Hopp til innhold

Lerø: - Frp har handtert saka rett

Redaktør Magne Lerø i vekeavisa «Ledelse» meiner Siv Jensen og Frp har handtert Birkedal-saka på ein god måte. Men han møter motbør frå NRKs Kyrre Nakkim og Marie Simonsen frå Dagbladet.

Video Diskuterte Frp i Dagsnytt 18

VIDEO: Sjå diskusjonen i Dagsnytt 18. Frå venstre Magne Lerø, Kyrre Nakkim og Marie Simonsen. Programleiar er Sigrid Sollund.

Magne Lerø

Magne Lerø synest Frp-leiinga har handtert denne saka bra.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Dei tre kommentatorane møttest til duell i Dagsmuytt 18 på NRK P2 i kveld, og Lerø var den einaste i panelet som meinte at Frp-leiinga har kome godt ut av handteringa av denne saka.

LES OGSÅ: - Behandlet som andre saker

- Same som andre organisasjonar

- Dei har handterkt denne saka rett. Det er mange ulike saker, og no seier Siv Jensen at ho vil ha oversikt og at politiet må få gjere jobben sin. Det er akkurat same standpunkt som alle organisasjonar har i slike saker, sa Magne Lerø.

Lerø meiner at partiet har handtert denne saka mykje betre enn til dømes Søviknes-saka for nokre år sidan, og at det viser at partiet har lært.

Marie Simonsen, morgenkåsør i P2

Marie Simonsen er politisk redaktør i Dagbladet.

Foto: Lisa Strindberg

Politisk redaktør i Dagbladet, Marie Simonsen, meiner leiinga i Framstegspartiet har behandla denne saka like dårleg som Søviknes-saka.

- Dei laug om kva dei visste om Søviknes-saka, og no ser det ut som om at dette gjentek seg. Dei kjende til påstandar om overgrep, og at fleire i partiet har reagert på rykta som har gått om Birkedal, sa Simonsen i debatten.

LES OGSÅ: – Partiet slår sprekker

LES OGSÅ: Avviser at Frp har gjort noe galt

- Endra forklaring

Ho meiner at det var lite nytt som kom fram på pressekonferansen i ettermiddag, men slår fast at Siv Jensen har endra forklaringa si, at ho først sa at det ikkje var opplysningar som ga grunn til uro. Simonsen stiller også spørsmål om at ein 15-åring blir oppfordra til å gå til politiet.

Kyrre Nakkim

Kyrre Nakkim er politisk kommentator i NRK.

Foto: Halvard Sandberg / NRK

Ho meiner at Siv Jensen fint kunne ha sagt at dei kjende til nokre av påstandane, men i staden sa dei at dette kom som lyn frå klar himmel. Så gradvis har det kome fram at det ikkje kom så overraskande likevel.

- Dette viser at kulturen frå Søviknes-saka framleis er der, sa Marie Simonsen i Dagsnytt 18.

- Pressa partileiing

NRKs politiske kommentator Kyrre Nakkim meiner at partileiinga i Frp no er pressa, og at partiet no blir meir pressa for kvar time som går. Han er spesielt oppteken at Fremskrittspartiet Ungdom ikkje er ein vanleg organisasjon, men ein organisasjon der det er svært unge menneske med.

- Det er viktig å hugse at vi snakkar om ungdom her, og ein må vere ekstra på vakt. Då held det ikkje at partiet seier at dei har fylgt sitt eige regelverk, seier han.

Kyrre Nakkims kommentar: Noen i ledelsen må ta ansvar

LES OGSÅ: Advokaten: – Frp-ledelsen visste

AKTUELT NÅ