NRK Meny
Normal

Vil ha to vekers varetektsfengsling for tippekommisjonæren

Tippekommisjonæren som vart arrestert i går er framstilt for varetektsfengsling i to veker.

Razzia mot tippekommisjonær i Oslo sentrum

Mannen i 50-åra vart arrestert etter at politiet gjennomførte ein razzia ved denne kommisjonæren.

Foto: NRK

Advokat Morten Furuholmen

Morten Furuholmen er utnemnd til forsvararen til mannen.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Tippekommisjonæren i 50-åra vart i dag framstilt for fengsling i to veker med brev- og besøksforbod.

Han seier at han sjølv ikkje har kjennskap til å ha gjort noko ulovleg.

– De sikta erkjenner ikkje straffskuld etter siktinga, seier forsvarar Thomas Øiseth til NRK.no.

– Han avviser å ha kunnskap om kampane som er omtala, seier Morten Furuholmen, som er den overordna forsvararen i saka.

Dreiv forretninga i mange år

Mannen som er varetektsfengsla er ein etnisk norsk mann i midten av 50-åra. Han har drive forretninga i mange år, og er ein av dei største tippekommisjonærane i Noreg.

Det var i går at politiet arresterte mannen etter å ha gjennomført ein razzia i tippekiosken.

– Han er sikta for å ha medverka til manipulasjon i resultatet i fotballkampar, sa politiadvokat Christian Stenberg til NRK.

NRK er kjend med at mannen har vore i søkjeljoset til politiet ein god stund.

Tippekiosken kommisjonæren eig er no suspendert, og det er ikkje lenger mogleg å spele der.

Siktinga og razziaen er eit ledd i kampfiksingsskandalen i norsk fotball som vart rulla opp i sommar. Førebels er fem personar arresterte i tilknytning til saka.

Lotteritilsynet følgjer saka

Lotteritilsynet skriv i ei pressemelding at dei følgjer kampfiksingssaka nøye, og ser alvorleg på at politiet har sikta ein Norsk Tipping-kommisjonær for medvirkning til kampfiksingssaka.

– Det viktigaste no er at det vert rydda opp i denne saka. Problemet må først og framst løysast av idretten sjølv, men Lotteritilsynet vil kome med innspel dersom me ser behov for endringar eller manglande etterleving av gjeldande regelverk, skriv Lotteritilsynet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger