Hopp til innhold

Ap-flørt vekker skepsis og støtte i KrF: – Ikkje veldig sannsynleg

KrF-leiar Knut Arild Hareides Ap-sympatiar vekker både skepsis og støtte i KrFs landsstyre. Sentralstyremedlem i KrF, Karin Bjørkhaug, meiner at KrF må halde døra open for venstresida.

Knut Arild Hareide med ny bok

KrF-leiar Knut Arild Hareide lanserte si nye bok tysdag.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

– Vi har mykje å hente på å samarbeide med venstresida, primært Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Det er viktig at den døra står open, seier sentralstyremedlem Karin Bjørkhaug frå Sør-Trøndelag KrF.

Denne helga skal Kristeleg Folkepartis landsstyre ta stilling til kva politisk prosjekt partiet skal gå for og kva saker dei skal prioritere.

Men det som har fått mest merksemd dei siste dagane, er kva retning partiet skal gå når det gjeld val av samarbeidspartnarar på høgre- eller venstresida i norsk politikk.

Ei ringerunde NRK har gjort i KrFs landsstyre, viser at det er store sprik mellom kva folk i partiet ønskjer. Og mange vil framleis halde korta tett til brystet om retningsval.

Hvilke side i norsk politikk velger Knut Arild Hareide ?

Sjå debatten om KrFs vegval i Politisk Kvarter torsdag 27. september.

– Ap har bevegd seg meir mot sentrum

Karin Bjørkhaug i Sør-Trøndelag har ikkje lese den ferske boka til KrF-leiar Knut Arild Hareide, men er ikkje så overraska over signala media har henta ut av boka om at Hareide heller mot å samarbeide med den politiske venstresida.

– Eg har gitt uttrykk for dette sjølv, seier ho.

Karin Bjørkhaug (Krf)

Karin Bjørkhaug frå Sør-Trøndelag er sentralstyremedlem i KrF. Ho likar signala frå Knut Arild Hareide om å vere open for å samarbeide med venstresida nasjonalt.

Foto: Nareas Sae-Khow / NRK

Som fylkespolitikar for KrF i Sør-Trøndelag er ho vand med å samarbeide med Ap, Sp, SV og Miljøpartiet Dei Grøne. Og i Trondheim og Bergen samarbeider KrF også med Ap og andre parti.

– No skal vi først tydeleggjere vårt politiske prosjekt, men når det gjeld konstellasjon, har vi sagt at vi vil regjere med Høgre og Venstre, men ikkje Frp. Så har Høgre gått inn i samarbeid med Frp, og slik bevegd seg meir mot høgre og fått meir avstand til oss. Samstundes har Ap bevegd seg meir mot sentrum.

Bjørkhaug peikar på saker som sorteringssamfunnet, eit inkluderande samfunn og kampen mot fattigdom som viktige saker for KrF å satse på. SV ser ho på som meir krevjande å samarbeide med, samstundes som dei to partia til dømes har miljøpolitikken til felles.

Les utdrag av Hareides bok her.

– Hareide opnar for ein tredje veg

KrFU-leiar Martine Tønnessen er derimot overraska over Hareides bodskap i boka om venstresida. Då KrFU nyleg vedtok å rå moderpartiet til å gå inn i Solberg-regjeringa, hadde dei to alternativ: å bli i opposisjon eller gå i regjering.

– No tolkar eg Hareides bok slik at han opnar opp for ein tredje veg mot venstresidas som eg ikkje har sett som veldig sannsynleg. Men eg har respekt for at partiet må ta denne prosessen, seier Tønnessen.

Ho meiner det er bra om Hareide kjem med eit tydeleg signal til landsstyret fredag om kva han primært tenker om samarbeidspartnarar.

Leder i KrFU: Martine Tønnessen

KrFU-leiar Martine Tønnessen meiner KrF bør gå inn i Solberg-regjeringa.

Foto: Mathilde Pettersen

Trur Hareide vil peike på Ap

KrF er eit parti i djup krise, meiner Åshild Mathisen, tidlegare redaktør i Vårt Land og no kommentator i Morgenbladet.

– Krisa er så djup no at eg trur Hareide kjem til å peike mot venstre, og kanskje til og med få gjennomslag, seier Mathisen i Politisk Kvarter torsdag morgon.

– Om partiet ikkje vil vere med på det, må dei kaste Hareide. Og dei har ingen alternativ til partileiar der ute i dag som vil ta over eit så splitta parti, seier ho.

– Den sikraste måten å kome under sperregrensa

Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk ser ikkje vekk frå at det kan bli ein realitet.

