Hopp til innhold

Regjeringa vil gje legane meir for sjuke og eldre pasientar

Meir løn for eldre og sjuke pasientar er regjeringa sitt svar på fastlegekrisa i statsbudsjettet som vert lagt fram torsdag.

fastlege

HØGT PRESS: Endringa i statsbudsjettet kjem etter høgt press og felles forståing om at fastlegeordninga er i krise.

Foto: Åse Marit Befring / NRK

Etter det NRK erfarer vil regjeringa endre tilskotet legane får for kvar pasient.

I dag får fastlegane ein fast sum for kvar pasient, uavhengig av kor gamal eller sjuk pasienten er.

I neste statsbudsjett vil regjeringa differensiere dette, slik at fastlegane får høgare tilskot for eldre og sjuke pasientar, og mindre for unge og friske.

Forslag til statsbudsjett for 2023 vert lagt fram av Støre-regjeringa torsdag klokka 10:00.

Endringa kjem etter høgt press og brei politisk semje om at fastlegeordninga er i krise.

I august sette regjeringa ned eit hurtigarbeidande ekspertutval som skal gi konkrete forslag til tiltak for å styrkje fastlegeordninga, under dette å vurdere finansieringsmodellen slik at «basistilskotet betre reflekterer arbeidsbelastninga».

Ekspertutvalet skal levere dei fyrste tilrådingane innan 1. desember 2022.

NRK erfarer også at regjeringa vil løyve ekstra pengar til fastlegeordninga, men veit enno ikkje den konkrete summen.

Anne-Karin Rime

President i Legeforeininga, Anne-Karin Rime, seier til NRK at det framleis er fleire uavklarte spørsmål og at det er «viktig med tiltak som gir omgåande effekt på ei eskalerande krise i fastlegeordninga».

Foto: Legeforeningen/Thomas B. Eckhoff

– Ikkje alltid slik at alder dikterer kor mykje arbeid det er

– Dette er bra, og sender eit heldig signal om at eldre pasientar må prioriterast høgare, seier Ellen Birgitte Pedersen som er SV-politikar og fastlege i Øksnes.

Ho viser til at dagens finansieringsmodell gir uheldige insentiv til å prioritere «unge, kvikke pasientar» som er raskt inn og ut.

– Vi blir generelt sjukare jo eldre vi blir, og eldre pasientar treng naturlegvis lengre tid på legekontoret.

En lege ser opp og inn i kamera fra kontorpulten sin.

– Dette er bra, og sender eit heldig signal om at eldre pasientar må prioriterast høgare, seier Ellen Birgitte Pedersen som er SV-politikar og fastlege i Øksnes.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Kristina Valderhaug er fastlege i Florø, og har skildra kvardagen som ein kamp for halde seg flytande.

Ho gler seg over signala frå regjeringa, men legg til at «det ikkje alltid er slik at alder dikterer kor mykje arbeid ein brukar per pasient.»

– Yngre pasientar med kompliserte problemstillingar kan vere vel så resurskrevjande som ein gammal krok, seier ho.

Ho legg til:

– Det å få ned listelengda, ha kollegaer ein kan støtte seg på og kollegial fråværsdekning, er døme på tiltak som gjer at fastlegen kan disponere tida si rett, uavhengig av alder.

Kristina Valderhaug er fastlege i Florø

– Det er ikkje alltid slik at alder dikterer kor mykje arbeid det er. Yngre pasientar med kompliserte problemstillingar kan vere vel så resurskrevjande som ein gammal krok, seier Kristina Valderhaug.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Bodkrig mellom norske distriktskommunar

Fastlegekrisa har i haust vore på dagsorden etter at Helsedirektoratet oppjusterte talet på nordmenn utan fastlege til 175.000.

Allmennlegeforeininga, på si side, hevdar det reelle talet er 235.000.

Rekrutteringsproblemet har i sin tur ført til bodkrig mellom norske distriktskommunar som konkurrerer om dei same fastlegane.

I eit internt notat som sirkulerer blant norske kommunar vert det oppgitt «legeutgiftene har eksplodert», og at kommunane neste sommar må førebu seg på å freiste nyutdanna danske legar med lønningar på 400.000 norske kroner – i månaden.

Internt notat slår alarm om legeutgiftene

Internt notat slår alarm om at legeutgiftene til norske kommunar «har eksplodert».

Foto: Håvard Nyhus

I Årdal kommune kallar ordførar Hilmar Høl (Ap) dei galopperande legeutgiftene for «det største problemet vi har».

Kommunalsjefen for helse i same kommune, Mette Hestetun Berg, seier ho hadde venta seg meir av statsbudsjettet.

Om dette er endringa, så syner det vel at regjeringa har lite kjennskap til utfordringane i distrikta. Dei fleste legar i dag er tilsett på fastløn og da er det ikkje så vesentleg kva ein får per pasient. Så eg er usikker på om dette vil føre til at fleire vil bli fastlegar, seier ho.

Les også Full strid om sjukepleiarar er løysinga på fastlegekrisa

sykepleiere radium illustrasjonsfoto