inn fleire stemmer utover kvelden. I det tilfellet viser NRK 16-talet – fordi det truleg ligg nærmare det endelege resultatet.

Inga valdagsmåling frå NRK

SV-leiar Kristin Halvorsen valkvelden 2009.

FOR HØG: SV-leiar Kristin Halvorsen våga ikkje tru på NRKs valdagsmåling i 2009.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Valdagsmålingar var meir vanlege for nokre år sidan.

I ei slik måling kontaktar meiningsmålings-institutta veljarar som har avgitt stemme og spør kva dei stemte. Ei valdagsmåling kan vere meir presis enn meiningsmålingar i forkant av valet fordi folk faktisk har avgitt stemme. Men ei slik måling er dyr, den krev mange folk i arbeid som jobbar raskt, og det heile er utfordrande å gjennomføre.

I 2009 viste NRKs valdagsmåling at SV fekk 9,8%. Det stemte dårleg, partiet fekk berre 6,2% til slutt. NRKs vurdering i dag er at prognosar basert på stemmer som har kome inn gir eit meir presist resultat.

Raud og blå blokk

I nokre av NRKs grafiske visningar i kveld vil du sjå partia sortert i ei raud og ei blå side.

Årets valkamp har hatt tre statsministerkandidatar; Erna Solberg, Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum. Ein av desse kjem til å bli statsminister.

På den blå sida har fire parti erklært at dei støttar Erna Solberg som statsminister. Solbergs parti Høgre sit i regjering med KrF og Venstre, og ho kan rekne med støtte frå Frp.

Statsministerdebatt

STATSMINISTER: Solberg, Støre eller Vedum kjem til å styre landet vidare.

Foto: Berit Roald / NTB

Dei andre fem partia som sit på Stortinget i dag og ligg i posisjon til å kome inn igjen, har erklært at dei vil byte ut Erna Solbergs regjering. Dette gjeld Ap, Sp, SV, MDG og Raudt.

Sjølv om det er to statsministerkandidatar på raudgrøn side, Vedum og Støre, er begge einige om at dei vil skifte ut Solberg. Samtidig peikar fire parti på denne sida av midtstreken på Støre som ønska statsministerkandidat, ikkje på Vedum. Difor er Støre den mest sannsynlige statsministeren om det blir regjeringsskifte, og vi viser difor dei fem raud-grøne partia i ei raud blokk med bilete av Støre. Dei fire andre blir vist som ei blå blokk med bilete av Solberg. Prognosen vår spår kva for ei side som har fleirtal.

Dersom parti som ikkje sit på Stortinget i dag kjem inn, vil desse ikkje vere tildelt ein raud eller blå farge i NRKs grafiske visningar.

Draumen om 85

På Stortinget sit 169 representantar. 85 mandat gir fleirtal. Ei regjering må sørge for å ikkje få eit fleirtal mot seg.

Får den blå sida 85 mandat eller meir, kjem Erna Solberg til å vere statsminister i haust. Får den raude blokka 85 mandat eller meir er det sannsynleg at Støre kan bli statsminister.

Eit ekstra spenningsmoment er om dei tre partia som Støre og Lysbakken ønskjer som regjering, Ap, SV og Sp, har fleirtal åleine. Altså om dei tre partia til saman har minst 85 stortingsrepresentantar. Dersom dei har det, treng dei ikkje å ha støtte frå MDG eller Raudt for å få gjennom saker på Stortinget. Viss desse tre partia sit i regjering i ein slik situasjon vil det vere ei fleirtalsregjering.

Kan vi stole på tala?

Eit spenningsmoment i år har vore korleis pandemien vil påverke tala. På veg inn i valdagen tyder alt på at pandemien vil gi oss sikrare tal klokka 21 valkvelden.

Det har blitt meir og meir vanleg å stemme på førehand dei siste åra, men virus-situasjonen ser ut til å ha gjort at endå fleire har avgitt stemme i forkant av valdagen. Samtidig er det då færre veljarar som skal levere stemmesetelen på valdagen og det vil gå raskare for valfunksjonærane å telje opp valdagsstemmane og å rapportere dei inn. Per no ser det heller ikkje ut til at store lokale smitteutbrot øydeleggjer for valavviklinga i enkeltkommunar.

  • Fortsatt ikkje stemt? Ta NRKs valomat mens du hastar til vallokalet.

Asfaltering og ein konvolutt med 50 SV-røyster

Så langt vi veit no, vil vi altså ha fått inn mange stemmer klokka 21 og kan rapportere ein god prognose for sluttresultatet.

Men så mangt kan skje ein valkveld.

Problem med innrapportering eller tekniske utfordringar har ved tidlegare lokalval gjort at NRK har rapportert opptalte stemmer istadenfor ein prognose.

Ved førre stortingsval i 2017 ga norsk media prognosar til publikum, men i det jamne stortingsvalet den gongen var Venstres resultat heilt avgjerande. Det endelege utfallet for partiet visste ein ikkje før røystene i Bergen hadde kome inn.

Og der var teljinga forseinka fordi bilane med stemmesetlar hamna i kø på vegen til rådhuset.

Grunnen? Det var asfaltering i to tunnelar i forkant av sykkel-VM i byen.

Kva som kan skje i år er ikkje godt å seie i forkant. Men fullt så spinnvilt som i 1977 blir det nok ikkje. Den gongen var dei borgarlege partia i gang med samtalar om å overta regjeringsmakta før det dukka opp ein gjengløymd konvolutt med stemmer til SV i Nordland. Du kan lese meir i denne artikkelen frå 2009.

Kvar valkveld har si eiga spenningskurve. Ingen veit kva vi vil site og vente på i kveld.

Men noko blir det.

AKTUELT NÅ