Hopp til innhold

– Underminerer tilliten til USA

– Lekkasjane frå amerikanske diplomatar kan fullstendig underminere tilliten til at det går an å samarbeide med USA, seier PRIO-direktør Kristan Berg Harpviken.

Kristian Berg Harpviken

Kristian Berg Harpviken er direktør ved Institutt for fredsforsking, PRIO.

Foto: NRK

Direktøren ved Institutt for fredsforsking (PRIO) meiner avsløringane er pinlege i seg sjølv, men at det kan få alvorlege konseveksar for amerikansk diplomati.

Avslører amerikanske arbeidsmåtar

– Diplomatiet er basert på tillit. Så når dei sender denne typen personkarakteristikkar frå ein gitt hovudstad, av personar dei gjerne har ein hyggjeleg middag med, så er det med på å underminere tilliten til amerikansk diplomati, seier Harpviken.

LES OGSÅ: - Kan skade USA alvorleg

LES OGSÅ: Slik ble 250.000 av USAs hemmelige dokumenter lekket

Han meiner det verste er at Wikileaks-dokumenta kan avsløre amerikanske arbeidsmåtar, og at det kan bli vanskeleg å gjenopprette tilliten til at ein kan samarbeide med USA, utan at det blir lekkasjar.

– Kan bli delikat situasjon

Når det gjeld dokumenta frå den amerikanske ambassaden i Oslo, så er det ikkje kjent kva som har kome ut. Men dersom det kjem noko om den amerikanske overvakinga av norske borgarar, trur Harpviken det kan skape ein vanskeleg situasjon.

– Kjem det noko konkret nytt her, slik at opplysningar som kanskje politikarar har, blir kjende for alle, då kan det blil ein svært delikat situasjon i forholdet mellom USA og Noreg. Det kan bli eit press som kan bli vanskeleg å handtere for den norske regjeringa, seier Kristian Berg Harpviken.

LES OGSÅ: – Få slutt på Irans atomvåpenplaner i 2010, ellers?

LES OGSÅ: – Putin og Medvedev er «Batman og Robin»

LES OGSÅ: – Iran fikk raketter av Nord-Korea

AKTUELT NÅ