Hopp til innhold

Politisjef: – Vi ville ikkje ha takla væpna aksjonar til sjøs

Fleire politidistrikt her i landet ville hatt store problem dersom dei måtte rykkje ut på væpna politiaksjonar borte frå fastlandet. Berre tre politidistrikt nord for Hordaland har politibåtar på sjøen.

Dagsrevyen-reportasje om politibåtberedskapen. Reporter: Simon Solheim.

VIDEO: Politiet taklar ikkje væpna utrykningar til sjøs

Vi hugsar alle bileta av politiets beredskapstropp som er på veg ut til Utøya i Nordre Buskerud politidistrikt sin raude gummibåt 22. juli i fjor. Den dagen var politiet avhengig av båt for å pågripe gjerningsmannen - men båten fekk motorstopp.

Eit år etter terroråtaket seier fleire politisjefar til NRK at dei ville hatt store problem med å takle ein væpna aksjon på sjøen.

Politibåt på veg til Utøya 22. juli 2011.

Mange hugsar dette biletet av politibåten som fekk motorstopp ved Utøya 22. juli i fjor.

Foto: NRK

- Vi hadde politibåt, men måtte selje han grunna stram økonomi. No må vi bruke private skyssbåtar, men dersom vi må rykkje ut med våpen er vi avhengige av båt- eller helikopterhjelp frå Forsvaret, seier politistasjonssjef Arne Hammer ved Bodø politistasjon.

Kjelde til frustrasjon

Politistasjonssjef ved Molde politistasjon, Per Karstein Røv, er frustrert over situasjonen. I fjor måtte dei selje den einaste politibåten i Møre og Romsdal.

Nordmøre og Romsdal politidistrikt hatt politibåt sidan 1996. Det er folkerike øyar langs kysten; distriktet dekkjer tre kystkommunar med fleire tusen innbyggjarar.

– Det er ein del oppdrag vi ikkje er i stand til å rykkje ut på fordi vi ikkje har eigen båt. Vi har avtalar med private skyssbåtar, men det hadde ikkje vore forsvarleg å bruke dei på oppdrag der vi må vere væpna. Vi kunne ikkje utsett sivile båtførarar for den risikoen, seier Røv.

Røv seier dei måtte selje båten for å få råd til å kjøpe ein ny politibil.

LES OGSÅ: Gjørv: – Rapporten blir ærlig og usminket

LES OGSÅ: Radio og TV ville samle nasjonen etter 22. juli

Brukte ni timar på kome fram til hagledesperado

4. desember i fjor brukte politiet i Vestfinnmark ni timar på å rykkje ut til ein mann som hadde avfyrt fleire hagleskot utanfor ein heimefest i Havøysund.

Politimeister Torbjørn Aas i Vestfinnmark politidistrikt.

- Det er ofte tilfeldig kva vi får tak i av båtar, seier politimeister i Vestfinnmark, Torbjørn Aas.

Foto: NRK

Politiet fekk melding om hendinga i seks-tida må morgonen, men var ikkje framme hos mannen før klokka 14.42. Mannen stakk av i ein sjark, og politiet måtte då bruke tåregass for å få mannen ut av ei hytte.

– Då brukte vi ein båt vi fekk låne av Kystverket, medan ambulansepersonell rykte ut med ei redningsskøyte. Vi har hatt fleire tilfelle der vi har hatt bruk for båt, men når vi ikkje har det sjølv, må vi vere kreative. Det er ofte tilfeldig kva båtar vi får tak i, seier politimeister Torbjørn Aas i Vestfinnmark politidistrikt.

LES OGSÅ: Gjørv: – Enkeltpersoner vil føle at ansvar blir plassert

LES OGSÅ: – Jeg har endret syn på Breivik

– Handlar om prioritering

Fleire politidistrikt har tett samarbeid med Kystvakta, 330-skvadronen og Redningsselskapet, men dei er ikkje alltid tilgjengelege dersom det hastar for politiet.

– Det handlar om prioritering, og vi har organisert oss på ein grei måte. Men det set sjølvsagt store begrensingar på korleis vi kan operere i væpna og taktiske situasjonar. Det er ikkje ideelt, seier politistasjonssjef Arne Hammer ved Bodø politistasjon til NRK.

Justisminister Grete Faremo.

Politidistrikta må prioritere, seier justisminister Grete Faremo.

Foto: NRK

På Sør- og Austlandet har politiet fleire båtar på sjøen, og i Oslofjorden er aktiviteten stor - spesielt om sommaren. Men elles i landet er det dårlegare. Det finst mellom anna ingen politibåt mellom Bergen og Trondheim.

Og i politidistriktet med landets lengste kystlinje, Midtre Hålogaland politidistrikt, er det heller ingen politibåt.

LES OGSÅ: Stoltere av å være norsk etter 22.7.

Mykje er tilfeldig

– Det er tilfeldig kva vi får tilgang til av båtar dersom vi må rykkje ut på sjøen, seier Magne Hugo Nilsen, sjef for Fellesoperativ eining i Midtre Hålogaland politidistrikt.

Helgeland politidistrikt har tre mindre politibåtar, men ingen av dei kan brukast i dårleg vêr.

– Dei toler lite og er ikkje spesielt sjøgåande. Vi slit veldig i dårleg vêr, noko det ofte er her på kysten. Vi har ikkje ressursar til å ha større og betre båtar, seier stabssjef Roar Tørgersen ved Helgeland politidistrikt.

Sør-Trøndelag politidistrikt har politibåt i bestilling, men i dag må dei ta til takke med ein liten Zodiac gummibåt på 20 hestekrefter.

Justisminister Grete Faremo (Ap) seier det er politidistrikta sitt ansvar å bruka pengane på riktig måte.

– Politiet får pengane sine av Poltidirektoratet, og dei har fått meir og meir pengar dei siste åra. Det er opp til kvar einskild politimeister å velje kva han vil bruke pengane på lokalt, seier Faremo til NRK.

AKTUELT NÅ