Hopp til innhold

Barneombodet ber regjeringa gripe inn for barns rett til skolegang

Barneombodet slår alarm om at barn ikkje får retten til utdanning dei har krav på. – Mange barn har knapt vore på skolen, seier barneombod Inga Bejer Engh.

Inga Bejer Engh

Inga Bejer Engh ber regjeringa stille tydelegare krav til kommunane.

Foto: Sveinung Arnestad / Barneombudet

27. april blei skolane opna for barn frå 1. til 4. klasse. Mellom 11. og 15. mai opna skolane for alle elevar.

Men kor mykje elevane får vere fysisk på skolen, varierer veldig.

– Det er store forskjellar mellom skolar og store forskjellar frå kommune til kommune. Vi høyrer om barn som knapt er fysisk på skolen. Dette er veldig alvorleg, seier Inga Bejer Engh til NRK.

Ho sende måndag kveld eit brev til regjeringa der ho ber dei ta grep.

– Vi ber regjeringa om å sette inn tiltak for å sikre at retten til utdanning blir følgt opp og at barn og unge får eit likverdig tilbod, skriv dei i brevet.

Vil ikkje gripe inn

Kunnskapsminister Guri Melby (V) seier til NRK at ho delar bekymringa frå Barneombodet, men at ho ikkje ser behovet for at regjeringa skal gripe inn no, då skolane berre har vore opne ei veke.

– Mange skolar og kommunar treng tid. Vi har gitt ganske tydelege rammer for tilbodet. 1. til 4. trinn skal ha eit tilnærma fulltidstilbod. Alle andre elevar skal ha et regelmessig tilbod, og skolane skal strekke seg så langt som mogleg. Eg har god tru på at alle skolar strekker seg etter dette.

Kunnskapsminister Guri Melby (V)

TILLIT: Kunnskapsminister Guri Melby (V) seier at ho har tillit til at skolane strekk seg så langt som mogleg for å gi eit fullverdig tilbod til elevane.

Foto: Terje Pedersen

For å hjelpe dei mest utsette barna, seier Melby at det er viktig at dei prioriterast av skolane.

– Det har vi vore klar på heile vegen.

– Skaff oversikt

NRK har denne veka etterspurt informasjon frå Kunnskapsdepartementet om kor mykje skolane er opne for elevane. Men har fått beskjed om at dei ikkje har oversikt.

– Vi ønske å vere forsiktige med rapporteringskrav. Men vi vil sjølvsagt følgje med på situasjonen og gjere vurderingar, seier Melby.

Heller ikkje fleire fylkeskommunar NRK har vore i kontakt med har kunne gje noko svar.

– Denne oversikta må regjeringa skaffe, meiner barneombodet.

– Det er ei plikt regjeringa har. Dei kan ikkje berre sitte og sjå på at nokon barn får eit veldig redusert undervisningstilbod, seier Bejer Engh.

Gjer ingen utgiftsgaranti

NRK fortalde tidlegare i dag om sjuandeklassingen Malene som må ha heimeskole fleire dagar i veka, fordi skolebussen er full.

På spørsmål om regjeringa vil garantere at de vil dekke utgifter til ekstra skolebuss, lokale eller vikarlærarar, svarer Melby at regjeringa frå dag ein har sagt at de vil stille opp for kommunane for ekstra utgifter frå til korona.

– Utgifter til skyss og lokale er heilt klart ekstraordinære kostnadar. Spørsmålet er kor stor summen blir.

– Vil regjeringa dekke de ekstraordinære kostnadane fullt og heilt?

– Det må vi jobbe med over tid. Vi har ingen oversikt over verken auka utgifter, tapte inntekter eller for så vidt sparte utgifter. Så det må vi komme tilbake til, svarar Melby.

Malene Grimseth Halbrend tykkjer det er leit at ho ikkje får gå på skulen.

Malene Grimseth Halbrend tykkjer det er leit at ho ikkje får gå på skulen

Foto: ALEKSANDER ÅSNES

Barna får rekninga

– Har regjeringa vore tydeleg nok fram til no?

– Eg ventar i alle fall at dei skal vere tydeleg no. Eg bringar til torgs ei alvorleg uro. No må regjeringa ta tak i dette. Og så må dei ha ein tett dialog med kommunane, som er skoleeigar, slik at me sørgar for at barn ikkje endar opp med den største rekninga, seier Bejer Engh til NRK.

– Brukar kommunane dei pengane som trengst for å halde skolane opne så mykje det er praktisk mogleg?

– Det veit eg ikkje, og det må regjeringa finne ut av. Vi kan ikkje berre akseptere at tilbodet er halvgodt.

Klasserom.

Retten til utdanning og barnets beste må vege tungt, når ein vurderer kva smittevernreglar som skal gjelde for skolen, meiner barneombodet.

Foto: Berit Roald / NTB Scanpix

Inga Bejer Engh tek i brevet til Kunnskapsdepartementet til orde for at smittevernreglane for skolane blir evaluert med jamne mellomrom, slik at dei ikkje er strengare enn nødvendig

Ho fryktar også at kommunar og skolar tolkar smittevernspeglane for strengt.

– Viss det skjer, må det bli sett inn kompenserande tiltak, seier ho.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger