Hopp til innhold

– Inga moralsk plikt å politimelde

Så lenge Framstegspartiet har kontakta politiet, har dei verken juridisk eller moralsk plikt til å politimelde overgrepsklager, meiner strafferettsekspert.

Frp-leder Siv Jensen

Frp-leiar Siv Jensen meiner partiet har gjort det dei er plikta til å gjere i Birkedal-saka, og får støtte frå strafferettsekspert Jo Stigen.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Vi har ingen rettslege plikter om å gå til politiet når vi veit om at det har skjedd noko kriminelt, seier jusprofessor Jo Stigen ved Universitetet i Oslo.

Trond Birkedal

Trond Birkedal har vedkjent at han filma fleire personar utan at dei visste om det, men nektar for overgrep mot mindreårig.

Foto: FrP
Framstegspartiet ved Siv Jensen, Per Sandberg og Geir Mo

Frp kalte inn til pressekonferanse i går, der partileiar Siv Jensen stilte opp saman med nestleiar Per Sandberg og generalsekretær Geir Mo.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

Norsk presse har kravd å få vite korleis Frp har handtert saka der Frp-politikar Trond Birkedal er sikta for seksuell omgang med mindreårige , og for å ha filma unge menn på sitt eige bad , utan at dei visste om det.

Det har ikkje Frp ønskt å kommentere, men viser til at dei har følgt sitt eige regelverk i saka.

– Ikkje moralsk plikt å politimelde

Ein no 17 år gamal gut meiner Birkedal forgreip seg på han på ein sommarleir for to år sidan. Dette skal ha skjedd då fornærma var under 16 år.

I går stadfesta Frp-leiinga at dei har kjent til saka sidan eit møte for eitt og eit halvt år sidan, men heldt fram at det ikkje er deira ansvar å politimelde.

– Framstegspartiet politimelder aldri saker. Det står heller ikkje i regelverket vårt at vi skal gjere det. Vi oppfordrar dei som meiner seg fornærma, om å gjere det, sa ho.

Stigen meiner at så lenge Frp-leiinga har gitt den informasjonen dei hadde til politiet, har dei heller ikkje ei moralsk plikt til å politimelde.

– All den informasjon vi sit på, er formidla til politiet, sa Frp-leiar Siv Jensen på pressekonferanse om Birkedal-saka i går.

– Då meiner eg at dei også moralsk sett har gjort det dei bør vere forplikta til, seier Stigen.

Moralsk plikt å melde frå

Det er dermed eit spørsmål om når Frp gjekk til politiet med den informasjonen dei hadde. Det ville ikkje Siv Jensen gi eit krystallklart svar på under pressekonferansen i går.

– Då denne saka vart kjend, kom det påstandar som var heilt ukjende for Frp. Undervegs har det kome andre påstandar som vi har kjent til, og som vi har gitt råd og rettleiing om tidlegare, sa ho.

Jusprofessor Stigen understrekar at Frp heilt klart er moralsk forplikta til å gå til politiet med påstandar, sjølv om ein ikkje formelt politimelder forholdet.

– Seksuelt misbruk av ein 15-åring er så grovt at det må vere ei moralsk plikt å melde frå. Og då kan det også vere ein grunn til å gå vidare med at ein kanskje i alle fall fryktar at dette er noko som kan skje igjen. Det er forhold her som gjer at den plikta er ekstra tydeleg, slik eg ser det, seier han.

Birkedal var tidlegare leiar av Framstegspartiets Ungdom (FpU), og fram til denne veka ordførarkandidat for Frp i Stavanger. Han har trekt seg frå alle verv etter at saka om han kom fram i media.

AKTUELT NÅ