Hopp til innhold

Bompengepartiet nærmast borte - minipartia slit med å gjere seg relevante

For to år sidan snudde bompengeopprøret opp ned på det politiske kartet. No må ein bruke mikroskop om ein skal finne Folkeaksjonen Nei til mer Bompenger på NRKs meiningsmåling. Også dei andre minipartia er langt unna gjennomslag.

Demonstrasjon bomringen i Oslo i 2017.

BRØLET SOM FORSVANN: Cecilie Lyngby leiar ein demonstrasjon mot bompengar i Oslo i 2017. To år seinare suste partiet inn i bystyret. No er det usynleg.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Eg føler at vi lever i beste velgåande og at folk er med oss, eg, seier Cecilie Lyngby, ein at to leiarar i Folkeaksjonen nei til mer bompenger.

– Vi har akkurat fått ferdig vårt første nasjonale partiprogram og startar valkampen først no. Eg trur målingane vil endre seg når vi kjem i gang.

Spreidd tynt utover

Men NRKs supermåling med 11.000 spurde er ikkje godt nytt for verken FNB eller andre parti som ikkje er representerte på Stortinget i dag.

Norstat bereknar ikkje eksakt oppslutning for kvart enkelt av småpartia for NRK, men ein kan slå fast dette.

  • Samla sett får «andre parti» 3,0 prosent oppslutnad i NRKs supermåling.
  • Desse 3 prosenta av veljarane fordeler seg på svært mange mindre parti.
  • Følgeleg er ingen av «dei andre partia » i nærleiken av stortingsplass.
  • Når Norstat har ringt til meir enn 11.000 veljarar, blir følgande fem parti nemnd av fleire enn 10, men færre enn 30 personar: Demokratane, Industri- og næringspartiet, Pensjonistpartiet, Partiet dei kristne, Partiet Sentrum.

– Ingen av dei små partia ligg an til å klare Stortinget. Norsk politikk er ganske stabil. Det er lenge mellom kvar gong vi får inn eit nytt parti, seier Johannes Bergh, som forskar på val ved Institutt for samfunnsforskning.

Johannes Bergh, valgforsker

LITEN SJANSE: – Men ein veit aldri, understrekar Johannes Bergh.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

– Men ein skal aldri seie aldri, det skjer av og til at eit parti klarer å mobilisere for si sak og vinne fram.

Kanonkula

Og der ligg kanskje FNBs vesle håp. I april og mai 2019 var ulike nei-til-bompengelister fortsatt eit marginalt fenomen i norsk politikk som så vidt byrja bli synleg ved at «andre»-kategorien voks litt på målingane. Utover hausten kom FNB som ei kanonkule. Partiet vart tredje største parti i Bergen og Stavanger, og det vart større enn halvparten av stortingspartia i Oslo.

Cecilie Lyngby i FNB Oslo

VALKAMP: – Vi startar no seier Cecilie Lyngby i FNB.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Vi må vise fram kva vi har fått til, seier den andre FNB-leiaren, Frode Myrhol, som er bystyrerepresentant i Stavanger. Der samarbeidar FNB med blant anna Ap og MDG om å styre kommunen. Myrhol er særleg nøgd med at rushtidsavgifta er avskaffa.

Lyngby og Myrhol håpar på den politiske krafta frå byane.

– Vi håpar å få inn ein eller to på Stortinget frå valdistrikta med dei store byane, seier Lyngby.

Meningsmåling april 2021 for Nasjonal

Endring sammenlignet med mars 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 3.7% (endring: -0.1
SV: 7.0% (endring: +0.1
AP: 23.3% (endring: 0.0
SP: 17.1% (endring: +0.5
MDG: 3.9% (endring: -1.0
KRF: 3.4% (endring: +0.2
V: 2.9% (endring: -1.1
H: 24.7% (endring: -0.5
FRP: 11.1% (endring: +0.9
Andre partier: 3.0%
Utført av Norstat 7.–20. april11,413 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Av partia utanfor Stortinget er det Demokratene, Industri- og næringspartiet og Pensjonistpartiet som blir nemnd av flest veljarar når Norstat spør.

Demokratene marknadsfører seg med slagordet «Alt for Norge». Partiet er oppteke av sjølvråderett og innvandringspolitikk og fekk eit lite medlemsoppsving då det var bråk og eksklusjonar frå høgrefløyen i Oslo Frp i vinter. Partiet har stått sterkt i Kristiansand og omegn der tidlegare Frp-ar Vidar Kleppe har vore ein mangeårig profil.

Industri- og næringspartiet er eit parti som er mest oppteke av å utvikle norsk industri og kraftproduksjon. Partiet blir særleg nemnt av ein del veljarar på vestlandet.

Pensjonistpartiet har eksistert heilt sidan 1985 og kjempa for dei eldre sine kår. Det er representert i ein del kommunestyre, men har aldri slått gjennom på riksplan.

KrF-snubletrådane

Geir Lippestad

FÅ: Det er ikkje mange som flokkar seg om Geir Lippestads Sentrum enno.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / Lars Erik Skrefsrud

Ingenting tyder per no på at nokre av desse minipartia skal bryte lydmuren og kome på Stortinget. Det ser ikkje Partiet de kristne eller Sentrum heller til å gjere.

Men desse to kan likevel få langt større betydning i valet 2021 enn dei andre minipartia. For der dei fleste «andre-partia» utfordrar parti som toler å miste nokre veljarar, så utfordrar desse to eit parti som kjempar for livet for å ikkje bli irrelevant i rikspolitikken, KrF.

Partiet de Kristne vart oppretta i 2011 som ein konservativ reaksjon mot utviklinga i KrF. Sentrum oppstod i år, og har skaffa seg ein god del tillitsvalde som sto på «den raude sida» i KrF-striden om retningsvalet før partiet gjekk inn i Erna Solbergs regjering.

PDK og Sentrum utfordrar altså KrF frå kvar si side. I supermålinga ligg KrF på berre 3,4 prosent, dei må over fire prosent i valet dersom dei skal få utjamningsmandat som gir langt fleire stortingsrepresentantar.

– Viss KrF ligg veldig nært den berømte sperregrensa på fire prosent så vil kvar stemme telle. Kvar einaste stemme desse partia tek frå KrF kan få svært få betydning, seier Johannes Bergh.

– Så då kan 0,1 prosent oppslutnad nok for å øydelegge for KrF?

– Det kan ha stor relevans, ein kan tenke seg at det kan vere berre ei handfull stemmer som avgjer om KrF klarer sperregrensa.

Sjukehusopprørarane vil på tinget

Men på lokalt plan er det i Finnmark at eit «anna» parti bit sterkast frå seg akkurat no. På NRKs supermåling som vart publisert førre veke, får «andre» 6 prosent i Finnmark.

Eit fleirtal av «andre»-stemmane ville gått til den nyoppretta lista «Pasientfokus», som er ein aksjon som kjempar for fleire sjukehustenester i Alta slik at fleire eldre og fødande skal sleppe å reise dei 14 mila nordover til sjukehuset i Hammerfest. Lista har også ein del støtte i Kautokeino, som ligg sør for Alta, 27 mil frå Hammerfest.

Irene Ojala

KJEMPAR: Irene Ojala vil ha sjukehus i Alta og plass på Stortinget.

Foto: Ksenia Novikova / nrk

Listetopp Irene Ojala seier ho eigentleg ikkje hadde tenkt at aksjonen skulle bli ei politisk liste. Men etter hard jobbing mot politiske parti utan kjensle av gjennomslag og etter mange lokale oppfordringar, vart det likevel slik.

– Folk ønska at vi skulle stille. Det var eldre og unge damer som kontakta oss. Vi bestemte oss rett før fristen. Så då ringte eg rundt til moglege kandidatar. Eigentleg håpa eg dei sa nei, ler Ojala i intervju med NRK.

Men dei ho ringde ville vere med å stille til stortingsvalet. Og no gir ho alt for å få det til.

Det har lukkast med protest-aksjonar frå Finnmark før. I 1989 vart Anders Aune valt inn som representant for Folkeaksjonen Framtid for Finnmark («Aunelista»). Men den gongen fekk han 21,4 prosent og støtte frå heile fylket. Det er langt fram dit for sjukehusaksjonistane i Vest-Finnmark, som slett ikkje har støtte frå heile Finnmark.

– Finnmark har berre fem stortingsplassar å fordele. Då skal det høg oppslutnad til for å få valt inn ein representant. Det er ikkje tilfeldig at dei partia som berre har ein enkeltrepresentant på Stortinget i dag, Raudt og MDG, er valt inn frå den største valkrinsen i landet, Oslo, seier Johannes Bergh.

– Eg trur sjansen er til stades, men veljarane har makta og bestemmer, seier Ojala.

Formuleringa om rushtidsavgifta i Stavanger er endra 30.04 fordi den var upresis.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger