Hopp til innhold

– Bilambulanse viktigare enn luftambulanse

– Fokuset på luftambulansen si manglande dekning fortel ikkje heile sanninga. Dei over 500 bilambulansane vil også i framtida vere den viktigaste delen av akuttberedskapen her i landet, seier overlege Mads Gilbert.

Mads Gilbert

BILAMBULANSE: Ambulansar på vegen vil også i framtida vere viktigast her i landet, meiner Mads Gilbert.

Foto: Eskil Mehren / NRK

Gilbert er klinikkoverlege ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg i Tromsø, og han har 30 år bak seg i akutthelsetenesta i landsdelen. Han meiner NRKs reportasjar om manglande dekning for luftambulansane i utkantane gir eit heilt feil inntrykk av realitetane.

– Dei 500 bilambulansane, med ein halv million oppdrag i året, og med helsepersonell med høg kompetanse, pluss dei lokale legevaktene, er berebjelken i akuttberedskapen. På toppen av dette kjem ein viktig tilleggsressurs, ambulansefly, helikopter og redningshelikopter. Men det er ikkje desse som avgjer om folk får hjelp der dei bur, seier ein engasjert Mads Gilbert.

Gilbert viser til at utbygging av luftambulansen med nye basar er svært dyrt, og at det må vegast opp mot andre tiltak i helsestellet. Han minner om at luftambulansane har rundt 18.000 oppdrag i året, medan altså bilambulansane har 500.000 oppdrag.

– Feil fokus

Han har gjennom sitt lange virke i nordnorsk akuttberedskap igjen og igjen blitt minna om kor viktig den lokal forankra akuttberedskapen er. For, som han seier, det er mange situasjonar der det ikkje kan nyttast korkje fly eller helikopter.

– Her i Nord-Noreg er det mykje ver, det er mykje mørke, det er mange situasjonar der vi ikkje kan bruke fly. Samstundes kan vi ikkje ha så mange helikopter at det alltid er eitt tilgjengeleg. Derfor vil den lokale beredskapen alltid vere viktigast, seier overlegen.

Gilbert meiner at fokuset at ein del område fell utanfor helikopterberedskapen skapar eit feil inntrykk av korleis situasjonen rundt om i landet er. Han kallar det ein uroskapande retorikk, som berre tener til å skape argument for kravet om fleire helikopterbasar.

LES OGSÅ: Ordførere krever bedre helikopterdekning

LES OGSÅ: Hjertestans i det svarte hullet

Luftambulanse - lokalsykehus i nord

Lokal beredskap

Han seier at han er absolutt tilhengjar av å styrkje akuttberedskapen, men meiner det er feil å flytte all fokuset over på ambulansehelikopter og ambulansefly.

Den erfarne legen meiner at det viktigaste for å få betre akuttberedskap er å styrkje den lokale beredskapen, blant anna ved å sikre dei lokale sjukehusa. Helst vil han leggje luftambulansetenesta inn i spesialhelsetenesta, slik det er gjort med bilambulansetenesta.

Gilbert meiner bygging av nye luftambulansebasar må vegast opp mot andre tiltak i helsestellet.

LES OGSÅ: 166 000 får ikke legehelikopterhjelp innen 45 minutter

LES OGSÅ: Sjekk hvor lang tid legehelikopteret bruker

– Vi er fem millionar menneske her i landet. Vi bur spreidd, sjølv om dei fleste bur i byar. Vi må finne eit balansepunkt mellom dei ulike delane av akuttberedskapen, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger