Regjeringa har fått så øyra flagrar for at ho har skattlagt næringsliv og bedrifter hardare det siste året. Størst gehør har den ekstra kraftskatten fått, ettersom straumprisane og dermed kraftinntektene har auka veldig.
Langt større splitting, også internt, har lakseskatten skapt. Også den ekstra arbeidsgivaravgifta på inntekter over 750.000 har fått hard kritikk.
Men no kan Ap komme til å gå inn for fleire nye skattar og avgifter.
Til landsmøtet som blir innleidd i Folkets Hus på Youngstorget torsdag, ligg det nemleg føre forslag om å på nytt innføre ei arveavgift og auke skattane for næringar som utnyttar norske naturressursar:
- Vestland Ap meiner det må innførast «grunnrenteskatt på havvind og straumkablar på sokkelen». Det same vil Oslo Ap.
- Larvik Ap vil ha grunnrenteskatt på uttak av stein – og har fått støtte frå fylkeslaget i Vestfold og Telemark til «grunnrenteskatt på uttak av mineral».
- Fleire partilag, blant dei Stavanger Ap, vil innføre ei ny form for arveavgift. I Trøndelag tek AUF til orde for ein «generasjonsskatt ved mottak av store formuar». I tillegg til å innføre ein nasjonal eigedomsskatt, der inntektene fell til kommunen, vil AUF i Trøndelag også fjerne høvet kommunane har til å justere ned satsen i formuesskatten.
- Oslo Ap ønskjer ei «gjennomgripande endring av skattesystemet», der skattegrunnlaget skal vridast over frå arbeid til eigedom.
Mineral
Grunnrenteskatt blir betalt av inntekter ein får ved å utnytte naturressursane til fellesskapet, som vatn, vind og hav.
Uttrykket kjem frå det engelske «ground rent», altså jordleige eller landsleige.
I Larvik, der det i årevis har vore henta ut mellom anna larvikitt frå fjellet, har Ap teke til orde for å innføre ein kommunal grunnrenteskatt på uttak av stein. Forslaget har tilslutning frå fylkeslaget i Vestfold og Telemark.
– Når lokallaget i Larvik tek til orde for dette, så speler vi det gjerne vidare til landsmøtet for behandling, seier fylkesleiar Truls Vasvik til NRK.
Han seier det er naturleg å ta diskusjonen om grunnrenteskatt på uttak av stein og mineral i samanheng med den store debatten om grunnrente på kraft, vind og havbruk.
– Men vi nemner ikkje stein direkte i innstillinga frå fylkesstyret, og det er jo ikkje noko som heiter kommunal grunnrente. Samtidig er det jo eit godt prinsipp at når ein haustar av ressursane i fellesskapet så skal noko komme tilbake til fellesskapet, seier Vasvik.
Han er til dagleg stortingsrepresentant for Ap.
– Utømmeleg mjølkeku
Men finanspolitisk talsperson for Høgre Henrik Asheim meiner forslaga viser eit parti som kvar gong det skal lage ny politikk, først må sjå på kven som skal betale for det.
– Dette er ein sum som gjer at både vanlege familiar og folk, men også bedriftene og arbeidsplassane våre, kjem til å få kraftige skatteaukar viss alt dette blir vedteke, seier han til NRK.
– Det er eit parti som no ser på privat sektor som ei utømmeleg ku som dei berre kan mjølke.
Asheim meiner det er feil at dei som arvar pengar, skal betale skatt av den arven.
– Dei skal betale skatten når dei har pengane, seier han.
Høgre-nestleiaren fryktar innføringa av grunnrente på havbruk skal opne døra også for slik skatt på andre bransjar.
– Eg håpar eigentleg at Ap høyrer litt på Sps landsmøte, som vedtok lågare skattar og avgifter for næringslivet.
– Men utan desse skattane blir det mindre pengar igjen til velferd, meiner Ap?
– Det er feil, rett og slett. Vi skal først skape dei verdiane før vi kan fordele dei. Og det å ha eit skattesystem som er konkurransedyktig, som gjer at vi skaper arbeidsplassar og verdiar, er den beste føresetnaden for også å få skatteinntekter, seier Asheim.
– Gode prinsipp
Vestland Ap står bak det mest omfattande forslaget om grunnrente på havvind. Utbygginga av norsk havvind er i startfasen.
– Tener du pengar på norske naturresursar, skal du bidra med ein del til tilbake til fellesskapet, på lik linje med ordningane vi har innanfor vasskraft og som no kjem på vindkraft på land.
Det seier nestleiar Helge Robert Midtbø i Vestland Ap. Han meiner dette er «grunnleggjande og gode prinsipp» å ha med seg når havvind skal byggjast ut.
– Men dette er jo ei ny næring i oppstartsfasen, og som ikkje blir lønnsam i starten. Vi må openbert ikkje gjere det slik at vi legg så store bører på skuldrene til aktørane at vi ikkje kjem ut av startblokkene på ei såpass viktig næring som dette blir for Noreg framover.
Ordlyden i forslaga frå Vestland og Oslo er lik: «Det må innførast grunnrenteskatt på havvind og straumkablar på sokkelen».
Blir bygd ut
Olje- og energidepartementet er no i gang med å tildele dei to første havvindfelta i Noreg, med kapasitet på til saman 3 gigawatt til å byrje med. Regjeringas mål for havvind er i dag på 30 gigawatt installert effekt innan 2040.
Olje- og energiminister Terje Aasland har avvist at det er aktuelt å innføre grunnrenteskatt på havvind i dei to områda som no skal lysast ut.
Det gjeld Sørlige Nordsjø 2, som ligg 20 mil frå norskekysten ned mot havgrensene til Danmark og Tyskland, og dessutan Utsira nord utanfor Haugesund.
– Vi har sagt at grunnrente ikkje skal innførast av oss på havvind, og det er også føresetnaden når vi lyser ut områda, sa Aasland (Ap) til nettstaden Europower i mars.
Også i innstillinga frå Aps sentralstyre til landsmøtet heiter det at «grunnrenteskatt på havvind ikkje er aktuelt på noverande tidspunkt». Men dei stengjer ikkje heilt døra i innstillinga si til landsmøtet:
« ... dersom det på eit seinare tidspunkt er det forventa grunnrente i vindkraft til havs, kan ein grunnrenteskatt sørgje for at ein større del av overskotet i næringa blir henta inn til fellesskapet ...», heiter det.
Seier nei til arveavgift
Noko av det første Erna Solberg (H) gjorde då ho overtok makta i 2013, var å avskaffe arveavgifta. Men diskusjonen lever vidare etter at skattekommisjonen nyleg foreslo ein skatt på arv, med eit høgare botnfrådrag enn før.
Frå dagens Ap/Sp-regjering har bodskapen vore tydeleg ved fleire tilfelle: det kjem ingen nye skatteaukar.
Så seint som denne veka avviste finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) overfor NRK at det vil bli nokon ny bustadskatt.
Frode Jacobsen, finanspolitisk talsperson for Ap på Stortinget, seier det verken er planar om arveavgift eller grunnrenteskatt på havvind.
– Det er bra at partiorganisasjonen fremjar forslag til landsmøtet. Men det programmet Ap gjekk til val på i 2021 og som vi styrer landa på no, inneheld ikkje nokre forslag om arveavgift, seier han til NRK.
– Kva med grunnrenteskatt på havvind?
– Det er mange skatteforslag som er diskuterte, også etter at skatteutvalet la fram innstillinga si i fjor haust, seier han, og legg til:
– Det vi kan seie no, er at det kjem ikkje nokon nye, store skatteendringar og nye skattar frå regjeringa no i den næraste tida.
– Kva har du å seie til Høgre?
– Høgre stemde for 80 prosent av skatteendringane til regjeringa. At Høgre påstår at regjeringa skaper uvisse og uro, er spinn og politisk tomsnakk. Høgre bør vere ærlege på kva dei gjer og tørre å stå for det.
Asheim går også i rette med beskrivinga av at Høgre sjølv har gått god for mange av skatteaukane.
– Når straumprisen er veldig høg og kraftselskapa tener store pengar som vi skal betale ut gjennom straumstøtte, er det heilt rett å seie at dei skal betale meir i skatt. Det har vi vore med på, seier han.
– Men vi har vore mot å auke arbeidsgivaravgifta på lønningar over 750.000 kroner. Vi har vore mot auka utbytteskatt og formuesskatt.