Prisen vart delt ut søndag i Los Angeles, og er ifølgje filmmagasinet Rushprint verdas mest prestisjefylte fagpris for lydarbeid.
- Les også: «Kongens nei» er årets mest sette film
- Les også: «Kongens nei» ikke nominert til Oscar
Danka ut Oscar-kandidat
«Kongens nei» vann for beste lyd- og musikkredigering i klassa for framandspråkleg film, og prisen går til Poppe og heile lydlaget hans, blant dei Christian Schaanning.
Med det danka «Kongens nei» blant anna ut «Toni Erdmann», den tyske filmen som er blant dei fem som er blant Oscar-kandidatane som beste utanlandske film.
Jesper Christensen og Erik Poppe i samtalar under innspelinga av «Kongens nei».
Foto: Torunn Myhre / NRKDet er fagorganisasjonen Motion Picture Sound Editors som står bak Golden Reel-prisen. Den vert delt ut i innspurten til Oscar-racet, og fleire av storfavorittane til Oscar markerte seg også her.
Blant anna gjekk to lydprisar til Mel Gibsons «Hacksaw Ridge» og ein til «La La Land» som begge er Oscar-nominert i kategorien for beste lydredigering, melder Hollywood Reporter.