Hopp til innhold

Dette veit me om Støre-budsjettet

Dei har varsla det vil bli stramt, det vil skuffe og det vil bli bråk. Torsdag legg regjeringa fram det første statsbudsjettet dei har laga frå grunnen av.

Budsjettkonferanse 2023

Støre-regjeringa starta budsjettarbeidet i mars i år. Då var stemninga god og dei økonomiske utsiktene langt lysare enn dei er no.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Den trillande latteren til finansminister Trygve Slagsvold Vedum er bytta ut med ei alvorleg mine. Igjen og igjen har dei forsøkt å dempe forventningane til neste års statsbudsjett ned.

Statsminister Jonas Gahr Støre har til og med førebudd sine eigne partifellar på at det vil bli bråk.

Straumstøtte, ukrainske flyktningar, auka pensjonsutgifter og auka utgifter til byggeprosjekt gjer at utgiftene veks langt raskare enn inntektene. Veksten i utgifter er på 100 milliardar, kunne Vedum fortelje NRK. Samtidig er regjeringa opptekne av at bruken av oljepengar skal ned. Dei må stramme til for å møte ein stadig aukande inflasjon.

Vedum-statsbudsjett

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) må stramme inn for å halde inflasjonen og renta nede.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

Dette er lekkasjane frå budsjettet:

Kraft- og lakseskatt: På ei pressekonferanse førre veke la regjeringa fram eit omfattande skattegrep som kjem i statsbudsjettet for neste år. Regjeringa vil innføre ein grunnrenteskatt for havbruksnæringa og auke grunnrenteskatten. Dei vil også innføre ei høgprisavgift for kraftprodusentar. Potensielt vil dette auke skatteinntektene med 33 milliardar kroner årleg.

Straumsparing: Regjeringa innfører ein sekspunktsplan for straumsparing, kunne NRK fortelje tysdag. På lista er blant anna 1,1 milliardar kroner til Enova som skal brukast til straumsparing i norske heimar.

fastlege

I dag får fastlegane ein fast sum for kvar pasient, uavhengig av kor gamal eller sjuk pasienten er. I neste statsbudsjett vil regjeringa differensiere dette.

Foto: Åse Marit Befring / NRK

Fastlegekrisa: Regjeringa vil gje meir i tilskot for eldre og sjuke pasientar, enn unge og friske, for å forsøke å løyse fastlegekrisa, kunne NRK melde. Helseminister Ingvild Kjerkol kunne onsdag fortelje til VG at regjeringa vil bruke 690 millionar kroner for å styrke fastlegeordning. 480 millionar skal styrke fastlegane si basisfinansiering frå 1. mai neste år, 200 millionar kroner skal sikre den såkalla alis-ordninga, og 10 millionar kroner går til infrastruktur for forsking på allmennmedisin.

Dieselprisar: Finansminister Vedum seier til Dagbladet at regjeringa vil kutte dieselavgifta med i alt 1,3 milliardar kroner i statsbudsjettet. Ifølge avisa vil avgiftskuttet innebere ein reduksjon på om lag 50 øre på pumpeprisen etter at ei auke i CO₂-avgifta og avgift på biodrivstoff er rekna inn.

Samferdsle: Samferdselsministeren stadfestar til Aftenposten at dei skyv på ei rekke vegprosjekt, men seier også at påbyrja prosjekt, som E18 vest for Oslo ikkje vil bli utsett eller kutta, men skal fortsette.

Bistandsorganisasjoner demonstrerte utenfor Stortinget mot bistandskutt i regjeringens første forslag til revidert nasjonalbudsjett 2022.

Bistandsorganisasjonar demonstrerte utanfor Stortinget mot bistandskutt i regjeringens første forslag til revidert nasjonalbudsjett i mai i år.

Foto: Adra Norge

Bistand: Målet om å gje 1 prosent av nasjonalinntekta til bistand blir ikkje oppfylt, etter det NRK erfarer. Det var Vårt Land som melde nyheita først. Årsaka til at dei ikkje når målet er dei store olje- og gassinntektene. Eit fleirtal på Stortinget gjekk i 2016 inn for at 1 prosent av BNI (brutto nasjonalinntekta) skal brukast til bistand.

Gratis barnehage: Regjeringa foreslår i statsbudsjettet å gje gratis barnehage til alle som bur i Finnmark og Nord-Troms, opplyser flere kilder til NRK. Regjeringa vil også at dei som bur i området skal kunne skrive ned studielånet sitt raskare enn i dag.

Stipend til VGS-elevar: Regjeringa vil bruke over 100 millioner kroner meir på stipend for VGS-elever til neste år. – Økonomi skal ikke være et hinder for å ha tilgang på god utdanning, sier kunnskapsministeren til VG og seier dei vil auke utstyrsstipendet og bortebuarstipendet til elevar i vidaregåande opplæring.

Utanlandsstudentane må betale: Regjeringa legg opp til at utanlandsstudentar heretter sjølv må betale for å studere i Noreg, ifølgje ei sak på nrk.no. Tidlegare overslag kostar utanlandsstudentane om lag 3,5 milliardar kroner i året.

Skeive og kultur: Kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) har varsla i Aftenposten at mange av dei konkrete løfta i Hurdalsplattformen på kulturfeltet blir sett på vent. I 2022 gjekk cirka 0,9 prosent av statsbudsjettet til kultur. Delen blir ikkje høgare i 2023. Støtta til skeive organisasjonar blir auka med 15 millionar kroner, nær ei dobling frå 2022, skriv NRK.

Dagen derpå etter skyting ved London pub i Oslo natt til 25. juni

Blomsterhavet dagen etter skytinga ved London pub i Oslo natt til 25. juni. No får skeive organisasjonar auka støtte.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Barn og unge: Ifølge VG har regjeringa har sett av 96 millionar kroner ekstra til sportsutstyr og fritidsaktivitetar for barn og unge.

Ungdom i arbeid: Regjeringa varslar at dei vil bruke om lag 900 millionar på det dei sjølve kallar ungdomsløftet. Tiltak som skal få unge som står utanfor arbeidslivet, inn i jobb. Budsjettauken er fordelt mellom Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Helse- og omsorgsdepartementet vil bruke 300 millionar av desse pengane på tiltak innanfor rus og pyskiatri. 150 millionar kroner av desse skal gå til lågterskeltilbod i kommunane.

AKTUELT NÅ