Når klokka er 23.40 er 83,6 prosent av stemmene i Noreg talde. I Bergen er oppteljinga ikkje kommen like langt.
Fleire bilar med stemmer blei ståande fast i lange køar på grunn av asfalteringsarbeid på vegnettet i byen seint måndag kveld, skriv Bergens Tidende.
Erna etterlyste stemmene
Av dei offisielle tala til Valgdirektoratet, er det framleis berre førehandsstemmene som er talde. Det betyr at svaret på skjebnen til Venstre, som rundt midnatt vippar på sperregrensa, kan finnast i stemmebunkane i Bergen.
– Valresultatet er klart når alle stemmer er talt opp, og før det kan me sjølvsagt ikkje seia noko om resultatet, seier kommunikasjonssjef Kristina Brekke Jørgensen i Valgdirektoratet.
Erna Solberg er også gjort merksam på asfaltfloka i heimbyen.
– Det skal vera sykkel-VM i Bergen og er visst litt asfaltlegging som forseinkar oppteljinga der borte, sa Erna Solberg i sin tale på Høyre si valvake.
Vegtrafikksentralen: – Spesielt
Nygårdstunnelen og Løvstakktunnelen på riksveg 540 er stengd i begge retninger. Arbeidet og vegsteninga blei bestemt for lenge siden, seier Lise Kristophersen i Vegtrafikksentralen.
Ho er overraska over at stenginga har skapa problem for valseksjonen.
– Eg ser ikkje at det skulle føra til nokon veldige problem. Hadde dei fulgt med når me skulle stenga tunnelane, hadde dette kanskje kunne vore unngått, seier Kristophersen.
– Me har ikkje heilt oversikt over kor mange bilar det er snakk om, men det blir ein del venting i køar for bilane som leverer stemmer frå andre deler av byen, opplyser Ole Rasmussen, koordinator for finteljinga i Bergen rådhus.
– Kva tenker Vegtrafikksentralen om konsekvensane?
– Det er litt spesielt. Sykkel-VM er noko som er nært førestående, som ein kanskje skule ha tenkt på litt før, seier Kristophersen.
– Skandale
Ifølge leiar for valseksjonen i Bergen kommune, Elin Solberg, var dei første bilane med stemmene i ferd med å koma fram når klokka nærma seg midnatt.
– No ramlar bilane inn og stemmene kjem fortløpande til å gå gjennom finteljinga, seier Solberg til NRK.
– Det er skandale. Det går ikkje an, det er val kvart fjerde år, seier jusprofessor og talknusaren bak statistikknettstaden Pollofpolls i BT si valsending.
Giertsen meiner bergensresultata kan få store konsekvensar.
– Frå spøk til alvor – Venstre sin skjebne kan avgjerast i Bergen.
Klar i løpet av nokre timar
Urnene med stemmer skal no kontrollerast, skannast og finteljast. Resultatet vil først vera klart i løpet av natta.
– Skanning er i full gong no. Me jobbar med all den kapasiteten me har, seier Rasmussen, som seier at dei første stemmene kom inn like over klokka 23.
– Sånn sett har me nettopp byrja. Det er ein del stemmesetlar å gå gjennom.