Hopp til innhold

Avviser avtale med Raja og Rotevatn

Venstreleiar Trine Skei Grande avviser påstandane om at ho gav Rotevatn og Raja ministerpostar i bytte mot lojalitet.

wsvgOSFM7tI

MEIR FOKUS PÅ POLITIKK FRAMOVER: Venstreleiar Trine Skei Grande, håpar partiet no vil kunne fokusere meir på å få politisk gjennomslag for sine kampsaker, som følgje av at leiarstriden har roa seg.

Foto: Vidar Ruud / NTB SCANPIX

Valkomiteen i Venstre innstilte torsdag samrøystes at Trine Skei Grande skal halde fram som partileiar.

Dette trass i at fleire lokallag har bede henne om å trekkje seg. Sveinung Rotevatn vart samstundes foreslått som første nestleiar og Abid Raja som andre nestleiarar i partiet.

I Politisk kvarter fredag, avviser Grande påstandane om at ho gav Rotevatn og Raja ministerpostar i bytte mot lojalitet.

– Det som har vore føresetnaden er at vi skal vere eit team som skal jobbe saman og då er det ikkje slike typar krav vi snakkar om, seier Grande.

– Avviser du at det var ein føresetnad for at Raja og Rotevatn skulle få ministerpostar, at dei ikkje skulle stille imot deg som leiar?

– Det som var ein føresetnad var at me skulle klare å arbeide saman, seier Grande.

Ifølgje NRK sine kjelder gjekk Rotevatn og Raja med på å ikkje utfordre Trine Skei Grande som leiar i partiet, då dei begge vart statsrådar tidlegare i år.

Trine Skei Grande i Politisk kvarter.

Tøff prosess

Leiaren i valkomiteen, Per A. Thorbjørnsen, vedgjekk torsdag at det har vore ein svært tøff prosess, men sa at dette er det beste dei kan få til.

Valkomiteen skal, ifølgje NRK sine kjelder, ha oppfordra Trine Skei Grande to gongar det siste halvåret om at ho frivillig burde gje seg som Venstreleiar.

Det var naudsynt med fornying i leiinga, sa komiteleiaren på torsdag, då han takka dei noverande nestleiarane, Ola Elvestuen og Terje Breivik for den store innsatsen dei har gjort for partiet. Ola Elvestuen er foreslått direktevalt som medlem i landsstyret, medan Terje Breivik ikkje er foreslått til nokon posisjon.

Elvestuen gjekk tidlegare denne veka hardt ut på sin eigen partileiar.

Thorbjørnsen la vekt på at valkomiteen har gjort eit svært grundig arbeid.

– Trine har leidd partiet vårt over sperregrensa ved to val, som den einaste partileiaren i den moderne historia vår. Vi er heilt trygge på at Trine er den rette personen også i åra som kjem, sa Thorbjørnsen blant anna.

Han sa også at både Sveinung Rotevatn og Abid Raja har peika på Trine Skei Grande som den naturlege leiaren for partiet.

Skal ha roa seg etter at dei fekk ministerpostar

Etter det NRK forstår har både Rotevatn og Raja sine støttespelarar tona ned arbeidet i kulissane for å få bytta ut Grande etter at dei to vart statsrådar for halvannan månad sidan.

Dei to kandidatane skal og ha snakka finare om Grande overfor valkomiteen i den tredje intervjurunden i slutten av januar, enn i dei to førre.

AKTUELT NÅ