– KrF har ikkje tradisjon for å kaste partileiarar, så eg trur han kan få med seg partiet om han viser ei klar retning. Men i så fall er han norsk politikks største gamblar, sjølv om dei er mot gambling i sitt partiprogram, seier han.

Selbekk meiner eit Ap-samarbeid er den aller sikraste måten å få KrF under sperregrensa på ved neste val.

– I grunnfjellet til partiet, langs kysten frå Telemark til Møre og Romsdal, er veljarane i stor grad borgarleg og ikkje-sosialitisk innstilt, seier Dagen-redaktøren.

Overraska over Ap-tolking

Fylkesleiar i Hordaland, Dag Sele, er overraska over at media les partileiar Knut Arild Hareides ferske bok som at han så tydeleg vil samarbeide mot venstresida.

– Eg oppfattar det slik at han på godt sentrumsvis markerer at partiet her har høve til å få til gode samarbeid i mange retningar. Sjølv vil eg vente med å konkludere, eg vil høyre kva Hareide seier sjølv, seier Sele.

Dag Sele

Dag Sele er fylkesleiar i Hordaland KrF. Han tolkar Hareide til å ville samarbeide begge vegar.

Foto: Elise Angell / NRK

Han får støtte frå Svein Iversen, fylkesleiar i Troms og Finnmark, som er oppteken av å ikkje klistre KrF til enten høgre- eller venstresida retorisk.

– Eg forstår det slik at Hareide understrekar sentrumsposisjonen som tyder at vi skal kunne samarbeide både mot venstre og høgre. Det har eg også gitt uttrykk for i mange samanhengar, seier Iversen.

Forventar tydeleg råd

Sele er spent på kor tydeleg Hareide vil vere under sin tale til landsstyremøtet fredag.

– Eg forventar at han gir nokre signal.

– Ønskjer du eit tydeleg råd for val av samarbeidspartnarar?

– Ja. Det har vakse fram eit ønskje frå mange om at leiinga blir tydelegare. Samstundes har eg stor forståing for at han ikkje har vore tydelegare på eit tidlegare stadium. Det vil for mange vere viktig kva råd han gir og korleis han summerer opp det som er viktig for partiet, seier Sele.

Nei til Frp

KrFUs råd om å gå i regjering får førebels ikkje så stor støtte blant dei andre i landsstyret som NRK har snakka med. Alle ønskjer at KrF skal søke regjeringsmakt, men ikkje for ei kvar pris.

Erik Næs, fylkesleiar i Telemark, meiner at KrF må halde fast på landsmøtevedtaket om å ikkje gå i regjering med Framstegspartiet, eventuelt fram til landsmøtet sjølv endrar på dette. Før helga vil han ikkje sjølv svare klarare på kva retning han vil at partiet skal gå i.

– Sakene eg er oppteken av er menneskeverd og å legge til rette for ein god velferdsstat, seier Næs.

Sentralstyremedlem Hilde Ekeberg meiner det er meiningslaust å diskutere retningsval før den politiske strategien er vedteken. Kva politisk retning partiet skal gå i, avheng av heilskapen og ikkje enkeltsaker, meiner ho. Ho forventar at Hareide seinare vil kome med eit tydeleg råd for retningsval.

– For partiet sin del vil partileiar sin tilråding ha stor betydning for utfallet av saka, seier Ekeberg.

Les meir: KrF-profiler frykter Hareide gjør alvor av flørting: Sender eposter med advarsler

Skule og menneskeverd

Blant dei 19 personane i landsstyret NRK har vore i kontakt med, er det ingen som peikar på saker som Israel og kampen mot ekteskapslova som viktige saker. Dette er saker som tradisjonelt blir rekna for viktig for ein del veljarar på Vestlandet og Sørlandet.

Berre to nemner abort eller abortgrensa: Espen Andreas Hasle, fylkesleiar i Oslo, og Svein Iversen, fylkesleiar i Troms og Finnmark KrF.

Svein Iversen, leder for sentralstyret i Motorførernes Avholdsforbund

Svein Iversen, fylkesleiar i Troms og Finnmark KrF.

Foto: Knut Klevstad

Iversen er elles oppteken av familiepolitikk, bioteknologi, retten til å gå på privatskule og distriktspolitikk. På Hasles liste står først og fremst skulepolitikk, menneskeverd, berekraftig utvikling, godt helsevesen og eldreomsorg.

– For meg er ikkje Israel ei hovudsak. Eg er oppteken av Israel og jødars tryggleik, men det er ikkje det viktigaste KrF jobbar mot. Når det gjeld kampen mot ekteskapslova må vi klare å tenke at det er ulike syn i KrF på dette spørsmålet, seier Hasle.

AKTUELT NÅ