Hopp til innhold

Valkomiteen vil at Trine Skei Grande skal halde fram

Valkomiteen i Venstre innstiller samrøystes på at Trine Skei Grande skal halde fram som partileiar. Dette trass i at fleire lokallag har bede henne om å trekkje seg.

Trine Skei Grande svarer på spørmål om Sveinung Rotevatn og Abid Raja trakk seg som lederkandidater da de ble statsråder.

Trine Skei Grande svarer på spørsmål om Sveinung Rotevatn og Abid Raja trekte seg som leiarkandidatar då dei vart statsrådar.

Valkomiteen la fram innstillinga si på ein pressekonferanse i kveld. Dette skjer etter at fleire lokallag har gitt uttrykk for at Trine Skei Grande bør trekkje seg som partileiar. Sveinung Rotevatn er foreslått som første nestleiar og Abid Raja som andre nestleiarar i partiet.

Valkomiteen innstiller på at Ski Grande skal halde fram, trass i at fleire lokallagsleiarar har bede henne om å trekkje seg. Leiaren i valkomiteen, Per A. Thorbjørnsen, vedgår at det har vore ein svært tøff prosess, men seier at dette er det beste dei kan få til.

– Naudsynt med fornying

Trine Skei Grande

Valkomiteen i Venstre meiner at Trine Skei Grande bør halde fram som partileiar.

Foto: Azad Razaei / NRK

Det var naudsynt med fornying i leiinga, sa komiteleiaren, og han takka dei noverande nestleiarane, Ola Elvestuen og Terje Breivik for den store innsatsen dei har gjort for partiet. Ola Elvestuen er foreslått direktevalt som medlem i landsstyret, medan Terje Breivik ikkje er foreslått til nokon posisjon.

Thorbjørnsen la vekt på at valkomiteen har gjort eit svært grundig arbeid.

– Trine har leidd partiet vårt over sperregrensa ved to val, som den einaste partileiaren i den moderne historia vår. Vi er heilt trygge på at Trine er den rette personen også i åra som kjem, sa Thorbjørnsen blant anna.

Han sa også at både Sveinung Rotevatn og Abid Raja har peike på Trine Skei Grande som den naturlege leiaren for partiet.

Etter det NRK kjenner til gjekk Rotevatn og Raja med på å ikkje utfordre Trine Skei Grande som leiar i partiet, då dei vart statsrådar.

Sjå heile innstillinga til valkomiteen her

Valgkomiteen vil at Trine Skei Grande fortsetter som Venstre-leder

– Vi kan skape begeistring

Trine Skei Grande og Abid Raja møtte pressa i Venstres hus i kveld. Begge uttrykte takksemd til valkomiteen for at dei greidde å få til ei samrøystes innstilling. Dei lovde å jobbe med organisasjonskulturen, slik at alle samarbeider betre, både internt og saman med andre.

På spørsmål frå NRK om Rotevatn og Raja trekte seg som leiarkandidatar mot å bli statsrådar, så avviste Skei Grande dette. Ho sa at dei to vart innsette som statsrådar etter signal frå partiet om at dei ville ha dei inn i regjeringa.

Ho avviste også at ho er ein svekt leiar, sjølv om fleire lokallag har bede henne om å gå av.

– Vi har ein kultur i Venstre om at vi seier frå, og det skal vi tole.

På spørsmål om ho er den rette til å skape begeistring i partiet, svarte ho dette:

– Vi har eit team som kan skape begeistring.

På spørsmål om det kunne kome benkeforslag på ein annan leiarkandidat på landsmøtet, sa Venstre-leiaren at det er opp til landsmøtet.

Sveinung Rotevatn er i Brussel, men seier til NRK at han er takknemleg overfor alle i partiet som har spelt inn namnet hans til valkomiteen.

– Trine, Abid og eg jobbar godt saman i regjering, og eg trur vi vil vere eit godt lag som leiartrio i Venstre. No er jobben å løfte partiet og gjennomføre Venstre-politikk. Det skal vi klare saman, seier han.

Ola Elvestuen seier til TV 2 i kveld at innstillinga til valkomiteen ikkje er heilt slik han ville ha gjort det, men at han ikkje har avgjort om han vil stille som leiarkandidat om det blir stilt benkeforslag på han under landsmøtet.

Ville ha bort Grande

Dei to toppane i Venstres bystyregruppe i hovudstaden, Hallstein Bjercke og Marit Vea, har sagt at Grande ikkje kan vere leiar lenger. Dette er Grandes sitt eige lokallag.

– Eg har vore støttespelaren til Trine i 20 år og jobba tett saman med henne i mange år, men i går fortalde eg leiaren i valkomiteen at eg meiner det er rett at Venstre vel ein ny partileiar på landsmøtet i år, sa Hallstein Bjercke til Dagbladet.

Bjercke leiar bystyregruppa til Venstre i Oslo, mens Vea er nestleiar. Det er landsmøte i partiet 17.–19. april.

Venstre valgkampåpning 2019

Hallstein Bjercke og Marit Vea frå lokallaget til Venstre i Oslo meiner at Trine Skei Grande bør trekkje seg.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

– Lytta til seg sjølv

Utspelet kjem etter at nestleiar i partiet Ola Elvestuen sa i TV 2 at Grande først og fremst lytta til seg sjølv for å sikre sin eigen posisjon då ho endra Venstres regjeringslag og ofra Elvestuen.

Ola Elvestuen intervjua i Stortinget medan valkomiteen sit samla for å lage sitt forslag til kven som skal leie Venstre. Svarar på spørsmål om kva han synest om at Venstre-toppane i Oslo, Hallstein Bjercke og Marit Vea, ber partileder Trine Skei Grande om å gå av.

Ola Elvestuen svarar på kva han synest om at Venstre-toppane i Oslo, Hallstein Bjercke og Marit Vea, ber partileiar Trine Skei Grande om å gå av.

Fleire lokallag har gjort det klart at dei ynskjer endringar i toppleiinga i partiet. Politisk nestleiar i Troms og Finnmark, Leif Gøran Waaskog, seier til NRK at dei helst ser at både leiar og nestleiar i partiet blir skifta ut.

Også leiar Ane Breivik i Bergen Venstre ber Trine Skei Grande om å trekkje seg.

– Eg håper at ho ser det kraftige signalet som partiorganisasjonen no sender, seier ho til Bergens Tidende. Breivik er også nestleiar i Unge Venstre. Ho meiner det er på tide å sleppe til nye krefter i leiinga i partiet.

Elvestuen: – Valkomiteen må ta med seg dette

– Det er noko valkomiteen må ta med seg i sitt arbeid, og så må dei legge fram arbeidet sitt, og så må eg og andre gjere våre vurderingar på bakgrunn av det, seier Ola Elvestuen til NRK.

– Eg var veldig usamd i det som vart gjort i januar og er det framleis. Eg meiner det er kortsiktig, og er det noko tidspunkt der dette skal kome fram, så må det vere no.

Elvestuen seier han var sterkt ueinig i den taktiske vurderinga som låg til grunn for at Venstre-leiar Trine Skei Grande bytta om på regjeringsmannskapet.

– Ein burde sjå eit større strategisk bilde og tenke lengre fram når det vart eit så stort skifte som då Frp gjekk ut av regjering, seier Elvestuen til NRK. Det er jo ei stor endring i norsk politikk som vil bety noko i mange år framover.

– Vi har eit formelt forhold

– Korleis er forholdet mellom deg og Trine no?

– Når det er kontroversielt er eg alltid formell, og det er eg i forholdet mellom meg og Trine no. Det er eit formelt forhold.

AKTUELT NÅ