Hopp til innhold

Aukar budsjettet til politiet med ein halv milliard

Justisminister Emilie Enger Mehl vil auka neste års politibudsjett med 500 millionar kroner. Få alle lekkasjane frå statsbudsjettet her.

Emilie Enger Mehl på Mortensrud torg.

SATSAR: Regjeringa vil gje 500 millionar ekstra til politiet neste år. Justisminister Emilie Enger Mehl seier dei mellom anna vil bruka pengane til å styrka lokalpolitiet og førebygga og jobba mot ungdomskriminalitet.

Foto: Nuno Duarte / NRK

I fjor hadde politi og påtalemyndigheita eit budsjett på over 25,1 milliardar kroner.

No vil regjeringa kompensere for inflasjonen i budsjettet for 2024, og i tillegg gi politiet 500 millionar kroner i ei satsing.

Eit av måla med denne styrkinga er å gje politidistrikta moglegheit til å tilsetta fleire operative politifolk.

Nyheita kjem i samband med framlegginga av neste års statsbudsjett fredag morgon.

Snarveger i artikkelen: Politi | Helse og omsorg | Arbeid og inkludering | Energi | Forsvar | Klima og miljø | Kunnskap | Samferdsel | Landbruk og mat | Kommunal og distrikt

Pengar til Alta-utdanning

Målet med styrkinga av politiet er å jobba førebyggande mot ungdomskriminalitet og kjempa mot gjengkriminalitet, økonomisk kriminalitet og vald i nære relasjonar.

Over halvparten av dei ekstra pengane til politiet, ønsker regjeringa å bruka på å styrka det lokale politiet. Dette er pengar politidistrikta kan bruka slik dei vil, med enkelte føringar frå regjeringa. Potten er delt i to:

  • 198 millionar skal gå til å oppretthalda eit høgt bemannings- og aktivitetsnivå i politidistrikta, oppretta ti nye politikontor i 2024 (med eit mål om å fem politistillingar på kvart kontor), tiltak for rekruttering (mellom anna opprettinga av ei ny politiutdanning i Alta) og midlar til å sikra naudsynte utbetringar i politiet sine IT-system.
  • 80 millionar til eit etterforskingsløft. Pengane skal gå til å styrka den høgare påtalemyndigheita og auka kapasiteten i straffesaksbehandlinga, få fleire etterforskarar i politidistrikta, og tiltak som skal heva kompetansen innan etterforsking.

Målet er at det skal vera fem politistillingar ved kvart av dei nye politikontora.

Regjeringa brukte 75 millionar på opprettinga av ni nye politikontor i år. Kor stor del av dei 198 millionane som vil gå til dei ti nye kontora seier justisminister Emilie Enger Mehl at dei må koma tilbake til.

Resten av den ekstra politipotten for 2024 vil regjeringa fordela slik:

  • 50 millionar til nedkjemping av økonomisk kriminalitet/bedrageri, der 15 millionar vil gå til styrka Økokrim si planlagde bedragerieining på Gjøvik.
  • 100 millionar til ein opptrappingsplan mot overgrep og vald i nære relasjonar. Det vil mellom anna gå til å oppretta nye Risk-senter i Nordland, Sør-Vest og Sør-Aust politidistrikt.
  • 15 millionar til Oslo Øst for å hindra at den svenske valdsbølga spreiar seg til Noreg.
  • 19 millionar til ny lov for ungdomsstraff.
  • 72 millionar ekstra til Politiet si sikkerheitsteneste (PST). I fjor hadde PST eit budsjett på over 1,39 milliardar kroner.
  • opninga av 15 nye passkontor som blir finansiert av auka gebyr.

I tillegg vil regjeringa styrka kriminalomsorga med 85 millionar kroner, der ein del av summen skal gå til å oppretta to nye plassar i ungdomsfengselet på Eidsvoll.

Slit med nedbemanning

Mehl har fått kritikk etter at TV 2 skreiv om nedbemanning i politiet det siste året. Ifølge ei kartlegging nyheitskanalen har gjort, har ni av ti politidistrikt måtta kutta politistillingar. Totalt er 290 politistillingar kutta berre i år.

Emilie Enger Mehl

Justisministeren vil ikkje seia kor mange politistillingar den nye politipotten vil kunna gje. Ho seier det er opp til kvart enkelt politidistrikt å bestemma korleis dei vil bruka pengane.

Foto: Nuno Duarte / NRK

På spørsmål frå NRK om det nye forslaget er nok til å bemanna opp politiet igjen, svarer justisminister Emilie Enger Mehl (Sp):

– Det er ikkje eg som bestemmer korleis pengane skal bli brukt i kvart politidistrikt. Alle politidistrikt kan omprioritera til andre formål til å bemanna opp ute i politidistrikta viss dei vil det. Korleis kvar politimeister ønsker å prioritera sine politibudsjett, og kva politidistrikt som eventuelt har dratt med seg nye rekningar inn i neste år kan ikkje eg forskottere her og nå, svarer Mehl til NRK.

Les også Regjeringa oppretter politikontor mot politiets ønske

Trygve Slagsvold Vedum, partileder for Senterpartiet og finansminister. I prat med politibetjenter i Alta 010823.

Under følg ei liste over budsjettlekkasjane frå departementa.

Helse og omsorg

Under valkampen kom regjeringa med ei budsjettlekkasje om eldreomsorga. Dei føreslo å auka budsjettet med 300 millionar kroner, noko som svarar til 1500 nye sjukeheimsplassar. I tillegg vil regjeringa gje:

Victoria Schei

Nyutdanna turnuslege Victoria Schei fortalde til NRK i fjor om arbeidspresset nye LIS1-legar opplever når dei kjem ut i jobb på grunn av underbemanning.

Foto: Thomas Halleland

Les også Leah (26) er nyutdannet lege, men fikk ikke turnusplass – nå har hun håp

Arbeid og inkludering

I sommar innførte regjeringa ein ny ungdomsgaranti i regi av Nav, som skal hjelpa unge utanfor arbeidslivet å koma seg inn igjen. Regjeringa hadde sett av 175 millionar kroner i årets statsbudsjett til dette. I 2024 vil dei setta av 380 millionar kroner.

Regjeringa føreslår også å bruka:

Les også Ventet i fem år etter konkurs – nå kommer pengene

Rune Sundmoen

Energi

  • 180 millionar til Enova for å kutta straumforbruket i privatbustader, offentlege bygg og yrkesbygg.
  • 37 millionar til Husbanken i ei tilskotsordning for kommunale bygg.

Forsvar

Under trontaledebatten i Stortinget på onsdag, bekrefta Støre at regjeringa ønsker å bruka 15 milliardar kroner meir på forsvar til neste år. Regjeringa har eit mål om å bruka 2 prosent av BNP på forsvar innan 2026.

Dei andre budsjettlekkasjane under forsvar er:

  • 100 millionar ekstra til Heimevernet i 2024. 50 millionar til nye våpen og 50 millionar til trening og kompetanseheving.
  • 150 millionar til militær romsatsing på Andøya Spaceport.

Les også Vil bruke millioner på militær romsatsing på Andøya

Isar launch from Andøya Spaceport pad A. En illustrasjon av en oppskytning fra Andøya Space.

Klima og miljø

Regjeringa lovar at dei på fredag skal legga fram nye klimatiltak som vil kutta utsleppa med 6,4 millionar tonn CO₂ innan 2030, skriv Aftenposten. Blant desse tiltaka er:

  • Auka drivstoffavgiftene for bensin og diesel med 15 øre pr. liter og heva krav om innblanding av biodiesel.
  • Avgifts- og prisauke (anslag 27 øre pr. Liter) kompensert med å setta ned trafikkforsikringsavgifta for fossilbilar med 400 kr i året.

Kunnskap

  • Totalt 1,2 milliardar kroner til satsing på yrkesfag.
  • Kutt i barnehageprisar frå 3000 til 2000 kroner i månaden i heile landet, og endå meir i distrikta. (3 milliardar kr pr. år)
  • 37 millionar kroner til styrking av samisk språk og kultur.
  • 30 millionar kroner til rentestøtte til kommunar som investerer i bygg og utstyr for å gjera skulen meir praktisk.
  • 120 millionar kroner til praktisk utstyr i klasseromma
  • Auka bortebuarstipend til elevar som ikkje kan bu heime, med 600 kroner i månaden. 60 millionar kr.
  • Utstyrsstipend for elevar på vgs. aukar i gjennomsnitt med 220 kr 40 millionar kr
  • 35 millionar til styrka skulemiljø og å få ned mobbing
  • 1 milliard til forsking på kunstig intelligens over dei neste fem åra
  • Byggestart på NTNUs campus. 178 millionar kroner neste år, ramme 6,6 mrd.
  • 25 millionar kroner til oppstart av arbeidet med ny forskingsstasjon i Antarktis, som skal erstatta forskingsstasjonen Troll. Prosjektet er rekna å kosta 2 milliardar kroner.

Les også Mener Brennas samiske kraftpakke er for spinkel

Kunnskapsminister Tonje Brenna besøkte Komsa skole i Alta.

Samferdsel

  • 4 milliardar til oppstart av vegprosjektet på E6 mellom Megården og Sommerset i Sørfold i Nordland
  • Pengar til ny tunnel på E134 mellom Røldal og Seljestad i Ullensvang. Kostnadsramme på 4,9 milliardar.
  • 300 millionar til førebuande arbeid for fellesprosjektet Arna-Stanghelle. Rekna å kosta totalt 33,2 mrd.
  • 60 millionar til oppstart av rassikring av vegen Rødsliane i Suldal (tunnel)
  • 86,7 millionar til byvekstavtale for Kristiansand
  • Et mindre beløp til nytt løp i Oslofjordtunnelen. Total ramme på 6,5 mrd.

Landbruk og mat

  • 63 millionar til bygging av kornlager

Kommunal og distrikt

  • 40 millionar ekstra til breibandsutbygging. Bevillinga blir då på totalt 400 mill.
  • 137 millionar til rehabilitering av Bergen Tinghus. Total ramme på 1,18 mrd.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger